NRK Meny
Normal

Raskt i jobb? Dette er yrka du bør gå for

Vil du vera sikker på at du kjem raskt i jobb etter studiane bør du bli sjukepleiar, lærar eller ta realfag. Størst kamp om beinet blir det for økonomar, juristar og samfunnsvitarar.

Størst etterspørsel etter sjukepleiarar og lærarar

I 2035 kan Noreg mangla opp mot 45.000 sjukepleiarar og 22.700 allmennlærarar, viser tal frå SSB.

Foto: Gorm Mollestad / ukjent (montasje) / Scanpix

NRK fortel i dag om den journalistutdanna Siw Tveiten Larsen som strevar med å få seg jobb som journalist.

Dette er ei av utdanningane som det ser mørkt ut for på arbeidsmarknaden fram mot 2030. Tilbodet er langt større enn etterspurnaden etter dei med høgare utdanning innan samfunnsfag, jus, humanistiske og estetiske fag.

Enda hardare konkurranse er det innanfor økonomi- og administrasjonsfag.

– I løpet av dei siste 10–20 åra har talet på økonomistudentar auka kraftig. Det er no langt fleire som kjem ut frå utdanningssystemet på jakt etter relevant jobb enn dei som går av med pensjon, fortel forskar Nils Martin Stølen ved Statistisk sentralbyrå (SSB).

Kan mangla 45.000 sjukepleiarar om 20 år

SSB-forskar Nils Martin Stølen

Uansett kva retning du går for, blir du generelt meir attraktiv på arbeidsmarknaden med utdanning i baggasjen, fortel forskar i SSB, Nils Martin Stølen.

Foto: Statistisk sentralbyrå
Yrkesvalg i by og land

Faglærte innan industri vil vera ettertrakta arbeidskraft i åra som kjem.

Foto: Marianne Terjesen

Stølen er ein av forskarane bak den nyaste SSB-prognosen for kva slags utdanningar som vil bli mest og minst ettertrakta på den norske arbeidsmarknaden i åra fram mot 2030.

Lettast å skaffa seg ein relevant jobb i åra framover blir det for sjukepleiarar og allmennlærarar.

I 2035 kan Noreg mangla opp mot 45.000 sjukepleiarar og 22.700 allmennlærarar, viser utrekningane til SSB.

– Etterspurnaden i desse yrkesgruppene kjem til å veksa rask fordi eldre og born kjem til å utgjera ein større del av folkesetnaden i landet, opplyser Stølen.

I tillegg vil Noreg få eit skrikande behov for realfag-kompetanse og for faglærte innan handverksfag, bygg- og anlegg, helsefag, tenestefag og i industrien.

Attraktiv med utdanning – uansett

Eldreomsorg illustrasjon

På grunn av eldrebølgja vil det bli stor mangel på helsefagarbeidarar i åra framover.

Foto: Gorm Kallestad / Scanpix

Sjølv om det for mange studieretningar kan vera kinkig å få seg ein relevant jobb, understrekar Stølen at dei unge gjer lurt i å ta utdanning – uansett kva for ei retning dei vel.

– Den viktigaste tendensen er at etterspurnaden etter alle typar utdanna arbeidskraft aukar. Høg utdanning er ein sorteringsmekanisme som gjer folk attraktive på arbeidsmarknaden, også til jobbar der utdanninga ein har ikkje er relevant, seier forskaren.

Det er dermed dei som berre har grunnskuleutdanning som blir sitjande att som dei store taparane på arbeidsmarknaden.

Stølen i SSB viser til NRK si sak om ei deltidsstilling som butikkmedarbeidar på Kiwi i Oslo som nyleg fekk 840 søkjarar.

– Kombinasjonen høgt fråfallet i norsk vidaregåande skule og stor tilstrøyming av innvandrarar som enten er ufaglærte eller har ukjend utdanning fører til hard konkurranse om til dømes deltidsjobbar innan varehandel, forklarar han.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger