Dette kan bli dei nye krava til bustadkjøp

Innstrammingar på bruk av avdragsfrie lån, og mindre bruk av skjønn ved utlån. Det er nokre av Finanstilsynets forslag til korleis bustadprisar og gjeldsvekst skal bremsast.

Bolig visning

Bustadprisane går stadig oppover. I dag la Finanstilsynet fram forslag til korleis ein kan bremse utviklinga, på oppdrag frå finansminister Siv Jensen.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / NTB scanpix

Tilsynet legg fram sine forslag etter at dei fekk ein tidagars frist frå finansminister Siv Jensen (Frp). Oppdraget var enkelt: Vurder tiltak som kan bidra til å bremse veksten i bustadprisane.

LES MEIR OM FINANSTILSYNETS VEDTAK HER

Mindre skjønn, strengare krav til eigenkapital og mindre avdragsfridom

Og nokre av forslaga er som følger:

  • Mindre bruk av skjønn ved utlån.

Tilsynet føreslår å stille strengare krav til bankane ved utlån av pengar. Det skal strammast inn på bruk av skjønn, og om ein har lite eigenkapital, så skal høg løn likevel ikkje gjere det enklare å få lån.

Finanstilsynet føreslår at kravet til eigenkapital skal vere likt som i dag: 15 prosent av kjøpesummen.

  • Ingen avdragsfridom ved lån over 65 prosent av bustadverdien

Det vert også føreslått å fjerne moglegheita for avdragsfridom for alle lån som er over 65 prosent av bustadens verdi. I dag tilbyr enkelte bankar lån, der ein kan sleppe å betale avdrag dei første åra etter lånestart, men dette vil tilsynet ha ein slutt på.

Dei vil at alle som har finansiert meir enn 65 prosent av bustadkjøpet i form av lån, skal betale minst 2,5 prosent i avdragsbetaling kvart år frå lånet vert oppretta.

  • Låntakar må kunne tole renteauke på seks prosent

Finanstilsynet meiner også at lånetakarar må kunne tole ei renteauke på seks prosentpoeng, mot fem prosentpoeng i dag.

Siv Jensen har i dag sagt at ho vil ha dei ulike forslaga ut på høyring.

Renta kan gå ned

Det Finanstilsynet i dag legg fram, er berre forslag, som må handterast og vurderast politisk før det eventuelt får følger.

Fleire økonomar hadde på førehand bede regjeringa om å fjerne skattefordelane som følger av høg bustadgjeld. Men statsminister Erna Solberg (H) har uttalt seg kritisk til forslaget, og meiner det kan føre til bustadkrakk.

Fleire ekspertar meiner at Noregs Bank vil sette ned styringsrenta denne veka, og det vil i så fall kunne føre til endå fleire vil ta opp meir i lån.

Erna Solberg

Statsminister Erna Solberg (H) og finansminister Siv Jensen (Frp), bak, er begge uroa for den høge gjeldsbyrda blant nordmenn.

Foto: Pedersen, Terje / NTB scanpix

Jensen og Solberg uroa for gjeldsbyrda

Finansminister Jensen er uroa for kombinasjonen av høg gjeldsbyrde og høge bustadprisar, og meiner dette held styringsrenta høgare enn den elles ville vere. Denne kombinasjonen aukar risikoen for økonomisk ustabilitet, meiner ho.

– Om mange hushaldningar får problem, så er det ikkje berre vondt og vanskeleg for den enkelte. Då vert det til sjuande og sist også eit større samfunnsproblem. Derfor må me vere føre var, seier Jensen.

Også statsminister Solberg er uroa for at enkeltpersonar låner for mykje, og at følgene kan bli alvorlege den dagen den norske økonomien endrar seg og renta går opp.

– Sjølv om det er billig å låne akkurat no, så er det viktig å tenke nøye gjennom eigen økonomi før ein vert freista til å låne meir pengar, har Solberg sagt til NTB.

Men statsministeren understrekar samstundes at ho trur dei fleste nordmenn har kontroll på økonomien.

SISTE NYTT

Siste meldinger