Sjølv om mange opplev dei negative sidene ved å leige bustad, meiner Leieboerforeningen at utleigarane har blitt flinkare til å ta vare på leigetakarane sine.
– Dei større firmaa blir gradvis flinkare til å ta omsyn til loven, samt vareta ein balanse for både leigetakar og utleiger, seier advokatfullmektig Øystein Gisvold Rennesund i Leieboerforeningen.
På den private marknaden derimot, er det den same skilnaden som tidlegare.
– Der er det den same spreiinga no som før. Det er mange som tek feil og mange som er flinke, seier Rennesund.
Les Leieboerforeningen sine fem tips til kva du må unngå når du inngår ein avtale med utleiger:
1. Unngå streng vedlikehaldsplikt
Visste du at du kan måtte pusse opp leilegheita du leiger når du flyttar ut?
Vedlikehaldsplikta er noko som er lite kjent for mange, men noko ein bør unngå, ifølgje Rennesund.
– Dette er nærmast full avtalefridom om vedlikehaldsansvaret i leigeforhold, og dette betyr at utleiger kan pålegge leigetakar svært strengt vedlikehaldsansvar i leigekontrakten. Dette er ikkje noko du absolutt bør unngå, men noko du bør vere klar over før du bind deg. Fleire standardkontraktar opererer med eit tiltakande vedlikehaldsansvar, som vert strengare dess lenger du bur i leilegheita, fortel Rennesund.
I enkelte leigeforhold vil ein kunne stå ansvarleg for å til dømes måle vegger og skifte golv om ein bur der lenge nok.
– Det er også ein del kontraktar som fastslår at utleiger ikkje pliktar å kjøpe nye kvitevarer dersom dei eksisterande blir øydelagt. Slike avtalar er ikkje i seg sjølv noko gale, men du bør vere klar over det før du bind deg til avtalen.
2. Unngå betalingsmisleghald
Er det noko ein må unngå, så er det å betale leiga for seint. Om du likevel skulle vere så uheldig å faktisk gløyme å betale husleiga, vil du ikkje bli kasta ut på dagen.
NRK har også skrive om Jon Erik Kvåle Øien som ikkje var flink nok til å betale husleiga i tide. Det fekk konsekvensar.
- Les saka her: Betalte husleige – blei kasta ut dagen etter
– Du har ei rekkje vern som leigetakar. Det er likevel lurt å vere forsiktig med å betale for seint, ettersom det på sikt gir utleiger rett til å seie deg opp. Dei fleste kontraktar har også ein utkastingsklausul, som betyr at om du betaler for seint, så kan utleiger reise sak for namsmannen etter eit 14-dagars varsel. Du vil då måtte erstatte utleiger sine kostnader med dette sjølv om du seinare betalar den leiga du skuldar.
3. Unngå munnleg oppseiing
Sjølv om ein munnleg avtale er like gyldig som ein skriftleg, kan det vere lurt å bekrefte det skriftleg. På den måten blir det ikkje ord mot ord.
– Som leigetakar er det ikkje formkrav til oppseiinga di, og du kan derfor seie opp leigekontrakten munnleg. For at du skal kunne bevise dette i ettertid bør du likevel passe på å sende oppseiinga skriftleg, seier Rennesund.
4. Unngå usikkerheit ved tilbakelevering
– Når du har leigd den same bustaden ei stund, så er det ofte lurt å gå gjennom leilegheita saman med utleiger ei tid før du offisielt flyttar ut. Dette gir dykk moglegheita til å oppdage ting du eventuelt må utbetre medan du framleis har tilgang til leilegheita.
Dette er ikkje noko du kan krevje at utleiger blir med på, men det er ofte lurt for begge partar.
5. Unngå kollektiv med solidaransvar
Å bu i kollektiv er ofte inngangen til bustadmarknaden for mange. Her er det ekstra viktig å sjå korleis kontrakten er sett opp.
– Dersom ein leiger i eit kollektiv, og alle står på same kontrakt, så har dette ei rekkje følgjer som mange ikkje er klar over. Utgangspunktet er mellom anna at leigetakarane er solidarisk ansvarlege, som vil seie at dersom ein i kollektivet ikkje betalar leiga, så kan utleiger krevje betaling frå ein eller fleire i staden for.
Rennesund meiner Husleigelova er ein lettlesen og god lov, som inneheld god informasjon. Når det kjem til reglar for å bu i kollektiv derimot, tykkjer han det er fleire manglar.
– Husleigelova har veldig få reglar for forholdet mellom leigetakarane i slike kollektiv, og det kan derfor oppstå ein del usikkerheit – som når ein skal seie opp leilegheita. Dette kan fungere heilt fint, men det er viktig at dei som flyttar inn er klar over kva det går inn i.
- Les også: Tips til deg som skal ut på leiemarkedet
På Leieboerforeningen sine nettstader kan du finne enno fleire tips og råd til deg som skal leige bustad.