Hopp til innhold

Difor var det viktig at PST tapte mot Rolfsen

– Å slå hol på journalistane sitt kjeldevern er som å tissa i buksa for å halda seg varm, meiner advokat Jon Wessel-Aas. Han rosar Høgsterett for å nekta PST tilgang til video-beslag i Rolfsen-saka.

Jon Wessel-Aas og Facebook-ytringar om Rolfsen-avgjerd

Mange reagerer på at PST ikkje får sjå video-beslaget frå aksjonen hos filmskapar Ulrik Imtiaz Rolfsen. Jurist Jon Wesse-Aas meiner det står respekt av Høgsterett si avgjerd.

Foto: NTB Scanpix / Skjermdump frå Facebook

Høgsterett kom i dag fram til at PST ikkje får bruka upubliserte filmopptak som dei tok beslag i heime hos filmskapar Ulrik Imtiaz Rolfsen den 8. juni i år.

PST har grunngjeve beslaget med at materialet har verdi for den pågåande etterforskinga av ein terrorsikta 18-åring og mot Ubaydullah Hussain, som er sikta for rekruttering til terror.

I sosiale media er det i dag mange som reagerer sterkt på at Høgsterett ikkje vil la PST sjå videoopptaka. Dette er berre eit lite knippe av dei kritiske røystene i kommentarfelta på Facebook:

«Hva med rikets sikkerhet, PST må få tilgang!!!!»

«Kjipt at PST ikke har hjemmel til å bekjæmpe terrorister ...»

«Klart at det er viktig at terroristene får drive på med rekruttering og terrorplanlegging uten at myndighetene skal legge seg bort i det. Menneskerettigheter og kildevern er jo mykje viktigare enn sikkerheten til befolkningen (..)»

– Som å tissa i buksa

Ulrik Imtiaz Rolfsen

Filmskapar Ulrik Imtiaz Rolfsen fekk i dag medhald i Høgsterett. PST får dermed ikkje bruka videobeslaget i etterforskinga si.

Foto: Poppe, Cornelius / NTB scanpix

Jurist og ekspert på ytringsfridom, Jon Wessel-Aas forstår at folk reagerer, men meiner avgjerda var både riktig og viktig.

– Heile samfunnet, også PST og politiet, har stor nytte av ei uavhengig presse. Undersøkande journalistikk bidreg til å avdekkja og førebyggja kriminalitet ved å auka forståinga for kva som skjer i lukka miljø, seier Wessel-Aas.

I det lange løp vil Høgsterett si avgjerd dermed gagna PST, meiner advokaten.

– Å gje PST tilgang til beslaget ville vore som å tissa i buksa for å halda varmen. Informasjonen journalistar sit på eksisterer fordi kjeldene har tillit til at det blir brukt til eit bestemt føremål og at det ikkje hamnar hos politiet dagen etter.

Wessel-Aas viser blant anna til journalistar som på grunn av sitt kjeldenettverk får tilgang til propagandamateriale som blir delt ut i ytterleggåande miljø – informasjon som elles ville gått heilt under radaren.

PST fryktar at terroristar får gå fri

PST deler ikkje advokaten si oppfatning.

– Avgjerda kan i verste fall føra til at me ikke tek terroristar, seier førstestatsadvokaten som representerer PST Jan Glent til NRK i dag.

Høgsterettsdommaren presiserer i avgjerda si at det var usikkert kva bevisverdi Rolfsen sine opptak har for PST. Dei hadde allereie avverja den terrorsikta 18-åringen frå å reisa til Syria.

Wessel-Aas meiner det står respekt av Høgsterett si avgjerd i dagens samfunnsklima.

– Avgjerda til Høgsterett set som ei klar avgrensing at dei ikkje kan ta beslag i journalistar sitt råmateriale som ein alminneleg etterforskingsmetode. Det er flott at me har ein domstol som står så stødig i ei tid der me har hatt fleire terroråtak, blant anna i Paris.

AKTUELT NÅ