Hopp til innhold

Dette står att etter useriøse handverkarar

Fundamentet som skal bera terrassen heng i lause lufta, dreneringa er feil og kjellerdøra er for stor. Så stakk arbeidsfolka av med 280.000 forskotbetalte kroner i lomma, fortel huseigaren.

Fundament som skal bera terrassen er feilmontert
Foto: Espen Syversen
Foto: Espen Syversen

Huseigaren er frustrert, forbanna og fortvila der han går rundt huset sitt. Firmaet lova å gjera jobben på to veker. Etter halvt utført og heilt elendig arbeid forsvann åtte-ti arbeidarar, seier han.

Ubrukeleg arbeid

– Fundamenteringa er heilt ubrukeleg. Dei har berre sett betongklysa rett på leira som har sige. Dei har slått ned pålar for å halde det oppe, men så har det også sege. Og så har dei berre sett terrassebord på høgkant til slutt for å halde den oppe.

Planen var å lage ny drenering og bygge ein solid terrasse. Men dreneneringsarbeidet blei gjort ved å fylle tilbake gamle leirmassar som ikkje gir rask gjennomsig av vatn, og då blir massane så tunge at dei kan knuse dreneringsrøyra. Og terrassen er heilt ubrukeleg når fundamentet heng i lause lufta.

Terrasefundament hengjande laust i lufta i staden for å støtte opp.

Terrasefundament hengjande laust i lufta i staden for å støtte opp.

Parkett er øydelagd av uprofesjonelle arbeidsfolk.

Parkett er øydelagd av uprofesjonelle arbeidsfolk.

Vindauge er feilmontert i flukt med murvegg, ikkje innfelt

Vindauge er feilmontert i flukt med murvegg, ikkje innfelt.

Ytterdør er montert i flukt med mur, ikkje innfelt slik ho skal vera.

Ytterdør er montert i flukt med mur, ikkje innfelt slik ho skal vera.

Bjelkesko er feilmontert, og festa med gipsskruer som berre skal nyttast innvendig. Desse skruene vil rusta etter kort tid. Bjelken kviler ikkje på bjelkeskoen.

Bjelkesko er feilmontert, og festa med gipsskruer som berre skal nyttast innvendig. Desse skruene vil rusta etter kort tid. Bjelken kviler ikkje på bjelkeskoen.

Fundament som skal bera terrassen er feilmontert

Fundament som skal bera terrassen er fullstendig feilmontert.

Det er fylt på feil masser etter forsøk på å drenere rundt huset.

Det er fylt på feil masser etter forsøk på å drenere rundt huset.

Terrasse - feilmontert

Bjelkane er forsøkt støtta opp av enkle terrassebord som om kort tid vil gi etter.

Useriøse håndverkarar florerer på Austlandet, ifølgje Fair Play Bygg, Oslo og omland. Ekteparet vi møter utanfor tomannsbustaden i Oslo fortel at dei er svindla for fleire hundre tusen kroner etter at eit firma tok på seg et arbeidet.

Stakk av

Etter halvgjort og dårleg arbeid, men med solid forskotsbetaling i lomma, stakk heile gjengen av, fortel dei.

– Då var vi alt langt på overtid etter avtalen. Dei lova å fortsetja med fullt trykk og gjera arbeidet ferdig i løpet av ei vekes tid, men ingen har sett dei sidan.

Lars Mamen i Fair Play Bygg, Oslo og omland seier at dei som kallar seg handverkarar ofte lovar og lyg.

– Dei har ofte ikkje peiling på det handverket dei skal utføra. Når dei leverer tilbod på oppussingsarbeid, er prisen konkurransedyktig, ofte langt under det rimelege. Og så krev dei gjerne ein solid sum pengar på forskot, seier han.

Mannen bak det aktuelle firmaet er norsk. Han hadde åtte-ti mann i arbeid, dei fleste var serbarar. Ifølgje Fair Play Bygg Oslo og omland hadde dei neppe lovleg opphald i landet sidan Serbia ikkje er del av Schengen. Billeg arbeidskraft, men tilbodet var ikkje så lågt at huseigaren burde ant uråd, seier han.

Det er ikkje uvanleg at dei arbeider i høgt tempo dei fyrste dagane, for så å krevje meir pengar grunna diverse innkjøp. Men så forsvinn dei for godt og gjer seg utilgjengelege på telefon, e-post og fysisk adresse.

– Vi har prøvd å ringe mange gonger, og vi har sendt tekstmelding. Vi har sendt brev og oppsøkt firmaadressa som viser seg å vera falsk, seier huseigaren.

Ikkje ekstremt billeg

Når vi spør om han har vore naiv då han hyrte dette «billeg-firmaet», svarer han at dei ikkje var så billege.

– Prisen var heilt på linje med det ein kan forventa av meir seriøse, etablerte aktørar, seier han.

Takstmann Espen Syversen ristar på hovudet når han ser på arbeidet som er utført, for ikkje å snakka om mangelen på utført arbeid.

– Eg fattar ikkje kva dei har gjort og korleis dei har fått det til. Fundamentet til terrassen heng rett og slett i lause lufta. Bjelkeskoa som skal halde bjelkane på plass inntil murveggen er ikkje sett riktig i, og så har dei brukt gipsskruar til å festa bjelkane. Desse skruane er til innvendig bruk og vil rusta etter kort tid ute, seier Syversen.

Han kan knapt kan hugse å ha sett så dårleg arbeid dei 40 åra han har drive som byggmeister og takstmann i Oslo-området.

– Det er ikkje fagfolk som har vore her, det viser arbeidet. Alt er gale! slår han fast, og anslår at det vil koste nesten ein halv million kroner å rette opp feila.

Politiet la saka til side

Politiet la saka til side dagen etter at huseigaren meldte saka. Det reagerer Syversen på.

– Då får dei jo lov til å halda på, då!

Men huseigaren gjekk vidare til Fair Play Bygg, Oslo og omland. Der tok dagleg leiar Lars Mamen tak, og sendte all informasjon om mannen bak firmaet og tips om ulovleg bruk av utanlandske arbeidarar frå land utanfor Schengen til A-krim-eininga i Oslo.

– Både A-krimsenteret, Skatteetaten og Arbeidstilsynet har fått all informasjon om dette, og vil gjere tilsyn og gjera beslag dersom dei finn grunn til det, seier Mamen.

– Dette er rein svindel, og på ingen måte handverkar som har gjort arbeidet, slår han fast.

– Ein kan sei at huseigaren burde stoppa dei før tida, men vi kan ikkje alltid forvente byggfagleg kompetanse av dei.

Inga forskotsbetaling

Han meiner for mange av oss i for stor grad stolar på dei som tilbyr rimeleg arbeid

– Ikkje betal på forskot! Dersom handverkarane krev betaling på forskot, vil eg sei nei takk.

– Aldri?

– Ein betaler aldri på forskot. Vi kan betale litt delbetaling undervegs, men aldri på forskot!

– Er vi litt naive?

– Ja! I Noreg stolar vi på kvarandre og vi har tillit til kvarandre. Eit ord er eit ord, og vi stolar på at det som er avtalt blir gjort. Men slik er det diverre ikkje lenger. Det er folk som er ute etter å svindle og skaffe seg stor profitt etter å gjera slikt arbeid, seier Lars Mamen.

NRK har forsøkt å få kontakt med firmaet som skal stå bak arbeidet, men har ikkje fått kontakt.

AKTUELT NÅ