Dette er lekkasjane frå Solberg-regjeringas siste budsjett

Solberg-regjeringa leverer tysdag sitt siste forslag til statsbudsjett. Der foreslår dei blant anna å gi barn og unge eit milliardløft og hjelpe koronautsette verksemder over kneika.

Eksamensperioden starter i dag

Tysdag legg finansminister Jan Tore Sanner (H) fram det siste forslaget til statsbudsjett frå Solberg-regjeringa. Regjeringa foreslår mellom anna 1,5 milliardar kroner i skattelette til unge med låg eller middels inntekt. Studentar og unge i etableringsfasen er blant dei som kan tene på dette.

Foto: Johan Mihle Laugaland / NRK

Tysdag legg finansminister Jan Tore Sanner (H) fram det siste forslaget til statsbudsjett frå Solberg-regjeringa før dei går av.

Denne gongen treng dei ikkje ta omsyn til at budsjettet skal få fleirtal i Stortinget når dei gjer prioriteringane sine.

Den nye fleirtalet på Stortinget har varsla at dei ønsker seg ein ny politisk kurs. Difor kan det ligge til rette for fleire endringar når den nye regjeringa med Arbeidarpartiet og Senterpartiet tek over, og det endelege statsbudsjettet blir vedteke.

Statsbudsjettet er i utgangspunktet hemmeleg fram til det blir offentleggjort av finansministeren under finanstalen på Stortinget. Men det kjem nesten alltid lekkasjar, og i eit år med valkamp har det vore fleire.

Koronamillionar til kommunane

Sjølv om landet har opna igjen etter pandemien, og mange av krisetiltaka no er avvikla, er det framleis spor etter korona i budsjettforslaget. Blant anna vil dei dele ut 330 millionar kroner til kommunar med næringsliv som framleis har vanskar etter pandemien.

Det er særleg reiselivsmarknaden som framleis har vanskar etter reiserestriksjonane. Målet er at pengane skal hjelpe verksemdene i den siste fasen av pandemien, skriv regjeringa i ei pressemelding måndag.

Nordkapp

Norsk reiseliv har hatt to unormale somrar. Solberg-regjeringa foreslår å løyve 330 millionar kroner for å hjelpe blant anna reiselivsnæringa over den siste kneika etter pandemien.

Foto: Berit Roald / NTB

Regjeringa foreslår også å gi ein milliard kroner ekstra til Husbanken som skal bidra til at fleire i distrikta får bustadlån.

I tillegg foreslår dei å gi 40 millionar kroner til eit nytt distriktsprogram for kompetanseutvikling og ei søknadsbasert ordning for studiesenter og liknande. Målet er at folk skal kunne ta høgare utdanning eller vidareutdanne seg nært der dei bur.

Og så vil dei å løyve 50 millionar ekstra i investeringstilskot til tryggingsbustader for eldre i distriktskommunar i budsjettforslaget.

Endringar i skatt og avgifter

Etter nokre veker med høge straumprisar denne hausten kjem regjeringa til å redusere elavgifta i sitt forslag til statsbudsjett for 2022. Det er snakk om eit kutt på 1,5 øre, som ifølge Dagens Næringsliv vil kunne spare forbrukarane for over ein milliard kroner i utgifter.

Samtidig kjem CO₂-avgifta truleg til å gå opp, men det er uvisst kor mykje. Dette gjer regjeringa fordi det skal koste meir å forureine. Det betyr blant anna at bensin og diesel blir dyrare.

For å kompensere dette, vil regjeringa også heve pendlarfrådraget i 300 distriktskommunar.

Morgenstemning i Oslo

Etter ein haust med høge straumprisar, vil regjeringa kutte i elavgifta.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

Dei som vurderer å kjøpe seg elbil kan nyte godt av momsfritak også i 2022, dersom den avtroppande regjeringa får det som dei vil.

Solberg-regjeringa foreslår også å la skatt på opsjonar bli utsett til aksjane blir selde. Og då skal dei skattast som kapitalskatt, og ikkje som lønnsskatt, som i dag.

Opsjonsskatteordninga blir også foreslått utvida til å gjelde selskap med opp mot 50 tilsette, 80 millionar i omsetning og 10 år gamle selskap.

Meir til barn og unge

Fem dagar før valdagen kom Solberg-regjeringa med eit milliardløfte til barn og unge. Dei foreslår blant anna å bruke 200 millionar kroner til psykisk helse og 403 millionar kroner for å sikre at unge fullfører vidaregåande skule.

I tillegg kjem det forslag om å løyve 104,2 millionar kroner til ekstra timar i naturfag og 20,5 millionar kroner til lærarspesialistar.

Regjeringa vil også gi rundt 1,5 milliardar kroner i skattelette til unge under 30 år som har jobbar med låg eller middels inntekt neste år.

Student i lesesal

Studentar og unge i etableringsfasen er blant dei som kan tene på forslaget om 1,5 milliardar kroner i skattelette til unge med låg eller middels inntekt

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB

Solberg-regjeringa varslar også at dei vil styrke bustønaden med 70 millionar kroner til neste år. Statsminister Erna Solberg (H) sa i september at dette er eitt av dei viktigaste verkemidla i kampen mot barnefattigdom.

Det skal også kome 400 millionar kroner til fritidskortordninga. Dette er ei ordning som gir barn mellom 6 og 18 år 2000 kroner i fritidsaktivitetar. Ordninga har vore ei prøveordning i 24 kommunar, men kan no bli utvida.

Milliardar til samferdsel

Samferdsel har vore eitt av satsingsområda til Solberg-regjeringa, blant anna gjennom etableringa av selskapet Nye Veier.

I forslaget til statsbudsjett har regjeringa sett av ein milliard kroner til ei ny låneordning for selskapet, som skal gå til bygging av Ringeriksbanen.

Ringeriksbanen

I 2015 blei det feira med kake då planlegginga av den nye Ringeriksbanen skulle starte.

Foto: Anette Skafjeld / NRK

Dei foreslår også å løyve 200 millionar kroner av totalt 3,1 milliardar kroner som staten har lova til ein ny flyplass i Bodø.

I tillegg foreslår regjeringa å gi 100 millionar kroner til ny E16 mellom Arna og Voss.

Omfordeler statsstøtte

I budsjettet for neste år har den avtroppande regjeringa også bestemt seg for å fjerne statsstøtta til den omstridde og islamkritiske organisasjonen Human Rights Service.

Også den påtroppande regjeringa har sagt at dei vil fjerne denne støtta.

Solberg-regjeringa foreslo å fjerne støtta også i 2019, men då blei ho forhandla tilbake i Stortinget.

Pengane blir i staden fordelt til andre tiltak mot gjengkriminalitet og vald i nære relasjonar.

Regjeringa har også foreslått å løyve 4 millionar kroner for styrke arbeidet mot rasisme. Dei ønsker å fordele på ulike freds og menneskerettssenter.

Bistand og miljø

I det siste budsjettet til Solberg-regjeringa foreslår dei også å auke bistandsbudsjettet med 3,8 milliardar kroner, skriv Vårt Land.

I tillegg blir det sett av 2 milliardar til eit klimafond som skal støtte omlegging til fornybar energi i utviklingsland.

Også klimainvesteringsfondet Nysnø får auka løyvingane sine til 900 millionar kroner i budsjettforslaget. Det er 200 millionar kroner meir enn i årets budsjett.

Regjeringa forslår også å løyve 110 millionar kroner til Blått bygg ved Nord universitetet i Bodø, og 10 millionar kroner til brukarutstyr. Det nye bygget skal blant anna gi laboratorium, forelesingssalar og kontor for Fakultet for biovitskap og akvakultur.

Etter invasjonen av pukkellaks i sommar foreslår regjeringa også å sette av pengar til fleire feller i elvane i Finnmark.

Romfart og forsvarssatsing

Den avtroppande regjeringa har funne plass til fleire millionløyvingar til prosjekt i Nord-Noreg til neste år.

Fredag gav Solberg-regjeringa også grønt lys for å etablere oppskytingsbase for satellittar på Andøya. Dei foreslår å løyve til saman 365 millionar kroner til etablering av Andøya Spaceport.

Regjeringa foreslår også å bruke 451 millionar kroner for å satse på Garnisonen i Porsanger.

SKREI i Lofoten. Museum Nord

Slik skal delar av det planlagde skrei-museet i Lofoten sjå ut.

Foto: LPO arkitekter

I august kom også kultur- og likestillingsminister Abid Raja med ein lovnad om å bidra til fullfinansiering av skrei-museum i Lofoten. Han lova 162 millionar kroner til prosjektet, som etter planen skal ha byggestart til neste år.

Meir pengar til politiet

I budsjettet kjem det også fram at regjeringa vil styrke påtalemakta med 20 millionar ekstra Dette er eit ledd i satsinga på domstolane.

Dei foreslår også ¨å løyve 68,2 millioner til 55 årsverk i politiet. Pengane skal brukast til å vidareføre mildlertidige stillingar.

Regjeringa vil at fleire valdsutøvarar skal bruke fotlenke, såkalla omvendt valdsalarm.

Dei løyver 10 millionar kroner for å overvinne vald og overgrep i nære relasjonar.

Andre forslag

  • Regjeringa løyver ekstra pengar for at kommunane skal kunne busette rundt 15 flyktningar som har sitte lenge i asylmottak, og som har særskilt behov for tilrettelegging. Det blir gitt 6,7 mill til dette tiltaket til neste år. Det blir også gitt midlar til å opprette ei tilsynsordning for einslege, mindreårige asylsøkarar som bur i asylmottak.
  • Regjeringa ber kommunane bruke 100 millionar av veksten i frie inntekter til å tilsette fleire barnehagelærarar. Regjeringa foreslår i tillegg å gje 20 millionar kroner til eit nytt øyremerka tilskot som skal gje fleire barnehagepedagogar i levekårsutsette område.
  • Forslag om å løyve til saman 243 millionar kroner til etablering av ny redningshelikopterbase i Tromsø, og ein felles operasjon med Sysselmesterens helikopterteneste på Svalbard.

Regjeringa legg fram budsjettet i Stortinget klokka 10 tysdag.

NRK forklarer

Hvorfor er statsbudsjettet viktig?

Hvorfor er statsbudsjettet viktig?

Statsbudsjettet viser hvor mye penger regjeringen tror vil gå inn og ut av statens lommebok. Da får vi se hvor mye regjeringen vil bruke på for eksempel syke, skolebarn og hjelp til bedrifter. 

 

Statsbudsjettet har betydning for de fleste av oss. Hvor stor betydning avhenger av hvor mye du tjener, hva formuen din er, hva du spiser og drikker, og hvordan du kommer deg fra sted til sted.

 

I år foreslår for eksempel regjeringen å gjøre røyk og snus dyrere, gjøre strømmen litt billigere, og kutt i formueskatten. 

Hvem bestemmer hvordan budsjettet skal se ut?

I ett år jobber regjeringen med å lage et forslag til neste års statsbudsjett. Men det er et flertall av våre folkevalgte på Stortinget som har makten til å vedta budsjettet. 

 

Det er regjeringen Senterpartiet og Arbeiderpartiet danner som må finne partier på Stortinget å samarbeide med. Men budsjettet er det regjeringen til Høyre, Venstre og Krf som har laget.

Hvorfor lager de som er i regjering nå, statsbudsjett for den nye regjeringen?

Erna Solberg (H) sin regjering presenterer sitt siste statsbudsjett. Men etter valget i september er det ikke Solberg og hennes regjering som skal implementere budsjettet i politikken sin neste år.

 

Det er blant annet fordi det tar en del tid å lage et statsbudsjett. En regjering jobber hele året med å presentere sitt forslag til statsbudsjett. 

 

Det er mest sannsynlig Jonas Gahr Støre (Ap) som sammen med Senterpartiet skal danne en ny regjering. De kommer til å kunne endre noe, men mye av Solbergs statsbudsjett, må de bevare.

Hvor mektige er regjeringspartiene i Stortinget?

Senterpartiet og Arbeiderpartiet har til sammen 76 mandater i Stortinget. Det er færre enn de trenger for å ha flertall i Stortinget. For å få flertall må man nemlig ha mer enn 84 mandater. Derfor må partiene trolig finne andre partier som kan støtte budsjettet de vil ha gjennom. 

Får fylket mitt eller kommunen min bestemme noe?

Når regjeringen forbereder budsjettet, får alle fylker og kommuner si hva de trenger. Men det er representanter fra regionen din som må ta kampen i Stortinget.

 

I år har regjeringen for eksempel foreslått en reduksjon i rammetilskuddet til fylkeskommunene, samt en vekst i frie inntekter på 2 milliarder kroner til kommunene i 2022. 

Når må budsjettet vedtas?

Stortinget må bli enige om budsjettet før det nye året starter. Hvis partiene ikke blir enige, vil Norge havne i en budsjettkrise.

Hvorfor kommer også partiene med egne budsjett?

Med de alternative budsjettene til partiene viser hvordan de ville styrt norsk økonomi dersom de kunne bestemme helt selv. Da får velgerne se hva partiene vil kjempe for i forhandlingene om budsjettet.

 Hva skjer etter at statsbudsjettet er vedtatt?

Statsbudsjettet gir regjeringen fullmakt av Stortinget til å styre landets økonomi. Regjeringen har plikt til å følge budsjettet, selv om regjeringen ikke er enig i alt som ble vedtatt. 

Hvor mye oljepenger vil regjeringen bruke i år?

I sitt forslag vil regjeringen bruke 322,4 milliarder oljekroner. Det er godt under den såkalte handlingsregelen på 3 prosent, og 84,4 milliarder kroner mindre enn i år. 

 

Regjeringen peker på at mange av koronatiltakene skal avsluttes, og at det går bra i norsk økonomi. Forslaget til regjeringen betyr at en ny regjering kan bruke rundt 50 milliarder ekstra og fortsatt være innenfor handlingsregelen.

Hva i all verden er handlingsregelen?

Handlingregelen handler om at regjeringen i snitt ikke skal bruke mer enn 3 prosent av Oljefondet i året – det samme som man forventer at avkastningen til Oljefondet blir.

 

Dermed bruker man bare rentene av fondet, og ikke selve fondet, til glede for kommende generasjoner.

 

I helt spesielle tilfeller, som for eksempel en koronapandemi, åpner handlingsregelen for å midlertidig overskride 3 prosent. Men da skal man helst tilbake til 3-prosentbanen så raskt som mulig.

Hvordan går det med norsk økonomi?

Regjeringen mener at den økonomiske krisen som inntraff som følge av koronapandemien i hovedsak er over. De venter at farten i norsk økonomi vil ta seg betraktelig opp i år og til neste år.

 

Den økonomiske veksten er ventet å lande på 3,9 prosent i år og 3,8 prosent til neste år.

 

I tillegg forventer også regjeringen en arbeidsledighet på 2,4 prosent i snitt neste år - det er cirka en halvvering fra pandemiåret 2020.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger