Hopp til innhold

Dette må du vite om passkaoset

Lang ventetid på nytt pass gjer at utanlandsferien heng i ein tynn tråd for mange nordmenn. Men må du ha pass for å reise i Europa?

Eit nytt norsk pass

Tusenvis av nordmenn går i desse dagar og ventar på eit nytt pass.

Foto: Oddgeir Sæle

Etter to år med pandemi er det mange nordmenn som har sett fram til ein tur til utlandet denne sommaren. Men lange passkøar og lang produksjonstid, gjer at mange lever i uvisse før feriesesongen.

Her er sju ting du må vite om passkaoset.

Kvifor er det passmangel no?

I februar var det mellom 300.000 og 400.000 nordmenn som mangla gyldig pass. Reiserestriksjonane under pandemien gjorde at mange ikkje fornya passa sine då. Difor blir det raskt lange køar når «alle» no skal ha nytt pass.

I tillegg har pandemien og krigen i Ukraina ført til råvaremangel, som gjer at produksjonstida for pass og ID-kort har gått opp. Både Politidirektoratet og Justisdepartementet varsla i mars at dei ville ha møter med produsenten, men etter det har leveringstida berre gått opp.

Les også Minst 54 pass på avvegar – kan vera fleire

Nytt norsk pass liggande på ein konvolutt. Konvolutten er adressert til ein person som har bestilt pass, men passet inni tilhøyrer eit barn som høyrer til eit heilt anna politidistrikt.

Kor lenge må ein vente?

Køane varierer rundt om i landet. Skal du ha passtime i Oslo, må du rekne med å legge planar eit stykke fram i tid. Får du time på ein mindre plass, er køen ofte kortare. Passkontora legg også ut timar som er avbestilt, så det kan lønne seg å sjekke med jamne mellomrom.

Men når du først har vore inne til time, og ventar på at passet skal bli produsert, er ventetida like lang uansett kvar i landet du bur. Akkurat no er ventetida på nytt pass rundt sju veker. Men politiet reknar med at ventetida kan kome opp i ti veker i juli.

Les også Stortinget krever strakstiltak mot passkrisen

Nytt norsk pass

Si din meining om passkaoset i bånn av saken.

Kvifor har vi ikkje digitalt pass?

Eit fysisk pass er eit gyldig internasjonalt dokument alle land godtek.

– Eit digitalt pass på telefonen er noko ein i dag av personvern- og tryggingsomsyn ikkje lagar, seier seksjonssjef Arne Isak Tveitan i Politidirektoratet.

Eit pass er eit verdipapir av stor verdi for andre som ønskjer å utnytte identiteten din.

– Det kan misbrukast av kriminelle og ved tap av pass kan identitetstjuveri opplevast som svært ubehageleg. Her er omsynet til tryggleiken til folk flest viktigast.

Kva har justisministeren sagt om å løyse det på andre måtar?

I førre veke sa justis- og beredskapsminister Emilie Enger Mehl (Sp) at regjeringa undersøker om andre land kan godta andre typar legitimasjon enn eit gyldig pass.

Det er førebels uvisst kva type legitimasjon det kan vere snakk om, og kva land det eventuelt skulle omfatte.

Men Mehl seier at dei undersøker om det er mogleg å få i stand ein avtale med andre land i Europa. Då vil det også kunne vere aktuelt for Noreg å lempe på krava frå andre land.

– Eg veit at dette er ei utfordring for mange europeiske land no, seier Mehl.

Les også Ole Halvor (17) snekret app på gutterommet – nå har han omsatt for en halv million

Ole Halvor Lindtveit Bergan (17)

Må vi ha pass for å reise?

I utgangspunktet kan du reise utan pass i Schengen-området. Men fleire land har mellombels grensekontroll. Det vil seie at du må kunne legitimere deg, og då er som oftast pass eller nasjonalt ID-kort alternativa.

Sandstrand på Mallorca

Etter to år med pandemi drøymer mange nordmenn om ei sandstrand i Syden. Men no vurderer mange nordmenn å melde pass, og avlyse utanlandsferien på grunn av passkaoset.

Foto: Francisco Ubilla / AP

Også flyselskapa oppmodar dei som reiser om å ha gyldig legitimasjon.

– Vi sjekkar ID berre for reisande utanfor Schengen. Men vi oppmodar alle om å gyldig pass på reise fordi du kan trenge det i andre samanhengar, seier pressesjef John Eckhoff i SAS til NRK.

Kva vil det seie at det er stramma inn på naudpass?

Inntil nyleg var det fleire som brukte ordninga med naudpass når ikkje passet var på plass ved avreise. Men natt til måndag stramma Politidirektoratet inn på reglane. No får du ikkje naudpass dersom du skal reise på ferie eller delta på bryllaup, dåp eller konfirmasjon i utlandet.

Nødpass

Politiet har stramma kraftig inn på kven som kan få naudpass.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

No er det berre dei som er i ein naudssituasjon, som at ein treng nytt pass for å kunne reise heim, eller som har særlege grunnar, som alvorleg sjukdom og skade i nær familie i utlandet, som kan søke om naudpass.

Kva dekker reiseforsikringa?

I år er det stor rift om flybillettane til landa rundt Middelhavet. Og det kan vere freistande å bestille tidleg for å spare pengar. Men dersom du står utan gyldig pass når reisedagen nærmar seg, kan du ikkje rekne med å få tilbake noko på reiseforsikringa, seier kommunikasjonssjef Andreas Handeland i If og Europeiske reiseforsikring.

– Ei forsikring er til for å dekke akutte og uventa hendingar. Eit pass som går ut, blir ikkje rekna som ei slik hending, sjølv om både råvaremangel og kapasitetsutfordringar hos politiet kjem bardus på mange av oss no.

Som eksempel på ei uventa hending, trekk Handeland fram at nokon stel passet medan du er på ferie.

– Blir passet fråstole på reise, er det i høgste grad ei uventa og akutt hending. Då hjelper vi til slik at du får naudpass til å kome deg heim, og dekker kostnadane til desse.

AKTUELT NÅ