Hopp til innhold

Det er ein trussel for tilliten til sentralbanken om Stoltenberg blir sjef, meiner Siv Jensen

Tidlegare finansminister Siv Jensen meiner det er uklokt å tilsette Stoltenberg. Det er ikkje politisk kommentator i Dagsavisen, Hege Ulstein, einig i.

Siv Jensen i debatten.

Tidlegare finansminister Siv Jensen seier det ikkje vil sjå bra ut om Jens Stoltenberg blir sentralbanksjef.

Foto: NRK

Det står mellom to kandidatar om jobben som sentralbanksjef etter Øysten Olsen.

Det er visesentralbanksjef Ida Wolden Bache, og tidlegare arbeidarpartileiar og statsminister, Jens Stoltenberg.

Sistnemnde kandidat har vore omdiskutert. Blant anna på grunn av rolla han har hatt i norsk politikk, og at han er nær ven av statsminister Jonas Gahr Støre.

I Debatten i kveld vart det diskutert om det tar seg ut at Stoltenberg blir ny sentralbanksjef. Tidlegare finansminister Siv Jensen, meiner at det er uklokt å tilsette han.

Eg meiner det er ein trussel for tilliten og omdømme til Noregs Bank, viss det blir tvil om sjølvstende ved at ein tidlegare statsminister – som også er nær ven med sittande statsminister – blir ny sentralbanksjef,

Meiner Stoltenberg er best kvalifisert

Dette er ikkje politisk kommentator i Dagsavisen Hege Ulstein, einig i.

– Vi som avis meiner at Stoltenberg er best egna til å ha den stillinga.

Ho seier at stillinga som sjef for Noregs Bank er delt i to. Eine sida handlar om pengepolitikk og renter, den andre handlar om å vere styreleiar.

– Etter mitt syn så står han fram som best kvalifisert i begge dei to rollene, seier Ulstein.

Politisk kommentator i Dagsavisen, Hege Ulstein.

Politisk kommentator i Dagsavisen Hege Ulstein.

Foto: Berit Roald / NTB

Ho meiner at Stoltenberg har fleire kvalifikasjonar, som at han har kompetanse på økonomi og politikk, har embetseksamen, var finansminister på 90-tallet, og statsminister under finanskrisa i 2008 - 2009.

– Han kan også krisehandtering og er topptrent i beredskap. Om ein ser på korleis stillingsutlysinga er, og legg den ved sidan av CV-ane til Jens Stoltenberg og Ida Wolden Bache, så er det heilt opplagt at han treffer på mange fleire kriterium.

– Det vil ikkje vere bra for Noregs omdømme

Tidlegare finansminister, Siv Jensen seier i debatten at ho ikkje tvilar på at Stoltenberg er kvalifisert som sentralbanksjef. Det ho åtvarar om er å blande politikk inn i ein sjølvstendig Noregs Bank.

– Det vil ikkje vere bra for Noregs omdømme. Det vil også skape utfordringar for oljefondet og investeringsvala dei skal ta.

Ho trekk fram eigen erfaring som finansminister, og seier at kvar gong ho var i utlandet for å representere Noreg, var der alltid ein eller anna politikar frå eit anna land som ville påverke kva oljefondet skulle og ikkje skulle investere i. Jensen sin jobb var då å forklare at finansministeren ikkje blandar seg inn i slikt.

Som tidlegare finansminister seier Jensen at ho veit kor viktig det er å behalde sjølvstendet.

Ho tar fram renta som eit døme.

– Tenk om det var slik i Noreg at det var politikarane som styrte rentenivået. Ikkje alle jubla når renta auka, men det er ikkje ei politisk fastsett rente. Den blir sett basert på mange økonomiske kriterium. Det må gjerast på reint faglege grunnar, og av eit uavhengig organ.

– Difor meiner eg det er klokare å tilsette ein person som ikkje kjem med politisk bagasje, og føre vidare den tilliten og sjølvstendet som Noregs Bank må ha.

Jens Stoltenberg og Ida Wolden-Bache

Vi får truleg vite om det er Jens Stoltenberg eller Ida Wolden Bache som blir den neste sentralbanksjefen om nokre veker.

– Kvifor betyr det noko for deg at Ida Wolden Bache er kvinne?

– Det er i så fall ein bonus, svarar Jensen og legg til:

– Vi er no i ein situasjon der vi for første gang kan få ein superkvalifisert kvinneleg sentralbanksjef og eg syns det hadde vore heilt topp. Det er ingen som tvilar på hennar faglege kompetanse. Vi er opptatt av likestilling i dette landet, og vi har aldri hatt ein kvinneleg sentralbanksjef.

Stoltenberg er ikkje inhabil

Finansdepartementet bestilte ei vurdering om Stoltenbergs politiske bakgrunn og venskap til noverande statsminister, kunne vere eit problem for hans habilitet i virke som sentralbanksjef.

Lovavdelinga i Justisdepartementet kom i dag med denne habilitetsvurderinga. I den sto det at Stoltenberg ikkje er inhabil som ny sentralbanksjef. Likevel er fleirtalet på Stortinget kritiske til han som ny sjef.

AKTUELT NÅ