Dette er 22.juli-kritikken mot politiet

Valet av gummibåt til Utøya og elendige varslingssystem er sentrale punkt i kritikken av politiet sitt arbeid den 22.juli. Politiet legg seg neppe flate i evalueringsrapporten som blir offentleg i dag.

Beredskapen i Oslo og på Utøya den 22.juli

over tre timar og 77 menneskeliv gjekk tapt frå bomba eksploderte i Regjeringskvartalet til politiet arresterte terroristen Anders Behring Breivik på Utøya. Politiet meiner dei gjorde det dei kunne, men får kritikk frå fleire hald for ei dårleg handtering av situasjonen.

Foto: Montasje / NRK / Scanpix

I løpet av dei siste sju månadene har det såkalla Sønderland-utvalet vurdert innsatsen til politiet den 22.juli og i vekene etterpå.

Klokka 12 i dag får Politidirektoratet overrekt den endelege evalueringsrapporten.

Politirapporten vil peika på minst 100 læringspunkt: betre planar, meir trening, meir førebygging, betre samarbeid mellom forsvar og politi, oppgraderte varslingssystem og nye rutinar.

For dei mange som stiller spørsmålsteikn ved politiinnsatsen den 22.juli, blir det likevel få svar å henta i rapporten.

Leiaren av utvalet, Olav Sønderland har understreka at føremålet med rapporten ikkje er å leita etter syndebukkar, men å koma fram til tiltak som kan betre innsatsevna til politiet i framtida.

Les også: Politiet tar ingen selvkritikk etter 22.juli
Få overblikk: Interaktivt kart over Utøya

Dei kritiske spørsmåla

Breivik vart pågripen på Utøya mellom klokka 18.32 og 18.34. Det var ein dryg time etter at Nordre Buskerud fekk den første meldinga om skytinga, og over tre timar etter at bomba gjekk av i Regjeringskvartalet.

I mellomtida vart 77 menneske drepne av terroristen.

Mange pårørande, etterlatne, overlevande og vitne sit att med eitt sentralt spørsmål etter terrordagen: Kunne politiet ha arrestert massedrapsmannen Anders Behring Breivik på eit tidlegare tidspunkt, og på den måten ha redda fleire liv?

Her er nokre av punkta som politiet har fått kritikk for etter 22.juli:

Sjøruter til Utøya

Karta viser to ulike sjøruter til Utøya. Politiet valde ein tre kilometer lang omveg - med gummibåt.

Foto: Illustrasjonskart / NRK

  • Valet av fartøy og utfartsstad over til Utøya

Den raude gummibåten har blitt ståande som eit symbol på kritikken av innsatsen til politiet den 22.juli.

Det låg fleire titals fritidsbåtar i Utvika-hamna, berre 675 meter unna Utøya-kaien med båt. Likevel valde lokalt politi å henta beredskapstroppen med ein medbrakt gummibåt ved kaien på Storøya, 3,64 kilometer frå Utøya med båt.

LES OGSÅ: Innrømmer å ha teke omveg til Utøya
LES OGSÅ: Full forvirring om hvordan politiet skulle komme seg til Utøya

Politiet i Nordre Buskerud seier det var «polititaktiske vurderingar» som gjorde at dei omdirigerte beredskapstroppen frå Utvika til Storøya.

Gummibåten tok inn vatn då 11 mann med blei lasta om bord, alle med 30 kilo ekstra i våpen, skjold og vestar. Den overlasta båten gjekk i sneglefart i rundt to minutt før den fekk motorstopp.

To sivile båtar kom omsider til unnsetning og tok beredskapstroppen over til Utøya. Overfarten tok totalt 20 minutt.

Til samanlikning brukte ein politipatrulje frå nabokommunen Vikersund berre 25 minutt på å rykkja ut til lensmannskontoret, skaffa seg våpen, utstyr og båt og å koma seg over til Utøya. Men patruljen blei varsla for seint, skriv Aftenposten.

Politiet på veg til Utøya i gummibåt

Politiet på veg til Utøya i ein overlasta, lekk gummibåt.

  • Sviktande varslingssystem
  1. Riksalarmen fungerte ikkje, og hadde heller aldri vore testa før den 22.juli.

    Politiet brukte 77 minutt frå bomba small i Regjeringskvartalet til dei slo Riksalarm. Då riksalarmen omsider blei utløyst, var det ingen av dei 27 politidistrikta i landet som fanga den opp. I fleire distrikt hadde dei skrudd av maskinane som tek imot varslinga.
  2. Personar som forsøkte å ringja 112-nummeret for å varsla om skytinga på Utøya fekk ikkje svar. Nordre Buskerud politidistrikt kunne berre svara to om gongen, og hadde om lag 40 samtalar på vent då Breivik skaut mot ungdommane på Utøya.

    Noreg er det einaste landet i Skandinavia der ein risikerer å bli ståande i telefonkø dersom ein ringjer naudnummeret 112.
  3. Den store pågangen etter terrorangrepet i Oslo førte til at det automatiske interne varslingssystemet braut saman. Mange spesialtrente politifolk fekk dermed aldri beskjed om å koma på jobb.

    Allereie i 2006, under ei anti-terror-øving i oslo, vart denne mangelen på kommunikasjon mellom etatane i krisearbeid avdekt.
  • Dårleg bemanning

Fredag ettermiddag den 22.juli var det halvparten så mange politifolk på vakt som elles i veka, syner tal frå politiet sine bemanningssystem.

Då naudmeldingane om skyting på Utøya begynte tikka inn, sat éin person på operasjonssentralen på Hønefoss politistasjon og var åleine om å ta 112-telefonane. Fem andre polititenestemenn var på jobb på stasjonen.

Sentrum politistasjon i Oslo hadde berre fire på vakt. I tillegg tok det nesten halvannan time frå bomba eksploderte til krisestaben i Oslo politidistrikt var samla.

Les også: Slik reagerte politiet på terroren

Video Utøya - her ble gjerningsmannen pågrepet, Håvard Gåsbakk

Her blei Breivik arrestert på Utøya den 22.juli.

  • Kommunikasjonssvikt internt i politiet

Beredskapstroppen gjekk i land på Utøya rundt klokka 18.26, og arresterte Breivik 6-8 minutt etterpå.

Nordre Buskerud politidistrikt meiner dei kunne ha vore på Utøya 16 minutt tidlegare, men at dei interne sambandsproblema og rutinesvikt forseinka operasjonen.

Eit gammalt analogt sambandssystem frå 1960-talet forkludra kontakten mellom beredskapstroppen, operasjonssentralen i Hønefoss, dei lokale mannskapa i politibåten og patruljane på land, kjem det fram i interne evalueringar.

Sambandstrøbbelet førde blant anna til at Beredskapstroppen aldri fekk kontrabeskjeden om at det var sivile båtar tilgjengelege i Utvika.

LES OGSÅ: Fikk beskjed om at det ikke fantes båter i Utvika

Beredskapstroppen går i land på Utøya 22. juli 2011

Her går beredskapstroppen i land på Utøya den 22.juli, rundt klokka 18.25.

Foto: Marius Arnesen / NRK
  • Samarbeidet med Forsvaret

Loggane frå 22.juli viser at det tok tre og ein halv time frå det første åtaket til første førespurnaden om respons frå Forsvaret.

Dermed var ikkje det første Bell-helikopteret frå Forsvaret på plass ved Storøya før klokka 19.30 - om lag ein time etter at Breivik var arrestert.

22.juli-komiteen på Stortinget etterlyser tiltak som kan styrkja samarbeidet mellom forsvaret og politiet for å unngå lang responstid og uklare ansvarsområde.

Forsvarsdepartementet erkjenner også at det er behov for ei forenkling av bistandsinstruksen. Politiet sjølv står fast ved at samarbeidet fungerte godt.

« Fra samvirkende aktører er det vist et godt samarbeid mellom disse og politiet» var bodskapen frå politiet då dei orienterte om arbeidet med rapporten i desember i fjor.

LES OGSÅ: Forsvaret om beredskapen 22.juli

  • Mangelen på helikopter

Politiet sitt eige helikopter stod på bakken då terroren råka den 22.juli. Mannskapen var på ferie, men ringde sjølv inn og melde seg til teneste kort tid etter at bomba gjekk av. Dei fekk beskjed om å venta.

Først fire timar etter at Breivik var arrestert, var politihelikopteret i lufta. Det brukte åtte minutt på turen frå Oslo til Utøya.

Les også: Får nytt politihelikopter til sommeren

SISTE NYTT

Siste meldinger