Dette er pasientane som var med i AstraZeneca-undersøkinga

Norske forskarar har vist ein samanheng mellom AstraZenecas vaksine og alvorleg blodpropp. Legane undersøkte forløpet til fem pasientar. Tre av dei døydde.

AstraZeneca

Pasientar som fekk AstraZeneca-vaksinen fekk høge nivå av antistoff som kan føre til blodplatefall og blodpropp, viser ei undersøking norske forskarar har gjort. Dei undersøkte forløpet til fem pasientar som fekk alvorlege symptom etter vaksinering.

Foto: Matthias Schrader / AP

Denne artikkelen er over en måned gammel, og kan inneholde utdaterte råd fra myndighetene angående koronasmitten.

Hold deg oppdatert i NRKs oversikt, eller gjennom FHIs nettsider.

I alt elleve medisinske fagfolk ved Oslo universitetssjukehus og Universitetssjukehuset Nord-Norge har den siste tida arbeidd for å sjå om det er ein samanheng mellom vaksinen til AstraZeneca og alvorleg blodpropp, låge blodplater og blødingar.

Fredag publiserte dei funna i publisert i det medisinske tidsskriftet The New England Journal of Medicine.

Dei undersøkte fem av pasientane som fekk alvorlege reaksjonar etter å ha fått vaksinen, og fann blant anna svært høge antistoff i blodet, som kan føre til blodplatefall og blodpropp.

Dei fem pasientane

Den yngste av pasientane var 32 år, den eldste 54 år. Felles for alle fem var at dei kom til sjukehus med alt frå feber og hovudverk til redusert medvit om lag ei veke etter vaksinasjon.

Undersøkingar som blei gjort ved sjukehuset viste at fleire av pasientane hadde låge blodplateverdiar og blodproppar i kroppen. Fleire av pasientane blei behandla med blodfortynnande medisinar og blodplatetransplantasjon.

Nokre av pasientane måtte også gjennom operasjonar på grunn av hevingar i hovudet.

Tre av dei fem pasientane i undersøkinga døydde av reaksjonane dei fekk.

Pause i vaksineringa

Bruken av AstraZeneca-vaksinen i Noreg blei sett på pause 11. mars, etter at det blei påvist biverknader hos ein del av dei som hadde fått vaksinen.

Etter vaksinestoppen har vi fått rundt 170.000 nye dosar av vaksinen.

Det er uvisst om desse kjem til å bli brukt. 15. april skal FHI ta stilling til om dei vil ta opp igjen bruken av vaksinen. Då vil vi ha rundt 200.000 ubrukte dosar av vaksinen.

Dersom han blir stoppa permanent, vil det forsinke vaksinetempoet i Noreg med nokre veker, ifølge FHI. Men då må dei andre produsentane levere som venta.

Dette er pasientane som blei undersøkt:

Mer om koronaviruset

Status Norge

Sist oppdatert: 16.05.2021
2 350
Smittede siste 7 dager
109
Innlagte
774
Døde
1 556 905
Vaksinerte

SISTE NYTT

Siste meldinger