Hopp til innhold

Det skal ikkje så mykje til – slik kan du kutte utsleppa dine

Lurer du på kva du kan gjere for å gjere for å leve meir klimavenleg? Du treng faktisk ikkje leggje om livet ditt heilt.

Anja Bakken Riise, leiar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender.

Anja Bakken Riise er leiar i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender.

Foto: Sébastian Dahl

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Tysdag la FN fram tal som viser at verda er langt unna målet frå Parisavtalen, som skulle stabilisere den internasjonale temperaturauken på 1,5 grader. Ifølgje rapporten som vart lagt fram i Genève i Sveits i går må vi globalt kutte utsleppa med 7,6 prosent kvart år fram til 2030 for å greie det.

Samstundes viser ein fersk rapport at vi sender stadig meir klimagassar opp i atmosfæren.

Utslipp fra fly

Å reise mindre med fly er ein fin måte å redusere klimautsleppa på.

Foto: Stian Lysberg Solum / NTB scanpix

Onsdag la også Kantar fram sitt årlege klimabarometer. Her kjem det fram at stadig fleire nordmenn ser på klimaendringane som den største trusselen i åra som kjem.

Anja Bakken Riise i miljøorganisasjonen Framtiden i våre hender fortel at det totale utsleppet for Noreg er 52 millionar tonn Co₂. Det blir cirka 10 tonn pr. innbyggjar, og her gir ho oss nokre eksempel på kva kvar enkelt av oss kan gjere for å forbetre den personlege klimarekneskapen vår.

Kutting av flyturar

– Av dei rundt ti tonna kvar av oss slepp ut, er det særleg kvar vi bur, korleis vi et og transporterer oss, som har noko å seie om ein ynskjer å kutte klimautslepp. For ein gjennomsnittleg nordmann som køyer 13.000 kilometer i året, utgjer bilkøyring 25 prosent av det individuelle utsleppet. Ein reduksjon på 2000 kilometer i året, til dømes ved heller å køyre kollektivt eller sykkel, vil gi rundt 4 prosent kutt, seier ho.

– Det kan vere verd å hugse på at ein flytur frå Oslo til Bangkok gir utslepp på 2,8 tonn Co₂-ekvivalentar, altså kan ein slik tur motsvare 28 prosent av utsleppa til ein vanleg nordmann i løpet av året. Å kutte ned på dei lange og forureinande flyturane kan derfor ha stor effekt i den individuelle klimarekneskapen, seier ho.

Anja Bakken Riise fortel også at ein flytur Oslo-Roma tur-retur gir cirka 0,744 tonn utslepp per person, og det er akkurat 7,6 prosent av dei 10 tonna kvar enkelt av oss slepp ut. Så for kvar enkelt av oss treng ikkje 7,6 prosent vere uoverkommeleg per år.

Dersom vi halverer kjøtforbruket vårt, og det gjeld alle typar kjøt, svarar til det eit kutt i vår personlege klimarekneskap på 3,5 prosent, legg ho til.

Ho meiner likevel at det er styresmaktene som har hovudansvaret for klimakutt.

Kullkraftverk bidrar med utslipp av klimagasser i USA. Bildet viser Schererkraftverket i Juliette, Georgia,

Utslepp frå kolkraftverk er ei viktig årsak til at klimagassar hopar seg opp i atmosfæren. Her eit kolkraftverk i Juliette i Georgia i USA.

Foto: Branden Camp / Branden Camp

– Ikkje nye oljefelt

– Det første vi må gjere er å slutte å leite etter nye oljefelt. Vi må sørge for at økonomien ikkje skal vere like oljeavhengig i framtida, vi må jobbe hardt for å få fram grøn industri. Samstundes må den eksisterande industrien må gjerast mest mogleg miljøvenleg. Dessutan må til dømes oppdrett og havbruk elektrifiserast, vi må slutte å importere fôr frå andre sida av verda, og vi må slutte å sende fisk til Kina med fly, seier Bakken Riise.

Ho meiner det også er naudsynt å elektrifisere transportsystemet mest mogleg, og heile bilparken må på sikt bli elektrisk. Hydrogen må brukast der det passar, og Noreg må bli ein testnasjon for elektriske fly.

Anja Bakken Rise meiner rapportane som har kome dei siste dagane til fulle viser kor viktig det er å setje verk klimatiltak som monnar.

– Vi styrer mot tre til fire graders global oppvarming, og det i seg sjølv er svært skremmande. I praksis vil det bli uråd å bu i mange område, som noko som vil drive menneske på flukt. Matproduksjonen vil bli ekstremt utsett, og eg fryktar også for globale institusjonar og internasjonalt samarbeid. Eg kan ikkje understreke nok kor viktig det er at den norske regjeringa tek ansvar og kuttar skikkeleg i utsleppa, seier ho til NRK.

AKTUELT NÅ