Hopp til innhold

Det blir ikkje mistillit mot Anundsen

Stortinget vil ikkje kome med mistillit mot justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) etter den såkalla «asylbarnsaka», etter det NRK erfarer.

Justisminister Anders Anundsen

INGEN MISTILLIT: Det er ikkje fleirtal for mistillit mot statsråd Anders Anundsen (Frp), etter det NRK erfarer.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

For ei veke sidan gjekk stortingsrepresentant Bård Vegar Solhjell (SV), som også er medlem av Kontroll- og konstitusjonskomiteen, ut og krevde mistillit mot Anundsen.

Etter det NRK erfarer blir det ingen mistillit mot Anundsen. Det er ikkje fleirtal for det, ifølgje NRKs kjelder.

– Har gitt uriktig informasjon

Solhjell meiner justisministeren har gjort alvorlege feil i den såkalla «asylbarnsaka», og at han har gitt uriktig og villeiiande informasjon til Stortinget.

Solhjell var saksordførar i asylbarnsaka, og innstilte på mistillit i sin saksordførarmerknad.

NRK har snakka med fleire kjelder i Venstre og KrF. Dei understreker at det er viktigare kva som vil skje med dei utsendte barnefamiliane som hadde ulovleg opphald - men som kanskje kunne ha fått bli i landet med den nye forskrifta som blei vedteken i desember - enn om korleis kritikken mot justisministeren blir formulert.

Ikkje gitt at Ap vil støtte mistillit

Regjeringspartia Høgre og Framstegspartiet har heile vegen vore klare på at dei støttar sin justisminister. Saman med KrF eller Venstre har dei fleirtal i Stortinget.

Det skal ikkje vere fleirtal for mistillit mot Anundsen i stortingsgruppa til Venstre, etter det NRK erfarer. Det er også lite truleg at KrF vil gå for mistillit mot statsråden.

Det er heller ikkje gitt at Arbeiderpartiet vil støtte SV sitt forslag om mistillit mot Anundsen. Kjelder i partiet seier til NRK i dag at det er langt frå opplagt at Ap går inn for mistillit, slik enkelte presseoppslag i dag kunne tyde på.

Om Arbeiderpartiet skulle gå inn for mistillit vil det kunne oppfattast som rein symbolpolitikk. Arbeiderpartiet har aldri vore usamd i den reelle politikken som regjeringa har ført overfor dei lengeværande barnefamiliane utan lovlig opphald i Noreg.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen skal formelt avgi sin innstilling 24. mars.

Bård Vegar Solhjell mener Kontroll- og konstitusjonskomiteen bør fremme mistillitsforslag mot justisminister Anders Anundsen.

Kontroll- og konstitusjonskomiteen bør fremje mistillitsforslag mot justisminister Anders Anundsen, meiner Bård Vegar Solhjell (SV) som er saksordførar for asylbarnsaka.

AKTUELT NÅ