Ofte er årsaka til kø vegarbeid eller ei trafikkulykke, men føler du nokon gonger at køen berre oppstår ut av ingen ting?
Det er ikkje ei innbilling.
Overraskande køyring kan føre til «sjokkbølge»
For veldig ofte er årsaka til køen at nokon har køyrd lite fornuftig. Arvid Aakre er leiar for trafikkteknisk senter ved NTNU. Han fortel at ein enkelt bilist kan vere med på lage lange køar. Kjappe filskifte som gjer at dei bak må bråbremse kan forårsake mykje kø.
– Me må ikkje gjere noko som er overraskande for andre bilistar, som gjer at dei må bråbremse. For da lagar dei noko som me kallar ein «sjokkbølge» bakover. Det kan føre til eit totalt samanbrot. Små manøvrar som det kan føre til køar på opp i mot ein time, seier Aakre.
RÅD: Arvid Aakre er leiar for trafikkteknisk senter ved NTNU. Han kjem med fleire råd til korleis ein kan forhindre bilkø.
Foto: Klara Skovro Thoresen / NRKNår to filer går over i ei så er det ofte slik at den eine fila står stille, medan den andre har nokre få bilar som susar forbi køen. Du har kanskje irritert deg over dei få som durar forbi, for så å blinke seg inn heilt i enden. Det kan du slutte å ergre deg over ifølge Aakre.
– Viss det er to filer, så bør ein bruke begge køyrefelta. Det er heller ikkje lurt å blinke seg inn for tidleg for å flette. Det er mest lønsamt å køyre i begge filene heilt fram til der det går over i ei fil, for så å lage flettepunkt der. Ideelt sett burde det vere like mange bilar, og like høg hastigheit i båe køyrefelta, seier han.
Trafikantane har ofte skulda for køen
I 2015 kom Norges Automobil-Forbund (NAF) med ein rapport som konkluderte med at bilkøen gjer at samfunnet tapar 2,6 millionar kroner i minuttet.
– Svært ofte er det trafikantane som gjer at køen blir for lang. Dei bidrar med å forlenge køen ved å vere for lite påskrudd i trafikken, seier Aakre.
UOPPMERKSAME: Bilistar som ikkje følger godt nok med kan vere med på at køen tar lengre tid enn nødvendig.
Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpixDet er lite som er så irriterande som å sitte i ein trafikkork, men ein kan spele ein rolle om ein først hamnar i den. For ofte hadde ikkje køen trengt å ta så lang tid som den gjer.
– Mange hamnar i bilkø, og set seg ned og finn på noko anna å gjere. Det er viktig å følge med på trafikken framfor seg, gjerne to-tre bilar fram. Også må ein vere førebudd på å køyre når det er din tur, fortel han vidare.
Du har sikkert sett det, eller gjort det sjølv. Bilen framfor deg i køen køyrer nokre meter fram. Det er da enkelt å tenke at det ikkje hastar å følge etter, men det kan få store ringverknadar for dei som er lengre bak i køen.
– I kø så bør ein prøve å ha så små luker som mogleg. Det er avstanden til bilen framfor deg som avgjer kor mange bilar ein får gjennom per time, seier Aakre.
Ved vanleg køyring så skal ein ha ein tre sekund i avstand til bilen framfor seg, men det gjeld ikkje når ein hamnar i kø.
KØYR TETT: Det er viktig å følge på bilen framfor når den køyrer.
Foto: Vidar RuudDet å følge på bilen framfor vil likevel ikkje ha noko særleg å seie for ein sjølv. Derfor er det viktig å tenke litt større på det.
– Sjølv om me er litt meir effektive så vil ikkje det ha så mykje effekt på tida me sjølv brukar i køen, men det vil hjelpe for dei som er bak oss. Ein må vere litt solidarisk. Dette er ein stor dugnad, seier Aakre.