Hopp til innhold

Dette er det nordmenn døyr av

Kreft er den vanlegaste årsaka til at folk under 70 år i Noreg døyr, viser ein ny rapport frå Folkehelseinstituttet. Halvparten av dødsfalla blir forklart av røyking, rus og usunn livsstil.

Begravelse

LEVER LENGER: I befolkninga under 70 år er kreft den viktigaste dødsårsaka. Etter fylte 70 år er det flest som døyr av hjarte- og karsjukdommar.

Foto: Illustrasjonsbilde / Colorbox

– Det er ikkje noko lystig lesing, seier Ole Alexander Opdalshei, medan han blar gjennom i rapporten.

Han er assisterande generalsekretær i Kreftforeningen, og rapporten stadfestar ein trend dei har sett.

– Vi blir ei eldre befolkning. Det betyr at det er fleire som får kreft, og fleire som døyr av det, samtidig som andre dødsårsaker relativt sett har gått ned, seier Opdalshei.

Eldre befolkning

Ole Alexander Opdalshei

DYSTERT: Røyking har ein stor del av skulda for at folk døyr tidleg, seier Ole Alexander Opdalshei, assisterande generalsekretær i Kreftforeningen.

Foto: Thomas Barstad Eckhoff

Rapporten «Sykdomsbyrde i Norge 2015» viser dei norske resultata frå eit internasjonalt prosjekt.

Den viser at vi stort sett lever lenge her i landet. Dei fleste dødsfall skjer etter fylte 80 år. Men for dei som døyr før dei blir 70, er kreft den vanlegaste årsaka.

– Kreft er ein alvorleg sjukdom, der det er behov for å gjere tiltak for diagnostisering og behandling betre, seier Opdalshei, som ønskjer seg eit betre behandlingstilbod.

Røyking

FHI-direktør Camilla Stoltenberg

FØREBYGGING: Direktør ved Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg, meiner det er viktig å forske meir på dei ulike dødsårsakene for å betre kunne førebygge sjukdommane.

Foto: Gunn Evy Auestad / NRK

Både blant kvinner og menn er det lungekreft som er den vanlegaste årsaka til at folk døyr før dei fyller 70 år. Det er risikofaktorar som til dømes røyking, altså ting folk gjer sjølve, som fører til halvparten av alle dødsfall i den norske befolkninga.

– Nesten halvparten av alle dødsfall under 70 år blir forklart av røyking, rusmiddel, alkohol, usunt kosthald, og lite fysisk aktivitet, seier direktør ved Folkehelseinstituttet, Camilla Stoltenberg.

Både ho og Opdalshei understrekar at sjølv om færre røyker no enn før, så er vi ikkje i mål.

– Vi veit at det framleis er for mange som røyker. Mange av desse begynte i tidleg alder, då dei var lettare utsette for sosialt press, og som opplever at det har vore vanskelege å slutte, seier Opdalshei.

Førebygging

For dei over 70 år er det flest som døyr av hjarte- og karsjukdommar. Her er også demens ei viktig årsak, saman med andre nevrologiske sjukdommar.

– Det som er annleis med demens og nevrologiske lidingar er at vi i mindre grad kjenner til årsakene, enn vi gjer for nokre kreftsjukdommar. Derfor blir det viktig å forske meir på dette, slik at ein kjem nærare betre førebygging og behandling, seier Stoltenberg.

Trass det dystre temaet i rapporten, peikar ho på at det også er gode nyheiter i statistikken.

– Frå 2005 til i dag har kreftdødstala, når ein justerer for alder, gått ned med 7 prosent. Heile 20 prosent færre døyr av hjarte- og karsjukdommar, seier Stoltenberg.

– Det viktigaste vi kan gjere er likevel førebygging, avsluttar ho.

AKTUELT NÅ