Hopp til innhold

Desse sårbare punkta passerer vatnet på sin veg heim til deg

Over heile Noreg finn du gamle vassrøyr. Om desse sprekk kan i verste fall kloakk kome seg inn i drikkevatnet. Mykje vatn passerer også ulike høgdebasseng. Også ved desse anlegga kan reint vatn bli ureint.

Hovedvannledning Mandal

Eit gamalt hovudvassrøyr frå 1867 skapte oversvømming i Mandal i 2015. Rett på sida låg eit avløpsrøyr. Om det også var lekkasje frå dette ville avføring ha hamna i drikkevatnet.

Foto: Kai Stokkeland / NRK

Bak ei gamal jerndør på Askøy er det funne spor av E. coli i drikkevatnet, og fleire titals bebuarar på Askøy er sjuke med tarminfeksjon.

Inngang til fjellbasseng på Kleppe på Askøy

Bak denne døra på Askøy ligg høgdebassenget kor det er funne E. coli-bakterie.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

No er høgdebassenget bak jerndøra stengd, og kommunen håper dei har funne kjelda til sjukdommen, sjølv om dei ikkje kan vere heilt sikre på at det er i dette høgdebassenget forureininga har skjedd.

Men kva med ditt eige drikkevatn? Ekspertar NRK har snakka med fortel at det er særskild to svake punkt som vatnet må forbi på sin ferd frå reinseanlegget og til heimen din.

1. Høgdebassenga

Over heile Noreg kan du finne anonyme dører og bygg, slik som på Askøy. Bak desse fasadane gøymer det seg drikkevasskjelder. Anlegga er godt sikra, men om noko likevel går gale kan det få alvorlege konsekvensar.

Om høgdebasenga ikkje er heilt tette kan dyr kome seg inn og gjere frå seg i vatnet, eller lufting kan gjere vatnet ureint. Og sjølv om det sjeldan eller aldri skjer må ein også sikre at ikkje menneske kan ta eg inn i anlegget for å forureine vatnet.

– Det er ein del vassverk som har ein jobb å gjere for å sikre høgdebassenga godt nok. Men i det store og det heile er dette godt følgt opp hos dei fleste vassverk, seier Vidar Lund, seniorforskar ved Folkehelseinstituttet.

Nytt fjellbasseng Øvre Kleppe

Dette er det nye, moderne bassenget ved Dyrdalsfjellet på Askøy som skal erstatte Øvre Kleppe, der E. coli-bakterien vart funnen. Øvre Kleppe skal snart stengast.

Foto: Oddgeir Øystese / NRK

I høgdebassenga vert det samla opp vatn som allereie har blitt reinsa, og bassenga ligg som oftast høgare enn der folk bur, slik at tyngdekrafta hjelp til når vatnet skal sendast vidare til folk sine heimar. Før kunne slike basseng vere opne kjelder, men i dag er dei lukka.

Men Lund minner om at ein ikkje alltid kan vere 100 prosent sikker, og at både teknikk og menneske kan svikte.

  • Vassverket skal ha ein plan for prøvetaking av vatnet.
  • Vassverket skal gjere vurderingar for å hindre at noko kan forverre kvaliteten på vatnet.
  • Vassverket skal ta prøver av vatnet som kjem i kranene til meg og deg, men også fleire stader i systemet.

2. Gamle røyr

– Høgdebasseng er eit svakt punkt, men røyrnettet er kanskje endå viktigare, seier seniorrådgjevar i Mattilsynet, Line Ruden.

Ho viser til at vassleidningsnettet i Noreg er gamalt og slite fleire stader, og at gamle røyr må skiftast ut. Fleire stader rundt om i landet kan vassrøyr stamme frå 1800-talet, og faren for sprekkar veks jo eldre røyra er.

Ho får støtte vass- og avløpsekspert i Norconsult, Tom Baade-Mathiesen.

– 30 prosent av alt vatnet som vert reinsa i anlegga rundt om i Noreg forsvinn ut av røyra og ned i bakken før det når fram til heimane til folk, fortel Baade-Mathiesen.

Han fortel vidare at vassleidningar ofte ligg på sida av spillvassleidningar, fylte med avløpsvatn og kloakk. Om det er lekkasje i vassrøyret, og heller ingen trykk i røyret, så kan altså avføring kome seg inn i drikkevassleidningane. Då er det kort veg til sjukdommar.

Baade-Mathiesen og Rådgivende Ingeniørers Forening meiner det trengst store summar for å oppgradere det norske vassleidningsnettet til eit godt nok nivå.

Han anslår verdien av det norske vassnettet til å vere 670 milliardar kroner i dag, og at det trengst 220 milliardar kroner for å oppnå ein akseptabel standard. Den summen må eventuelt betalast gjennom dei årlege avgiftene som kvar husstand allereie betaler.

Her er hullet som skaper problemer

Over heile Noreg finn ein gamle vassrøyr med hol og sprekker, slik som dette i Tønsberg.

Foto: Philip Hofgaard / NRK

Dårleg oversikt over private stikkleidningar

Baade-Mathiesen meiner det er mange private heimar som kan trenge ei oppgradering.

– Noko av biletet her er private stikkleidningar. Det er litt meir uoversiktleg enn det offentlege nettet, for det blir veldig små einingar

– Kva kan folk gjere om dei lurer på om deira private stikkleidning er godt nok?

– Med avløpsrøyra kan ein sende eit kamera gjennom, det skjer ofte og det gjer ein god indikasjon på korleis eit avløpsrøyr ser ut. På ein vassleidning er det ein del verre å sjekke, seier Baade-Mathiesen.

Alle dei tre ekspertane understrekar uansett at norsk drikkevatn er trygt, men at uflaks og uhell ei sjeldan gong kan skje, slik som på Askøy.

  • Lurer du på kor godt vassnettet er i din kommune? BedreVANN kartleggar kvaliteten på vassnettet til meir 80 norske kommunar. Askøy kommune er med, og kom i 2017 langt nede på lista. Men fem kommunar kom endå dårlegare ut. Les rapporten her.

AKTUELT NÅ