Hopp til innhold

Derfor vel dei lågare menn

Både Linda Birgitte Bjerke og Ingeborg M. Bergestig er 14 centimeter høgare enn kjærastane sine. – Han er ikkje mindre mann fordi han er lågare enn meg.

Kvinner med lågare menn

F.v. Ingeborg og Jim Rune Mjaugeto Bergestig, og Linda Birgitte Bjerke med kjærasten Lars Einar Gridsvåg.

Foto: Privat

– Eg har eigentleg aldri sett på høgde som noko hinder, seier Linda Birgitte Bjerke frå Nedre Eiker (38).

Sjølv er ho 177 centimeter høg, medan kjærasten Lars Einar Gridsvåg (38) er 163 centimeter høg.

Bjerke er altså ikkje blant dei mange kvinnene som stiller høge krav til låge menn, slik masterstudent og frilansjournalist Torstein Norum Bugge skreiv om i ein kronikk onsdag.

Høyr Bugge i Norgesglasset her:

For mens låge menn blir vraka på Tinder, har Bjerke aldri latt høgde vere utslagsgjevande for val av kjærast. Både eksmannen og hennar noverande kjærast er lågare enn henne.

– Når han var ein så fantastisk fyr elles, let eg ikkje høgda vere eit hinder for å bli glad i nokon. Vi kan ikkje døme kvarandre så lett, seier Bjerke.

Linda og Lars Einar

Linda Birgitte Bjerke på 177 cm er saman med Lars Einar på 163 cm.

Foto: Privat

Bryt med norma

Gjennomsnittshøgda på norske menn er 180 centimeter, medan norske kvinner er 167 centimeter, ifølgje SSBs oversikt over eigenrapportert høgde for sesjonspliktige dei siste åra.

Reint statistisk og biologisk er altså menn høgare enn kvinner. Norma for kva som er attraktivt har vore slik sidan steinalderen, seier sexolog og gestaltterapeut Bianca Schmidt.

Bianca Schmidt

Sexolog og gestaltterapeut Bianca Schmidt.

Foto: Helene Fjeld

– Høge menn, alfahannen, gir ei oppleving av styrke og tryggleik som vi kvinner ofte søker. Sjølv om vi lever i 2019, er kroppane våre innstilt på å kunne overleve i naturen, seier Schmidt.

– Kjem ei kvinne med ein mann som er eit hovud lågare, bryt det litt med norma. Då må ein ha andre ting som veg opp for den måleeininga for attraktivitet, seier sexologen.

Ho understrekar at menn ofte også ønskjer seg lågare kvinner.

– Utsjånaden er det første som slår oss. Men eg håpar at dei fleste klarar å bryte det biologiske steinalderinstinktet og heller let seg styre av felles verdiar, kjemi og personlegdom når dei faktisk skal velje ein partnar, seier sexologen.

Blir møtt av blikk

Ei som har måtte øve seg mykje på å bryte med stereotypane, er Ingeborg Mjaugeto Bergestig (30).

Herr og fru Mjaugeto Bergestig

Ingeborg og Jim Rune Mjaugeto Bergestig gifta seg i fjor sommar.

Foto: Privat

Ho er 192 centimeter høg. I fjor gifta ho seg med mannen på 178 centimeter som ho har vore kjærast med sidan dei begge var 15 år. Dei har to barn saman.

Bergestig har tenkt mykje på det å ha ein lågare kjærast.

– Eg har vore usikker fordi eg er veldig høg, ikkje fordi han er lågare enn meg. Du ser «perfekte» par overalt, der dama er lågare enn mannen. Men det har ikkje vore ei utfordring i forholdet vårt, seier ho.

Sjølv er ho med i foreininga Høye Damer i Høye Hæler, ei gruppe med over 3000 norske kvinner på over 180 centimeter. Det har gjort ho meir sjølvsikker i forhold til høgda si.

– Men eg kjenner på det i blant når andre ser på oss. Eg prøver å tenke positivt på det.

Foreiningsleiar Anne Marie Guldal Jernquist fortel at det er mange som har endra syn på det med høgdeforskjell etter dei vart med i foreininga.

– Ein måler ikkje verdien til eit menneske i centimeter, seier Jernquist.

Å finne nokon

Bergestig drøymde sjølv om å finne ein mann som var høgare enn seg, men det hadde ikkje noko å seie då ho trefte mannen sin i tenåra.

– Vi blei kjent då vi gjekk i same klassen på ungdomsskulen. Han var veldig kjekk, litt mystisk og veldig snill, seier ho.

Ingeborg og Jim Rune Mjaugeto Bergestig.

Ingeborg og Jim Rune Mjaugeto Bergestig.

Foto: Privat

– Kva bør vere avgjerande når ein jaktar på kjærleiken?

– Å finne ein blir forelska i og vil vere saman med kvar dag. Høgda har ikkje noko å seie for det.

Oppteken av personlegdomen

På Bjerkes ønskjeliste stod ein ærleg, omsorgsfull og trufast mann. Ein ho kunne ha det kjekt i lag med. Ein å vere seg sjølv med.

Linda og Lars Einar

Linda Birgitte Bjerke på 177 cm er saman med Lars Einar på 163 cm.

At kvinner kan velje bort menn som er lågare enn dei, har ho forståring for. Men for ho har det ikkje vore så viktig.

Kjærasten møtte ho møtte – i eit diskusjonsforum om Forsvaret på Facebook, då han har jobba i Sjøheimevernet. Dei blei kjent via videochat og telefon i eit år før dei møttest i fjor sommar.

Det sa pang, og sidan har dei vore kjærastar, men førebels i avstandsforhold.

– Nokon kan tenke at ein høg mann gir tryggleik?

– Eg synest at kjærasten min gir akkurat like mykje tryggleik sjølv om han er lågare. Han er ikkje mindre mann fordi han er lågare enn meg, seier Bjerke.

– Våg å vere ekte

Sexologen oppmodar folk til å våge å vere ærleg, ekte og autentisk når dei møter folk på date.

– Ver deg. Og våg å utfordre deg sjølv på høgde og utsjånad. Kor viktig er det eigentleg? Kanskje er det andre ting som er viktig for ditt tenningsmønster, seier Schmidt.

Ho meiner ein gjerne må bruke datingappar- og nettstader som verktøy for å møte folk, men at ein må vere klar over at mange er der av heilt andre årsaker enn deg sjølv.

– Det er mykje siling som må til, men du må vere villig til å kysse nokon froskar – i alle fall drikke kaffi med dei. Det er først ansikt til ansikt at personlegdomen til folk kjem fram, seier Schmidt.

AKTUELT NÅ