Dette gir rapporten om den mentale helsa til Behring Breivik svar på

I ein rapport på 230 sider har rettspsykiatrar drøfta om Anders Behring Breivik er sinnsjuk og kan straffast, eller ikkje. Innesperra blir han, uansett.

Dei sakkyndige vurderer Breiviks mentale helse

For å kunne få fengselsstraff må terroristen Anders Behring Breivik bli erklært strafferettsleg tilrekneleg. Tysdag leverer rettspsykiatrane, Synne Sørheim og Torgeir Huseby, si vurdering av den mentale helsa hans til Oslo Tingrett.

Foto: Scanpix / Afp

Kan Anders Behring Breivik dømmast til fengselsstraff?

Det er det store spørsmål som dei sakkunnige rettspsykiatrane gjev sitt svar på når dei tysdag leverer sin rapport til tingretten.

Spørsmålet kan verka absurd når mannen står bak ein blodig massakre utan sidestykke i Noreg etter Den andre verdskrigen.

Men Behring Breivik kan berre få fengsel dersom han blir erklært tilrekneleg på gjerningstidspunktet, i tråd med straffelova.

Har granska barndomen

Sidan slutten av august har dei sakkunnige, rettspsykiatrane Torgeir Husby og Synne Sørheim, jobba med rapporten om den mentale helsa til Behring Breivik.

(Sjå faktaboks om sakkunnig-rapporten nedst i saka)

Rapporten, og ikkje minst konklusjonen i denne, blir eitt av dei viktigaste dokumenta i rettsprosessen mot den terror-sikta 32-åringen.

Konklusjonen frå dei sakkunnige vil nemleg leggja sterke føringar for den endelege straffeutmålinga i rettssaka, som startar 16.april 2012.

Gjennom observasjonar og 13 samtalar med den terrorsikta har Husby og Sørheim danna seg eit bilete av sinnstilstanden og personlegdomen til Behring Breivik. Dei har blant anna spurt om barndom, oppvekst, skulegang, arbeid og relasjonar.

Synne Sørheim og Torgeir Husby

Synne Sørheim og Torgeir Husby har fått i mandat av Oslo tingrett til å vurdera den mentale helsa til terrorsikta Anders Behring Breivik.

Foto: Haakon Mosvold Larsen / Afp

Kan sleppa fengsel

Hovudmålet med rapporten er å gje svar på om den terrorsikta er strafferettsleg tilrekneleg eller ikkje. Den vil også gje svar på om Behring Breivik lir av personlegdomsforstyrringar.

Det er dessutan venta at dokumentet inneheld ein grundig gjennomgang av barndomen til den sikta, ungdomstida hans og episodar i fortida hans som kan vore utslagsgjevande for at han som 32-åring blei den verste terroristen i Noreg nokosinne.

Ugangspunktet for dei sakkunnige er alltid at den sikta er tilrekneleg. Blir Behring Breivik vurdert tilrekneleg i retten, kan han få 21 års fengsel med forvaring i inntil 21 år. Etterpå kan forvaringa bli forlenga, med inntil fem år om gongen.

Dersom retten vurderer han som ikkje tilrekneleg, kan han ikkje dømmast til fengsel, forvaring, samfunnsstraff eller bot.

Men Behring Breivik vil uansett bli sperra inne.

– Strengt regime

Tegning av Anders Behring Breivik

Den 22.juli tok Anders Behring Breivik (32) livet av 77 menneske i Oslo sentrum og på Utøya. Spørsmålet er om han var sinnsjuk på tidspunktet for ugjerninga, eller om han kan bli stilt til ansvar for handlingane sine.

Foto: Esther Maria Bjørneboe (rettstegning)

Blir Behring Breivik erklært utilrekneleg av retten, blir han nemleg overført til soning under tvinga psykisk helsevern. Han blir dermed lagd inn på ei regional, psykiatrisk tryggingsavdeling for behandling.

– Desse avdelingane har eit strengt regime og er på ingen måte ei lausare form for soning enn fengsel. Sikringa vil vera så god at det ikkje er mogleg å rømma, fortel Kjersti Narud, som er spesialist i psykiatri ved Kompetansesenteret for tryggings- fengsels- og rettspsykiatri.

Ifølgje Narud vil kvardagen for Behring Breivik bli nesten lik på ei psykiatrisk tryggingsavdeling som i fengsel.

– For han vil nok tilværa fortona seg som ganske lik. Den største forskjelen er at det her er fagpersonell som kan gje han behandling som ikkje fengselsbetjentar gjer, seier spesialisten.

Under tvinga psykisk helsevern vil fagpersonell vurdera helsetilstanden til Behring Breivik kontinuerleg, og vurdera om institusjonen framleis skal ha han der.

Kvart tredje år må retten handsama vedtaket på ny. Dersom Behring Breivik på eit tidspunkt blir erklært frisk, kan han bli utskriven og dømd til å sona resten av straffa si i fengsel.

Fire av fem tilreknelege

Pål Grøndahl

- Det skal svært mykje til for at ein sikta blir vurdert som utilrekneleg, seier rettspsykiatar Pål Grøndahl.

Foto: Lise Åserud / Scanpix

I Noreg er det høg terskel for å vurdera ein sikta person som utilrekneleg. Ein skal kunne stå til ansvar for eigne handlingar, fram til det motsette er bevist.

Ifølgje rettspsykiatar Pål Grøndahl kom det i fjor ut rundt 360 rettspsykriatiske erklæringar.

– I fire av fem saker har dei sakkunnige vurdert den aktuelle personen som tilrekneleg, opplyser Grøndahl.

Fire faktorar kan gje grunnlag for å bli vurdert strafferettsleg utilrekneleg, ifølgje straffelova §44. Personen er utilrekneleg dersom han:

  1. var psykotisk på gjerningstidspunktet
    Medisinsk tilstand der forholdet til verkelegheita er vesentleg forstyrra (t.d. schizofreni, paranoia, bipolar liding).
  2. var medvitslaus på gjerningstidsunktet
    Ein skil mellom absolutt medvitsløyse (koma) og relativ medvitsløyse (hypnose, søvngjengeri, visse febertilstandar, epileptiske tåketilstandar og søvndrukkenskap).
  3. er sterkt psykisk utviklingshemma
    Personar med IQ under 55 og lågt praktisk funksjonsnivå som ikkje evnar å skilja mellom rett og galt.
  4. var ung på gjerningstidspunktet
    Under 15 år.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger