Dette veit vi om statsbudsjettet for 2020

Måndag føremiddag legg regjeringa fram sitt forslag til statsbudsjett for 2020. Allereie veit vi ein del om korleis dei vil bruke skattepengane våre.

Statsbudsjettet er budsjettet som syner oversikta over utgiftene og inntektene til staten det neste året.

Det er eit resultat av forhandlingar mellom dei fire borgarlege regjeringspartia, og syner fram både sigrar og tap for samarbeidspartia.

Statsbudsjettet blir lagt fram måndag 7 oktober klokka ti, men i vekene før statsbudsjettet er det tradisjon for at det kjem små og store lekkasjar av kva vi har i vente.

Dette er gjerne avsløringar som syner fram gode nyheiter, heller enn dårlege.

Dette først på måndag vi får sjå det store biletet. Likevel har vi forsøkt å samle noko av det vi veit vi kan vente oss frå regjeringa på måndag.

Siste:

  • Det blir ingen kutt i sukkeravgifta på brus i forslaget til statsbudsjett for 2020, ifølge NTB.

  • Etter det NRK erfarer, gir regjeringa sitt klarsignal til det som blir det største sjukehuset i landet, nytt universitetssjukehus på Gaustad. Regjeringa har lagt til grunn at funksjonane blir samla, og statsbudsjettet inneheld eit anslag av kva tomta på Ullevaal er verd.

  • NRK erfarer: Frp har fått gjennomslag for statleg skatteinnkrevjing. KrF og Venstre har fleire gonger stoppet dette. 237 skattekontor blir lagt ned.

  • Barnevernet får over 300 millionar i statsbudsjettet til å forbetre og auke kapasiteten på barnevernsinstitusjonar, ifølge avisa Dagen.

  • Ifølge medier24 gir regjeringa 40 millionar kroner ekstra i pressestøtte.

  • NRK erfarer at Human Rights Service får vidareført sin støtte på statsbudsjettet for 2020.

Helse

  • Etter det NRK erfarer, gir regjeringa sitt klarsignal til det som blir det største sjukehuset i landet, nytt universitetssjukehus på Gaustad. Regjeringa har lagt til grunn at funksjonane blir samla, og statsbudsjettet inneheld eit anslag av kva tomta på Ullevaal er verd.

  • Aktivitetsvekst i sjukehus ned fra 1,7% i fjor til 1,5% i år.

  • Det blir ingen kutt i sukkeravgifta på brus i forslaget til statsbudsjett for 2020, ifølge NTB.

  • Regjeringa sett av 13,1 millionar kroner til eit forsøk med heroinassistert behandling. 300 ruspasientar blir inkludert i prøveprosjektet.
  • Det skal bli brukt 400 millionar kroner på å byggje sjukeheimar og rehabilitere eksisterande sjukeheimar rundt om i landet.
  • Alle over 55 skal bli testa for tarmkreft. Regjeringa aukar midlane til tarmkreftkontroll med 24,7 millionar kroner, slik at det neste år blir brukt totalt 97 millionar kroner på dette. Ole Alexander Opdalshei i Kreftforeningen seier til VG at slike kontroller potensielt kan spare 300 liv i året.
  • Tiltak mot menneskehandel tek opp 150 millionar kroner i statsbudsjettet.
  • Det skal bli brukt 373 millionar tiltak innan ehelse. Dette handlar om robotar og andre formar for ny teknologi som kan bli nytta på sjukehus og sjukeheimar.
  • Gatehospitalet i Bergen får 29 millionar kroner i året.
  • 400 millionar kroner over fire år til å bygge eller renovere kjøkken på eksisterande sjukeheim og omsorgsbustader.

Energi, miljø og klima

Siri M. Kalvig, adm. direktør i Nysnø Klimainvesteringer

NØGD: Siri Kalvig er svært nøgd dersom Nysnø Klimainvesteringer får 700 millionar kroner, slik mykje tyder på.

Foto: Marte Skodje / NRK

Born og skule

  • Regjeringa set eit tak, slik at familiar med born i første- og andreklasse, ikkje skal bruke meir enn 6 prosent av inntekta si på SFO. Dette kostar 58 millionar kroner i statsbudsjettet for neste år.
  • Barnetrygda aukar med 3600 kroner i året per barn som er under seks år.
  • 60 millionar kroner for at fleire kommunar kan vere forsøkskommunar der barn og unge mellom 6 og 18 år får dekket utgifter til fritidsaktivitetar.
  • Det setjast et tak på betalinga på SFO for elevar på 1. og 2. trinn frå neste skoleår. Prisen per plass skal ikkje vere høgare enn 6 prosent av husstandens inntekt. Dette kostar staten 58 millionar kroner i 2020. Heilårseffekt frå 2021 er snautt 140 millionar kroner.
  • Elevar på 5. til 7. trinn med særskilde behov får gratis SFO frå neste skoleår. Det kostar 21 millionar kroner i 2020. Heilårseffekt frå 2021 er 50,4 millionar kroner.
  • 50 nye millionar til å få fleire med innvandrarbakgrunn til å fullføre vidaregåande skole.
  • Barnevernet får over 300 millionar i statsbudsjettet til å forbetre og auke kapasiteten på barnevernsinstitusjonar, ifølge avisa Dagen.
  • Les også: Statsbudsjettet 2020: Foreslår 15 millioner kroner til digitale samiske læremidler

Høgare utdanning

  • I statsbudsjettet fullfører regjeringa planen om å trappe opp til elleve månaders studiestøtte, skriv NTB. Opptrappinga har skjedd gradvis dei siste åra, og den siste utvidinga vil koste 152 millionar ekstra.
  • 50 millionar kroner går til forprosjektering av campus og samling av NTNU på Gløshaugen.
  • 4,6 millionar kroner på å opprette 100 nye studieplassar som skal kunne rullere mellom ulike utdanningsinstitusjonar. Regjeringa vil gjere høgare utdanning meir tilgjengeleg i distrikta.
  • 60 millionar kroner til bygging av undervisnings- og forskingslokalar ved det nye Stavanger universitetssjukehus (SUS) på Ullandhaug.
  • 50 millionar kroner går til forprosjektering av campus og samling av NTNU på Gløshaugen.
  • 4,6 millionar kroner på å opprette 100 nye studieplassar som skal kunne rullere mellom ulike utdanningsinstitusjonar. Regjeringa vil gjere høgare utdanning meir tilgjengeleg i distrikta.
  • 60 millionar kroner til bygging av undervisnings- og forskingslokalar ved det nye Stavanger universitetssjukehus (SUS) på Ullandhaug.

Kommuneøkonomi

Samferdsle

  • Det har kome fram at regjeringa har lova å bruke 100 millionar kroner på å ruste opp fylkesvegane her i landet, men ikkje alle er samde i at det er særleg mykje pengar.
  • 100 millionar til tunnel og skredsikring over Kvamskleiva på E16 nord for Fagernes. Det er sette av 25 millionar kroner til forbetringsarbeid på riksveg 4 gjennom Gran og Lunner.
  • 100 millionar kroner til elektrifisering av Meråkerbanen og Trønderbanen mellom Trondheim og Stjørdal.

Forsvaret

  • 2,4 milliardar kroner skal gå til Forsvaret slik at de kan fullføre langtidsplan (LTP).

Bistand

  • 150 millionar kroner for å hindre menneskehandel og vår tids slaveri.
  • Regjeringa sett av 466 millionar kroner til internasjonalt hjelpearbeid for sårbare grupper. Rundt 260 millionar av dette skal gå til menneske med funksjonsnedsetting, seier utviklingsminister Dag Inge Ulstein (KrF) til VG.
  • Bistandsbudsjettet aukar med 1,4 milliardar.
  • Etter det NRK erfarer skal Noreg ta i mot 3000 kvoteflyktningar neste år. Noreg tar i mot 3000 kvoteflyktningar også i 2019.

Kultur

Frp-leder Siv Jensen og Venstre-leder Trine Skei Grande på partilederdebatten i valgkampen

KLIMA OG TRONGE TIDER: Siv Jensen varslar at statsbudsjettet vil vere ganske trongt, fordi ein må vere sparsam i gode tider. Trine Skei Grande har varsla at det blir eit klimabudsjett.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / Håkon Mosvold Larsen

KrF: – har ikkje pengar til skattekutt

Opptakten til årets statsbudsjett har vore at dei fire regjeringspartia rett før valet krangla om bompengar og bypakkar. Følgjene av den krangelen vil truleg syne att i statsbudsjettet.

Partia vart nemleg samde om å bruke to milliardar kroner på å redusere bompengar og på å finansiere nye kollektivtiltak i byane. Det kan gjere noko med det økonomiske handlingsrommet regjeringa har i andre prioriteringar.

Finanspolitisk talsperson i KrF Tore Storehaug har tidlegare sagt at bompengepakka gjer at det no ikkje rom for store skattekutt i statsbudsjettet.

– Nei, dette betyr hardare prioriteringar, sa Storehaug i august.

Finansminister Siv Jensen går til Stortinget

Finansminister Siv Jensen går til Stortinget

SISTE NYTT

Siste meldinger