Hopp til innhold

Dette seier forsikringsselskapa om utanlandsreiser

Nye reiseråd fører til endringar for både kundar og forsikringsselskap. Dette seier forsikringsselskapa om kva som gjeld i sommar.

Mennesker soler seg på Playa de Palma stranden på Mallorca.

SYDENFERIE: 10. juli vil det bli klart om nordmenn kan reise til Spania og andre europeiske land i sommar utan å må i karantene når dei kjem heim.

Foto: Enrique Calvo / Reuters

Når Noreg opnar opp for fleire land i Europa gjeld ikkje lengre det generelle reiserådet. Utanriksdepartementet rådde frå 14. mars mot alle reiser til utlandet som ikkje er strengt nødvendige.

Folkehelseinstituttet vil 10. juli komme med ei oversikt over land i Europa med eit tilfredsstillande smittenivå. Desse landa kan ein reise til, og reiseforsikringa vil gjelde.

Dei «grøne» landa har eit lågt smittetrykk og er trygge å reise til. Dei «raude» landa er anbefalte å ikkje reise til, og du må i 10 dagars karantene når du kjem heim om du har vore her.

Sjølv om Europa no gradvis blir opna opp, rår forsikringsselskapa mot å bestille reise før lista er klar.

– Viss ein bestiller ei reise til eit EU/EØS-land etter 15. juli, men før oversikta kjem 10. juli, så vil vi ikkje dekkje avbestilling viss landet er raudt ved det tidspunktet ein skal reise, seier Torbjørn Brandeggen, kommunikasjonsrådgivar i Tryg.

Frykt er ikkje gyldig grunn

Dersom du bestilte ei reise før 14. mars, har forsikringsselskapa ulik dekning på avbestilling.

Hos Europeiske Reiseforsikring, som er ein del av If, blir avbestillingar dekt så lenge reiserådet står, pluss sju dagar etterpå. Det gir kunden ei ekstra veke på å vurdere om dei ønskjer å reise eller ikkje.

– Verda rundt oss er jo ikkje slik vi kjenner ho akkurat no, så då gir vi folk moglegheit til å avbestille sju dagar etter at reiserådet opphøyrer, seier Andreas Bibow Handeland, kommunikasjonsrådgivar i If.

Tre turister ser på Akropolis utenfor Aten i Hellas.

LÅG SPREIING: Hellas er eit av landa i Europa som har hatt låg smittespreiing. Nordmenn kan truleg besøkje Akropolis etter 15. juli med gyldig reiseforsikring.

Foto: Louisa Gouliamaki / AFP

Tryg og Gjensidige understrekar at frykt for å reise ikkje er gyldig grunn for avbestilling. Desse selskapa dekkjer derfor ikkje avbestilling av reise til grøne land.

– Ei forsikring dekkjer ikkje avbestilling som følgje av frykt. Det vil seie at viss myndigheitene ikkje rår mot å reise vil forsikringa ikkje kunne hjelpe deg, seier Bjarne Aani Rysstad, kommunikasjonssjef i Gjensidige.

Kan framleis avbestille

Sjølv om du har ei reise som skjer etter 15. juli, står reiserådet endå fram til 10. juli. Det vil seie at det skal vere mogleg å avbestille reisa dersom du ønskjer det.

Passasjerer står i kø på flyplassen for å sjekke inn på flyet.

KAN AVBESTILLE: Sjølv om reiserådet snart blir endra, oppmodar forsikringsselskapa til å ta kontakt med flyselskapet dersom du likevel vil avbestille reisa.

Foto: Elizabeth Ruiz / AFP

Hos If kan ein framleis avbestille reisa uavhengig av framtidig reisedato, så lenge reiserådet finst.

Tryg og Gjensidige opplyser at ein først skal kontakte selskapet ein har kjøpt reisa av, til dømes flyselskapet eller reisearrangøren, dersom ein ønskjer å avbestille reisa.

– Forsikringsselskapet vil koplast inn når ein har fått svar frå flyselskapet, og som regel dekkjer reiseforsikringa vår differansen mellom det ein har fått hos flyselskapet og det ein meinte ein har krav på, forklarer Brandeggen.

Forsikringsselskapa har tilrår å vente til avreisedagen med å avbestille reisa. No som reiserådet blir endra kan ein risikere å miste retten til å avbestille reisa si om ein ønskjer det.

Følg rådet frå myndigheitene

Når oversikta over grøne og raude land kjem 10. juli er det trygt å bestille reiser til grøne land. Dersom situasjonen i landet blir verre før du reiser, vil forsikringsselskapet dekkje avbestilling om nødvendig.

– Det er viktig at ting skjer i riktig rekkjefølgje og at ein innrette seg etter datoar som myndigheitene har sett, understrekar Handeland.

Viss du ser 10. juli at Kroatia er eit grønt land, kan du bestille reise dit. Då bestiller du etter myndigheitene har unnateke landet frå reiserådet. Skulle Kroatia bli eit raudt land dagen før du skal reise, vil reiseforsikringa vere gyldig sidan reisa vart bestilt medan det var greitt å reise.

Tenk deg nøye om

Reiseforsikringa gjeld som vanleg i Noreg, sidan det ikkje finst eit reiseråd her. Dersom du må avbestille reisa, i Noreg eller utlandet, som følgje av sjukdom eller andre uventa hendingar er dette gyldige grunnar ifølgje forsikringsselskapa.

Likevel er det risikofylt å reise, sjølv om myndigheitene opnar for reiser til land med låg smittespreiing.

Brandeggen oppmodar folk til å tenkje seg om fleire gonger før dei bestiller tur til utlandet.

– Viss ein skulle reise til eit område som plutseleg får eit utbrot, så betyr det samtidig at det blir ei stor belastning på sjukehusa i området.

Dermed er risikoen for at ein ikkje får behandling i utlandet om ein blir skada eller sjuk mykje høgare. I ein slik situasjon er ein ikkje dekt av forsikringa.

AKTUELT NÅ