Hopp til innhold

Økokrim om avsløringar i norsk-dansk Brennpunkt-dokumentar: – Skjer i stor grad også i Noreg

Dokumentarserien «Den sorte svane» avdekker utbreidd økonomisk kriminalitet i Danmark. No lovar også Noreg tiltak for å få bukt med utfordringane.

Møte om tiltak mot økonomisk kriminalitet

KRIMINALITET: Finansministeren og justisministeren på møtet med ulike etatar.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Onsdag møtte finansminister Trygve Slagsvold Vedum og justisminister Emilie Enger Mehl leiarar frå Økokrim, Skatteetaten, Finanstilsynet og Tilsynsrådet for advokatverksemd.

Dei diskuterte ei rekke føreslåtte tiltak til å nedkjempe økonomisk kriminalitet på heimebane, etter avsløringar frå NRK og danske TV 2 om slik verksemd i Danmark.

– Temaet har i mediebiletet blitt aktuelt etter at dokumentaren «Den sorte svane» blei vist på NRK, heiter det i ei melding frå regjeringa.

I Brennpunkt-dokumentaren blir namngitte danske advokatar, forretningsfolk, entreprenørar og gjengmedlem avslørt i samarbeid og medverknad til omfattande svindel.

Gjengkriminelle i Danmark avslørt i Brennpunkt-dokumentar

Ei rekke gjengkriminelle i Danmark blir namngitte i dokumentarserien.

Foto: FRA BRENNPUNKT-DOKUMENTAREN DEN SORTE SVANE

– Vi blir igjen minna på at det store fleirtalet er heiderlege. Men det finst ureielege advokatar, ureielege rekneskapsførarar, seier Vedum til NRK.

– Folk som har sivile jobbar som bidreg til kriminalitet

Han fortel at dei ser på moglegheiter til straff for å avverje innsidehandel, kvitvasking og ureielege rekneskapsførarar.

Desse forslaga kjem frå ei regjeringsmelding om økonomisk kriminalitet som blei lagt fram 22. mars. Meldinga blei debattert i Stortinget denne veka.

– Også i Noreg

Sjef for Økokrim, Pål Lønseth, seier dei er «svært nøgde» med ei rekke av tiltaka, og ønsker at dei blir implementerte raskt.

– Eg er glad for at regjeringa løyver meir pengar til nedkjemping av økonomisk kriminalitet, seier han til NRK.

– Vi har kanskje informasjon som klart indikerer at kriminelle handlingar er utførte, utan at vi har kapasitet til å følge det opp.

Møte om tiltak mot økonomisk kriminalitet

Kriminaliteten som er avdekka i Danmark skjer også i Noreg, seier Lønseth.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Lønseth seier det som kom fram i «Den sorte svane» ikkje overraska dei som jobbar i Økokrim.

– Dette har vi snakka om i lang tid. Det skjer i stor grad også i Noreg, sjølv om det er nyansar.

– Politiet har skildra den økonomiske kriminaliteten som samfunnstrugande. Så den trugselen er stor.

Vil ha betre informasjonsflyt

– Vi har heldigvis ei anna verkelegheit enn den dei har i Sverige. Der er den økonomiske kriminaliteten mykje meir omfattande, seier Vedum vidare, men legger til:

– Det må bli mindre attraktivt og ha endå meir risiko å vere kriminell i Noreg.

Justisminister Emilie Enger Mehl meiner det er spesielt viktig at etatane delar meir informasjon seg imellom.

Forretningsmannen Martin Malm er blant de som blir avslørt i serien. Han vil ikke la seg intervjuet, men opplyser over telefon at TV 2 Danmark og NRK ikke har hele bildet.

Forretningsmannen Martin Malm i Danmark er blant dei som blir avslørte. Han vil ikkje la seg intervjue, men opplyser at TV 2 Danmark og NRK ikkje har heile biletet.

Foto: FRA BRENNPUNKT-DOKUMENTAREN DEN SORTE SVANE

– For nokre kriminelle er det så profesjonelt og enkelt å drive med kriminalitet som ein tener store pengar på. Vi må sanksjonere hardare og kunne inndra utbytte raskare.

– Det er svært viktig for å styrke kampen mot kvitvasking og skatteunndraging, som i sin tur kan bidra til å finansiere kriminelle gjengar som har stor valdskapital. Alt dette heng saman.

Danmark varslar lovendring

Brennpunkt-dokumentaren Den sorte svane er resultatet av eit samarbeid mellom danske TV 2 og NRK.

Fleire hundre tusen nordmenn har sett serien. I Danmark såg rundt 2 millionar den første episoden.

Måndag varsla Justisminister Peter Hummelgaard frå Socialdemokraterna at det ville kome lovendringar som følge av det som kjem fram, skriv Danmarks Radio.

Les også Gikk undercover for å avdekke hvitvask og vold – sier det samme skjer i Norge

Blant endringane skulle det vere ei styrking av korleis ein kontrollerer klientkontoar for å gjere kvitvasking av pengar vanskelegare.

– Alle er svært opprørte, nokre til og med rasande, over det som kjem fram, sa Hummelgaard til NRK etter eit møte i Folketinget.

– Det er stor vilje både i regjeringa og Folketinget til å setje inn hardare tiltak, både mot bandekriminelle og dei som gjer den kriminelle verksemda mogleg.

I ein tidlegare versjon av denne saka stod det at Stortinget ville stemme over dette onsdag. Det riktige er at dei stemte over tysdag.

AKTUELT NÅ