Hopp til innhold

Difor må Breivik-observasjonen skje i fengselet

Tvungen observasjon består vanlegvis av samhandlingsaktivitetar som fotball, handarbeid og matlaging. Men Anders Behring Breivik er for farleg til til å kunne bli observert på normal måte.

Dei nye sakkunnige rettspsykiatrane fekk ikkje medhald frå Oslo tingrett i sitt ønskje om å leggja inn Anders Behring Breivik til tvungen observasjon på ein av dei regionale tryggingsavdelingane i Noreg, Dikemark psykiatriske sjukehus.

Han vil i staden få eit einmannssjukehus i Ila fengsel, ei ordning som aldri har blitt prøvd ut før.

Rammene rundt fengselsobservasjonen er førebels i støypeskeia, men omstenda vil utan tvil skilja seg vesentleg frå måten det som er normalt: samhandling med andre pasientar via ballspel, måling, matlaging og andre aktivitetar.

NRK har fått bli med inn på lukka avdeling på Brøset i Trondheim for å få eit innblikk i korleis ein tvungen observasjon normalt sett går føre seg.

– Samhandling er det viktigaste

Det er vanlegvis dei regionale tryggingsavdelingane i Trondheim, Asker og i Bergen som gjennomfører slike rettspykiatriske observasjonar.

Sikringstiltaka her er mange. Utanfor Brøset i Trondheim ragar høge gjerde, og det er sett inn fleire ulike låsar for at det ikkje skal vera mogleg å komma seg ut derifrå med berre ein nøkkel.

På innsida framtrer avdelinga som langt meir gjestmild, med grøne planter, sitjegrupper og musikkinstrument. Essensen er å nytta alle høve til å få i gang interaksjon mellom fleire pasientar.

– Det viktigaste under ein slik type observasjon er samhandling, fortel avdelingssjef på Brøset, Karl Henrik Melle.

Symjing, sløyd og sjakk

Avdelingssjef Brøset, Karl Henrik Melle

Avdelingssjef ved Brøset Regionale Tryggingsavdeling, Karl Henrik Melle.

Foto: Jon Arne Hoff Johansen / NRK

Ein psykotisk person vil nemleg ofte ha store problem med å samhandla med andre over lengre tid.

Ifølgje Melle kan samhandlinga under tvungen observasjon dermed avsløra to framtredande psykotiske trekk hjå personar med normal intelligens: påfallande oppførsel i naturlege samanhengar og vanskar med å forholda seg til andre sine perspektiv og oppfatningar .

Aktivitetsbygget er difor den naturlege arenaen for mange av observasjonane på Brøset.

Bygget rommar blant anna symjebasseng, gymsal, bibliotek og eit stort aktivitetsrom med klatrevegg, målesaker, sløydrom og kjøkken. Det er også høve til å spela sjakk.

– Gjennom eit døgn har dei hundrevis av slike situasjonar som til saman dannar grunnlaget for ei vurdering av sinnstilstanden til den sikta, fortel Melle.

Video Brøset Regionale Tryggingsavdeling

SJÅ VIDEO: Difor må Breivik-observasjonen skje i fengselet.

– Samhandling med medfangar er uaktuelt

Men massemordaren, som den 22.juli i fjor på kaldblodig vis tok livet av 77 menneske, blir rekna som så farleg at sjølv ikkje desse lukka avdelingane blir vurderte som sikre nok.

Han vil difor få einmannssjukehus i Ila fengsel, ei ordning som aldri har blitt prøvd ut før. Det vil medføra ei rekkje endringar og mykje improvisasjon. Breivik sit i dag isolert som einaste fange på høgsikringsavdelinga ved Ila fengsel, og sjølv forsvararane må treffa han bak ein glassvegg.

– Å sleppa Breivik saman med medfangar er uaktuelt, opplyser fungerande fengselsdirektør ved Ila fengsel, Gøran Nilsson.

Behandlingsteamet får overfallsalarmar

Samhandlinga vil difor utelukkande skje med det behandlingsteamet frå Dikemark som får i oppgåve å observera Breivik inne i fengselet. Dei vil kunne vera i same rom som Breivik og ha samspel med han. Men observasjonen må skje i spesielt tilrettelagde lokale, i nærleiken av den cella han sit på i dag

– Me prøver å skapa ein arena og rammer som er tilnærma like som på Dikemark sjukehus. Fengselsbetjentar vil ikkje vera til stades under observasjonen. Men fagpersonellet får overfallsalarmar og me kjem til å ha kameraovervaking i rommet, fortel Nilsson.

Ila fengsel er no i samtalar med Dikemark om kva for nokre aktivitetar fengselet bør leggja til rette for, og i kva grad det lét seg gjera i eit tryggingsperspektiv.

Observasjonen av Breivik kan gå føre seg i opptil fire veker og må vera avslutta innan utgangen av mars i år. Rettssaka startar 16.april.

AKTUELT NÅ