Dette felte Nav-direktøren

Nav-direktøren fekk allereie før påske beskjed om han ville bli sparka. – Det er summen av mange ting som er bakgrunnen for valet mitt, seier arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) til NRK.

Joakim Lystad

FEKK SPARKEN: Joakim Lystad har fått sparken som Nav-sjef. Han fekk beskjeden allereie før påske.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Det har storma rundt Nav-direktør Joakim Lystad den siste tida, og i dag fekk han sparken av statsråd Eriksson.

Lystad får sparken dagen etter at eit ekspertutval slo fast at Nav ikkje lykkast med å hjelpe fleire personar i arbeid.

– Det er summen av mange ting som er bakgrunnen for valet mitt. Eg tok avgjerda før rapporten blei lagt fram i går, seier Eriksson til NRK.

Lystad fekk beskjeden om at han får sparken allereie før påske.

Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson sier at det har vært stor uro og utfordringer med planleggingen og gjennomføring av IKT-moderniseringen.

NY KRAFT: Arbeids- og sosialminister Robert Eriksson (Frp) seier han treng ny «kraft og energi» i Nav.

Treng ny «kraft og energi»

Eriksson sa på ein pressekonferanse fredag at han treng ny «kraft og energi» i Nav, og lista opp følgjande grunnar for valet sitt:

  • «Stor uro og utfordring om gjennomføring og planlegging av IKT-satsinga»
  • «To høyringar i Kontroll- og konstitusjonskomiteen som har stilt spørsmål om gjennomføringskraft»
  • «Nav har vore meir opptekne av system enn folk»

Kostnadssprekk i milliardklassen

Nav-direktør Joakim Lystad vart kalla inn på teppet til Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget to gonger på to månader. I den siste høyringa, som var 2. februar i år, innrømte Lystad ein kostnadssprekk på 1,5 milliardar kroner.

Den samla kostnaden på moderniseringa av etaten blir difor minst 4,8 milliardar kroner, ikkje 3,3 milliardar kroner, slik Lystad uttalte i den første høyringa, som var 28. november i fjor.

Åpen høring i Stortinget

PRESSA OM IKT: Leiar for Kontroll- og konstitusjonskomiteen, Martin Kolberg (Ap), grilla Nav-direktør Joakim Lystad i den første høyringa 28. november 2014.

Fleire millionar kasta bort

Nav har kasta bort minst 110 millionar kroner på eit IKT-program som havarerte. Dette har Nav-sjefen tatt sjølvkritikk for, men har ikkje kunne forklare kvifor dei mislykkast.

Kjersti Monland

NY SJEF: Kjersti Monland, noværande IKT-direktør i Nav, er konsitituert som Nav-sjef.

Foto: NRK

I ein rapport frå Riksrevisjonen kom det fram at 723 millionar kroner har gått med i moderniseringsarbeidet av IKT i Nav, frå prosjektet starta i august 2012 til utgangen av 2013. I oktober 2013 blei prosjektet skrinlagt, og ein organisasjon på 200 tilsette vart oppløyst.

«Midler har gått tapt som følge av avviklingen av prosjektorganisasjonen og endret realiseringsstrategi,» står det i rapporten.

340 millionar kroner skal ha gått tapt i omlegginga, har Nav anslått.

Ny direktør på plass

Statsråden takka også Nav-direktøren for innsatsen som leiar for landets største etat.

– Det er ein vanskeleg etat å styre, men dette er grep eg må gjere for at eg skal lykkast med mitt viktigaste prosjekt, seier Eriksson.

Kjersti Monland blir konstituert direktør for NAV, opplyste Eriksson på pressekonferansen fredag.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger