Hopp til innhold

Diesen: Spekulativt og usannsynleg

Tøv og oppspinn, kallar den tidlegare forsvarssjefen opplysningane frå WikiLeaks om at USA fekk tommelen opp for kampfly-kontrakt med Noreg medan forhandlingane framleis pågjekk.

Forsvarssjef Sverre Diesen

Tidlegare forsvarssjef Sverre Diesen seier Noreg hadde alt å tena på at amerikanarane oppfatta kampfly-forhandlingane som ein konkurransesituasjon. Her saman med Charles T. Burbage i Lockheed Martin Aeronautics Company (t.h.) og kommunikasjonsdirektør Hans Rosén i svenske Gripen International medan forhandlingane framleis pågjekk.

Foto: Åserud, Lise / SCANPIX

I ein hemmelegstempla WikiLeaks-dokument sitert av svenske Aftonbladet, står det å lesa at statssekretær Espen Barth Eide «privat har gjeve alle signal om at Noreg kjem til å velja det amerikanske jagarflyet F-35».

Desse signala skal statssekretæren ha gjeve til ein amerikansk general i oktober 2008 - før den endelege avgjersla i kampfly-saka var annonsert.

– Med min kjennskap til denne saka og til statssekretær Eide vil eg karakterisera desse opplysningane som spekulative og heilt usannsynlege, seier Sverre Diesen, som var norsk forsvarssjef då kampfly-forhandlingane pågjekk.

– Sverige blei rundlurt

John Berg

Forsvarsanalytikar John Berg meiner Sverige aldri var med i kampen om kampfly-kontrakten med Noreg.

Foto: NRK

Det var den svenske jagarflymodellen «JAS Gripen» og USA-produserte «F-35 Joint Strike Fighter» som blei peikt ut av regjeringa som dei to alternativa til å erstatta dagens F-16 flåte.

I november 2008 kunngjorde den norske regjeringa at det var USA som stakk av med milliardkontrakten.

Forsvarsanalytikar John Berg seier det er riktig at Sverige blei rundlurt av Noreg og USA, slik dei nye WikiLeaks-avsløringane framheld.

– Det var ingen reell konkurranse, seier Berg.

– Tøv og oppspinn

F-35 Joint Strike Fighter

F-35 Joint Strike Fighter er produsert av amerikanske Lockheed Martin Aeronautics Company.

Foto: Lockheed Martin

– John Bergs meget spesielle oppfatning av kampflysaka får stå for hans eiga rekning. Dette er berre tøv og oppspinn, uttaler den tidlegare forsvarssjefen Diesen.

Han er klinkande klar på at konkurransen mellom amerikanske F-35 og svenske JAS Gripen var høgst reell, og påpeiker at det ville vore taktisk dumt av Noreg å gje innsideopplysningar før forhandlingane var avslutta.

– Me hadde alt å tena på at amerikanarane oppfatta dette som ein konkurransesituasjon for å oppnå best mogleg pris, seier Diesen.

Stoltenberg: – Amerikanarane må svara for seg

Video Intervju med Stoltenberg

Innkjøpet av nye jagarfly har vore ein ryddig og ordentleg prosess heile vegen, hevdar statsminister Jens Stoltenberg (Ap).

Statsminister Jens Stoltenberg meiner USA umogleg kan ha fått informasjon om jagarflykjøpet på eit så tidleg tidspunkt.

– Regjeringa bestemte seg for amerikanske F-35 svært kort tid før dette blei kunngjort. Det veit eg, for eg var sjølv med på å ta den avgjersla, seier statsministeren til NRK.

Er det ikkje då pussig at amerikanarane har konkludert med at slaget var vunne før den offisielle tildelinga av kontrakten?

– Det må amerikanarane sjølve svara på. Det eg er heilt sikker på er korleis den interne prosessen i regjeringa har vore. Den har vore ryddig og ordentleg heile vegen, og me har lagt til grunn strenge kriterier for kva flytype me skulle enda opp med til slutt, svarar Stoltenberg.

– Tull frå WikiLeaks

Wikileaks nettside med diplomatmeldinger

Varslarnettstaden WikiLeaks slepp no enorme mengder hemmelegstempla informasjon frå amerikanske ambassadar verda over.

Foto: Wikileaks (skjermdump)

Varslarnettstaden WikiLeaks offentleggjer i desse dagar mange tusen dokument som USA sine diplomatar har send tilbake til Washington. Det dreier seg blant anna om vurderingar av leiarane i landa og situasjonane der.

At dei nye opplysningane om skittent norsk spel i kampflysaka stammar frå amerikanske diplomatrapportar, beviser ingenting meiner Diesen.

– Det pågår svært mykje dårleg analysearbeid på amerikanske ambassadar rundt om i verda.

Diesen langar også ut mot varslarnettstaden WikiLeaks, som står bak lekkasjen.

– Eg tykkjer det er nedslåande at alle tek for god fisk det spekulative tullet som WikiLeaks kjem med.

– Svensk fly ikkje tilfredsstillande

Då regjeringa stadfesta at USA blei den nye leverandøren av jagarfly til det norske Luftforsvaret, forklarte dei valet med at amerikanske JSF F-35 er det einaste av dei to alternativa som tilfredsstiller krava som regjeringa har sett til dei nye norske kampflya.

– Joint Strike Fighter vert vurdert som betre enn svenske Gripen på alle hovudoppgåver, sa forsvarsminister Anne-Grete Strøm-Erichsen (Ap) i ei pressemelding i november 2008.

– Enklare med svensk kontrakt

JAS 39 Gripen. Svensk jagerfly

Det svenske jagarflyet JAS Gripen tapte kampen mot USA om milliardkontrakt med Noreg.

Hovudoppgåvene til den norske kampflyflåten gjeld informasjonsinnhenting og overvaking og nedkjemping av mål i lufta, på bakken og på havoverflata.

– Dei fagmilitære ønskte seg det amerikansk produserte jagarflyet F-35, fordi dei oppfatta dette som eit teknisk betre fly. Dette fekk dei til slutt gjennomslag for, men frå politisk hald var svenske JAS Gripen eit meget reelt alternativ, fortel Diesen.

– Alle med innsikt i politikk forstår at det ville vore langt enklare å kjøpa den nye flåten frå Sverige, legg han til.

Støre oppteken av integritet

 Jonas Gahr Støre (Ap)

Utanriksminister Jonas Gahr Støre (Ap) seier til VG nett at det ikkje har blitt gjort politiske avtalar på bakrommet.

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / SCANPIX

I dokumenta som WikiLeaks har offentleggjort, og som er omtalte i Aftonbladet i dag, står det også at utanriksminister Jonas Gahr Støre var oppteken av «politisk integritet» i prosessen.

– Det kjenner eg meg veldig godt igjen i. Det var nettopp det me sa til europearar, svenskar og amerikanarar frå starten, og til svenskar og amerikanarar mot slutten, uttaler Støre til VG nett.

Utanriksministeren seier til nettavisa at dette har vore Noreg si haldning i saka heile vegen, og avviser kontant at det har vore eit politisk spel i kulissene.

– Den prosessen hadde sitt løp, sine kriteriar og sin integritet. Difor var det ikkje noko poeng for dei politiske styresmaktene frå dei ulike kandidatlanda å leggja press på Noreg.


AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger