NRK Meny
Normal

Dei vert dei yngste på Stortinget

Gjennomsnittsalderen på Stortinget kan bli den lågaste nokon gong i historia. 18 personar vil vere under 30 år. Likevel ikkje godt nok, seier LNU.

Dei yngste stortingsrepresentantane

YNGST: Freddy Andre Øvstegård (22) frå SV i Østfold, Tore Storehaug (25) frå KrF i Sogn og Fjordane, Mari Holm Lønseth (26) frå Høgre i Sør Trøndelag, Solfrid Lerbrekk (26) frå SV i Rogaland, Marit Knutsdatter Strand (25) frå Sp i Oppland og Emilie Enger Mehl (24) frå Sp i Hedmark er blant dei yngste når Stortinget opnar i oktober.

Foto: NRK

Val

– Eg ynskjer å vere ein utfordrar mot dei gamle gubbane som det finst nok av på Stortinget. Vi treng meir nytenking og action, seier Freddy Øvstegård (22) som er valt inn på Stortinget for Østfold SV.

Han vert den yngste stortingsrepresentanten når Stortinget opnar igjen i oktober.

Freddy Øvstegård, Østfold SV

MINSTEMANN: Freddy Øvstegård (22) frå Sarpsborg vert yngst når Stortinget opnar igjen i oktober. I dag er han student og nestleiar i SU.

Foto: Sara Vilde Solås/NRK

Saman med 18 andre nyvalde representantar under 30 år er han med på å trekkje gjennomsnittsalderen på Stortinget ned frå 46,3 år i 2013 til 45,8 år i 2017.

– Det er gledeleg at eg og fleire av SV sine representantar er med på å trekkje snittet ned, men det er framleis slik at unge folk er underrepresentert på Stortinget, seier Øvstegård.

Han får støtte frå leiar i landsråd for norske barne- og ungdomsorganisasjonar.

– Dei eldste gløymer ofte korleis det er å vere ung. 40 prosent av befolkninga er under 30 år, men på Stortinget er det berre rundt 10 prosent i denne aldersgruppa, seier Rode Margrete Hegstad i LNU.

Ho er glad for at partia ved dette valet har våga å nominere unge kandidatar høgt, men at det framleis er ein veg å gå.

Stortingssalen

ELDRE FORSAMLING: Dei siste hundre åra har gjennomsnittsalderen på Stortineg lege rundt 50 år. Berre i 1993 var den nede i 45 år, som i år.

Foto: Ruud, Vidar / NTB Scanpix

Kan verte historias yngste Storting

Det er berre ein gong tidlegare, i 1993 at gjennomsnittsalderen på Stortinget har vore nede i 45 år. Men gjennomsnittet kan søkke enda meir.

Fleire unge kandidatar er aktuelle som vara på Stortinget for representantar som vil halde fram i statsrådsposisjonar i regjeringa.

Dette gjeld for eksempel Mathilde Tybring Gjedde (24) i Høgre som kan ta over Oslo-setet til Ine M. Eriksen Søreide dersom ho held fram som forsvarsminister, eller Aleksander Stokkebø (22) som kan ta Rogaland-plassen til helse- og omsorgsminister Bent Høie.

Aleksander Stokkebø

HEIDRA AV STATSMINISTEREN: Aleksander Stokkebø (22) frå Stavanger i Rogaland kan ta varaplassen på Stortinget dersom Bent Høie held dram som statsråd.

Foto: Mathias Oppedal / NRK

Stokkebø, som vart heidra av statsminister Erna Solberg valnatta, låg inne med ein stortingsplass like etter valnatta, men mista plassen til Øystein L. Hansen (60) frå Ap når nær alle stemmene var talt opp.

– Det er bra at vi får inn unge folk som kan vere med på å trekkje fram viktige saker for unge, som å kutte i klimagassutslepp eller å sikre at alle vert sett i skulen, seier han som er audmjuk for å få moglegheita.

Tybring Gjedde er ikkje like oppteken av alder.

– Eg ynskjer å lytte og få innspel frå mange, uavhengig av alder. Samtidig vil eg vere ei ung stemme i samfunnsdebatten, seier ho.

Dette vert dei yngste på Stortinget, under 30 år:

Troms

  1. Sandra Borch
    29 år, Senterpartiet

Nordland

  1. Wilfred Nordlund
    29 år, Senterpartiet

Sør-Trøndelag

  1. Sivert Bjørnstad
    26 år, Fremskrittspartiet
  2. Mari Holm Lønseth
    26 år, Høyre

Møre og Romsdal

  1. Fredric Holen Bjørdal
    27 år, Arbeiderpartiet
  2. Vetle Wang Soleim
    24 år, Høyre

Sogn og Fjordane

  1. Utjevningsmandat
    Tore Storehaug
    25 år, Kristelig Folkeparti

Hordaland

  1. Peter Christian Frølich
    29 år, Høyre
  2. Eigil Knutsen
    28 år, Arbeiderpartiet

Rogaland

  1. Utjevningsmandat
    Solfrid Lerbrekk
    26 år, Sosialistisk Venstreparti

Oppland

  1. Marit Knutsdatter Strand
    25 år, Senterpartiet

Hedmark

  1. Nils Kristen Sandtrøen
    28 år, Arbeiderpartiet
  2. Kristian Tonning-Riise
    28 år, Høyre
  3. Emilie Enger Mehl
    24 år, Senterpartiet

Akershus

  1. Himanshu Gulati
    29 år, Fremskrittspartiet
  2. Nicholas Wilkinson
    29 år, Sosialistisk Venstreparti

Østfold

  1. Elise Bjørnebekk-Waagen
    27 år, Arbeiderpartiet
  2. Utjevningsmandat
    Freddy Andre Øvstegård
    22 år, Sosialistisk Venstreparti

Finnmark, Nord-Trøndelag, Vest-Agder, Aust-Agder, Telemark, Vestfold, Buskerud og Oslo har ingen nye stortingsrepresentantar under 30 år.

Sandra Borch

FLEIRE KJENDE: Både tidlegare leiar i Senterungdommen, Sandra Borch, tidlegare leiar i Sosialistisk Ungdom, Nicholas Wilkinson, og noverande leiar i Unge Høgre, Kristian Tonning-Riise, er valt inn på Stortinget

Foto: Fredrik Varfjell / NTB scanpix

– Ikkje gløym dei eldste

Den liberale tankesmien Civita har over lengre tid vore uroa for dei eldste stortingsrepresentantane, som dei meiner er underrepresentert.

– Det har vore ein trend over tid at dei representantane som er over 60 år utgjer omkring ein av ti representantar, som er ein del færre i forhold til befolkninga elles, ei aldersgruppe som er veksande, seier rågjevar Eirik Løkke.

Hen meiner likevel nye unge representantar ikkje står i konflikt med dei eldre sine interesser.

– Uansett kor gammal du er som stortingsrepresentant er det svært vanskeleg å utfordre opparbeida rettar som dei eldste har, seier Løkka.

Hegstad i LNU legg til at kampen om stortingsplassar ikkje står mellom dei eldste og dei yngste;

– Dei er dei middelaldrande det er for mange av, seier ho.

Val
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger