Hopp til innhold

Slik handterer kommunane eksplosive smitteutbrot

I Kristiansund er dei allereie i ferd med å knele. No stenger dei ned. Ikkje av omsyn til helsetenesta, men til bemanninga generelt i kommunen.

Koronatesting i Oslo

SMITTEAUKE: Smitten aukar i Noreg, og kommunane har blitt bede om å førebu seg på tilfelle med 40–60 prosent sjukefråvær. Biletet er ikkje direkte knytt til saka.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

På starten av året slo FHI fast at omikron er dominerande i Noreg.

No er det alvor i Kristiansund.

Eit eksplosivt smitteutbrot i kommunen har ført leiinga til å undersøke om dei kan bruka andre kommunalt tilsette som vikarar i eldreomsorga.

– Det dreiar seg ikkje lenger primært om alvorleg sjukdom, men masse folk i isolasjon og karantene.

Kommuneoverlege Askill Sandvik i Kristiansund er bekymra.

– Me treng folk til å brøyte vegane og ta vare på våre eldre.

Pleiarar ved Bergan sykehjem

SMITTEUTBROT: Kristiansund har opplevd eit eksplosivt smitteutbrot etter nyttår, der mellom anna to eldreinstitusjonar er råka. Eit av dei er Bergan sjukeheim.

Foto: Marius Andre Jenssen Stenberg / NRK

Derfor innfører kommunen nye lokale tiltak og tilrådingar.

– Med denne typen eksplosive smitteutvikling, vil vi ha sjukefråvær over heile kommunen om kort tid, seier han.

Det inneber mellom anna karantenekrav for nærkontaktar under 18 år og tilråding om maks fem gjester i private heimar.

Førebudd på liknande scenario

Fleire kommunar kan kome til å kome i same situasjon som Kristiansund.

Omikron spreiar seg raskt uavhengig av vaksinasjonsstatus.

Førre veke var rundt 0,5 prosent av befolkninga registrert med covid. Det svarer til alle som bur i Molde, pluss litt over hundre til.

I framskrivingar FHI har gjort, kan me risikera å få eit jobbfråvær på grunn av sjukdom eller karantene på 40–60 prosent.

Alle kommunar skal ha bede verksemdene sine om å ha planane klare for korleis dei skal løyse eit høgt sjukefråvær.

Slik kan ein likande situasjon påverke kvardagen i din kommune.

Helsehjelp

En trygg hånd å holde i.
Foto: Hanne Rebecca Nilsen / NRK

Alle kommunar har lagt planar for korleis dei skal ha nok tilsette på sjukeheimar, ulike institusjonar og bufellesskap. Desse skal derfor ikkje stå i fare for å bli stengt.

Til dømes held som nemnt Kristiansund kommune på med å kartlegge om andre kommunalt tilsette kan brukast som vikarar på eldreinstitusjonar.

Renovasjon

Søppeltømming
Foto: NRK

Kommunane har lagt planar for korleis henting av søppel skal føregå.

Matavfall og farleg avfall vil framleis bli samla inn. Papirinnsamlinga kan stoppe opp for ei stund. Det er også mogleg at gjenbruksstasjonane må stenge for ein periode.

Transport

Lillehammer Stasjon
Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Bane Nor har planar som skal sikra at dei mest kritiske funksjonane knytt til togtilbodet er oppe og går.

– Ved vesentleg fråfall av arbeidskraft, vil me ikkje klara å halde oppe planlagt togtrafikk.

Det seier kommunikasjonsrådgivar i Bane Nor Hilde Marie Braaten.

– Planane våre er då å minska konsekvensane mest mogleg, og halde oppe dei mest kritiske delane av togtilbodet, seier Braaten.

Ho understrekar at drifta av jernbanen ikkje har blitt råka av covid sidan pandemien starta.

– Den noverande smittesituasjonen er utfordrande, og me følgjer situasjonen nøye.

Alle dei største kollektivselskapa har ein beredskapsplan klar dersom sjukefråværet skulle bli for høgt.

Dersom mange bussjåførar er sjuke, vil det gå ut over rutetilbodet. Då blir skulerutene og andre samfunnskritiske reisemål bli prioritert.

I Oslo er kollektivtilbodet så godt at det skal mykje til før dei må legge ned heile ruter. Reduserte avgangstider vil først bli ein konsekvens.

Daglegvare

Butikksjef Marthe Sand (t.h.) og assisterende butikksjef Wenche Magnusson fyller opp varer i Kiwibutikken på Gjemselund i Kongsvinger.
Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Matbutikkane vil vere opne. Dersom det skulle bli mykje sjukdom ein stad, seier daglegvarekjedene at dei kan henta inn folk frå andre butikkar eller bruka vikarar.

Matforsyning

Så langt i pandemien har me sett tilfelle av mangel på enkelte varar, som prevensjonsmiddel, energidrikker og brødposar i butikkane.

Ved eit høgt sjukefråvær, kan me kome i denne situasjonen på ny.

Ifølge kommunikasjonssjef Kine Søyland i Norgesgruppen vil varemangelen i så fall vere mellombels.

– Daglegvarebransjen er definert som ein samfunnskritisk funksjon, så me held hjula i gang, seier Søyland.

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT