Det er hetebølge med temperaturar over 40 grader fleire stader i Europa. Den europeiske romorganisasjonen har varsla at vi kan få ein ny temperaturrekord i Europa denne sommaren.
Varmen er venta å treffe Spania, Frankrike, Hellas, Kroatia og Tyrkia. Styresmaktene i fleire av landa er no i beredskap.
Vi snakkar om det kvart år, men kor skadeleg er det for menneske med høge temperaturar?
Ikkje berre temperaturen som avgjer
Overlege Gunnar Hasle ved Kry Reiseklinikken understrekar at det ikkje berre er temperaturen som avgjer om heten kan vere farleg, men også andre forhold:
– Er det høg luftfukt så fungerer sveitte som avkjølingsmekanisme dårlegare. Men er det 40 grader og tørr luft så vil sveitte kunne halde kroppstemperaturen nede. Føresett at ein får i seg nok drikke.
Overlege Gunnar Hasle fortel at det ikkje berre er temperaturen som avgjer om heten er farleg.
Foto: Arash Nejad / AftenpostenVinden er også ein faktor:
– Viss det er veldig varmt vil det bli varmare når det blåser enn om det er vindstille. Når lufta blir varmare enn kroppstemperaturen, vil ikkje vinden gjere det kjøligare, seier Hasle og fortel:
– Det erfarte eg sjølv då eg var i Marokko. Der blei eg heilt kokt under ein liten tur på mopeden.
Heteslag er ganske sjeldan
Koker kroppen så godt at kroppstemperaturen vår bikkar 42 grader, er det livsfarleg. Då får du heteslag, og:
– Då kan du døy av det, understrekar Hasle.
Anette Hylen Ranhoff, professor ved Universitetet i Bergen og forskar ved FHI, fortel likevel at heteslag er ganske sjeldan.
Anette Hylen Ranhoff fortel at heteslag er ganske sjeldan, og at dehydrering er det ho ser mest av på norske sjukehus.
Foto: Martin Habbestad / NRK– Heteslag, som er ein veldig alvorleg tilstand, skjer eigentleg veldig sjeldan.
Ho fortel at ein då får ein ukontrollert høg kroppstemperatur som kan gjere skade på organ:
– Blodet levrer seg meir enn det skal. Då kan ein få blodproppar og skade på indre organ som nyrer, hjarte, hjerne.
Det ho likevel ser mest av blant folk som er innlagde på norske sjukehus grunna varmen er dehydrering:
– Ein av mekanismane til kroppen for å unngå heteslag er å fordampe væske. Viss ein då får i seg lite drikke, så blir ein dehydrert. Ein får lågt blodtrykk, ein kan få skade på nyrene, ein kan svime av og falle. Eldre er særleg utsett for dette.
– I samband med dehydrering finn vi som regel ikkje så høg kroppstemperatur når ein undersøker pasientane. Det er ikkje det same som heteslag.
Barn og eldre mest utsette
Anette Hylen Ranhoff fortel at dei som er mest utsette i varmen er dei yngste og dei eldste:
– Både små barn og eldre har dårlegare temperaturregulering. Kroppen greier i mindre grad å avkjøle seg sjølv ved høge temperaturar.
Hylen Ranhoff seier at eit teikn på at barn slit i varmen er at dei blir slappe og irritable.
Ho fortel at ein våt kaps, og våt t-skjorte er ein god måte å avkjøle barn på. Men at det viktigaste er å halde dei vekke frå varmen.
Lokale og turistar under hetebølga i den italienske hovudstaden.
Foto: GUGLIELMO MANGIAPANE / ReutersGunnar Hasle seier også at barn er blant dei gruppene som er mest utsette, han er likevel mest bekymra for dei eldre med hjarteproblem:
– Hjartet slår raskare i varmen, og ved 40 grader blir det kanskje ei dobling av minuttvolumet. Dei som går på vassdrivande medisinar bør utsette ferien, eller reise ein stad der det ikkje er 40 varmegrader.
Nordmenn toler varmen dårlegare
Folk kjøler seg ned på ei strand i Barcelona, Spania. Fleire av Spanias regionar er i alarmberedskap med temperaturar på over 40 grader.
Foto: Emilio Morenatti / APHylen Ranhoff fortel at når kroppen kjem over det som er vanleg kroppstemperatur, som er 36 og 37 grader, så kan det gje helseskade:
– Her i Noreg så har vi ei potensielt helseskadeleg hetebølge viss det er temperaturar over 28 grader i meir enn fem dagar etter kvarandre, og over 16 grader om natta, og held fram:
– Men det er klart at viss temperaturane er over 38 grader eller 40 grader, og dette er mesteparten av døgnet, og temperaturane ikkje fell til under 25 om natta då er det nok kortare dagar som skal til før det er helseskadeleg.
Ho fortel også at nordbuarar som kjem til sørlege strøk truleg har høgare risiko enn dei som bur der.
Folk sit i skuggen i sentrum av Roma. Ei intens hetebølgje har nådd Italia, med temperaturar opp mot 40 grader i mange byar over heile landet.
Foto: Alessandra Tarantino / APGunnar Hasle seier at menneske ikkje berre er akklimatisert for høgde, men også for varme:
– Når vi akklimatiserer oss aukar evna til å sveitte effektivt. Akklimatiseringa skjer om du oppheld deg i høg temperatur over fleire veker.
– Folk som ferierer er som ofte berre vekke i 14 dagar eller liknande, så dei rekk ikkje å bli fult akklimatisert uansett.