Hopp til innhold

Politiet om mistenkt gjerningsmann: – Hadde ein relasjon til to av offera

Dette veit vi om knivstikkingane i Sarpsborg.

Kart

Her vart kvinnene knivstukne i natt.

Foto: Torstein Bøe / NRK

Tre kvinner vart i natt stukne med kniv i Sarpsborg på ulike stadar i byen. Ei av kvinnene er død, og ei vart kritisk skadd. Ein mann er arrestert.

Klokka 10.30 onsdag gjekk politiet ut med ei pressemelding om saka. Der oppmodar dei personar som kan ha vore vitne til knivangrepa eller relaterte hendingar i natt til å ta kontakt.

Her er nokre av opplysningane NRK har fått frå politiet:

  • Politiets tryggingsteneste opplyser til NRK at dei ikkje er kopla på etterforskinga per no.
  • Hadde det vore mistanke om eit terrorangrep ville PST vanlegvis ha vore kopla på etterforskinga allereie.
  • Ifølgje politiet skal den mistenkte gjerningsmannen ha hatt ein relasjon til to av offera.
  • Etterforskinga så langt bekreftar at det berre er snakk om ein gjerningsperson.
  • Mannen vil bli sikta for drap og drapsforsøk. Politiet ønskjer å avhøyre mannen i løpet dagen.
  • Kvinna som vart drepen skal ha vore i 50 åra. Politiet har ikkje opplysningar som peikar mot ein relasjon mellom ho og den mistenkte gjerningsmannen.
  • Den andre kvinna vart hardt skadd. Den tredje fekk mindre alvorlege skader.
  • Den mistenkte gjerningsmannen skal ha tidlegare ha blitt tiltalt for vald. Politiet feilinformerte først at han var tidlegare domfelt.
  • Den mistenkte gjerningsmannen skal vere 31 år. Han er norsk statsborgar av somalisk opphav.
  • Mannen vart pågripen i sin eigen heim.
  • Etter å ha undersøkt mannen bestemte politiet seg for å gje han tilsyn av helsepersonell.
  • Mannen har blitt undersøkt av lege. Han er no innlagt på sjukehus.
  • Politiet undersøker no om mannen si psykiske helse kan ha vore ein medverkande årsak bak drapet og knivstikkingane som han snart vert sikta for.
  • Politiet seier at mannen, så vidt dei veit, ikkje skal ha fysiske skadar.

Her skjedde knivstikkingane

Politiet fekk melding om at ei kvinne hadde blitt knivstukke ved busshaldeplassen i Sarpsborg tysdag kveld klokka 23.30. Kvinna sat i ein bil og venta på ein slektning. Få minutt seinare fekk politiet ei ny melding om nok ei knivstukke kvinne, denne gangen i St Nikolas gate. Den siste skadde vart funnen på ei adresse i Oskars gate. Politiet fekk melding om dette cirka ti minutt etter første melding.

Kart

KART: Her vart kvinnene angripne.

Foto: Torstein Bøe / NRK

Skal prøve å avhøyre mannen i dag

Politiet opplyste først at Vigdis Brandstorp var oppnemnt som den mistenkte gjerningsmannen sin forsvarar. Ho hadde lite å seie til NRK onsdag formiddag.

– Eg veit ingenting, og har ingen kommentar utanom at eg er på veg til å møte han no. Og at det er planlagt avhøyr av han i dag, sa ho,

Under pressekonferansen klokka 12 opplyser politiet at det er ein anna advokat som skal vere mannen sin forsvarar: Harald Otterstad.

Otterstad er på ferie, det vert derfor son hans advokatfullmektig Marius Otterstad som fungerer som forsvarar i dag.

– Eg er på veg til å møte klienten min no. Det er planlagt avhøyr klokka 14.30, så vil det bli gjort ei vurdering då om avhøyret kan bli gjennomført, seier Marius Otterstad til NRK.

Pressekonferanse

Politiet haldt pressekonferanse om knivangrepa i Sarpsborg klokka 12.

Christian Berge, avsnittsleiar i etterforskingsavdelinga i Øst politidistrikt og politiinspektør Agnes Beate Hemiø møtte pressa.

– Den sikta er truleg i stand til å bli avhøyrt i dag, seier Hemilø.

– Mannen har ei tilknyting til bustaden der han vart arrestert, seier Berge.

Så langt i etterforskinga er det ingenting som tyder på at mannen vil bli sikta for terror, opplyser Berge.

Når politiet vert spurt om det er snakk om historikk innan psykisk helse, svarar Hernilø:

– Ja, det er det.

Skal ha vore tiltalt for vald

Onsdag formiddag melder VG at mannen skal ha vore involvert i ei grov valdshending utanfor moskeen i Sarpsborg i 2016. Aktor skal då ha lagt ned påstand om at mannen burde ha blitt dømt til psykiatrisk behandling. Han vart frikjent for denne saka i fjor.

AKTUELT NÅ