Derfor vart lokalpolitikaren utestengd frå partiet

Frp-nestleiar Sylvi Listhaug forsvarar eksklusjonen av lokalpolitikar Vibeke-Emilie Abrahamsen. Listhaug seier at Abrahamsen har nekta å samarbeide med partiet ved å ikkje skrive under på eit dokument om teieplikt.

Sylvi Listhaug

Nestleiar i Framstegspartiet Sylvi Listhaug forsvarer eksklusjonen av Vibeke-Emilie Abrahamsen, og seier at grunnen er at ho ikkje har samarbeidd med partiet.

Foto: Jørn Tveter / NRK

– Vi ønskjer at denne personen skulle fortsette i Framstegspartiet. Det er derfor vi brukte mange månader på å få henne til å samarbeide, seier nestleiar i Framstegspartiet Sylvi Listhaug.

Lokalpolitikaren frå Telemark Vibeke-Emilie Abrahamsen er mellombels ekskludert frå Framstegspartiet, etter at ho fekk sensitive dokument frå Helge André Njåstad.

Njåstad er tidlegare leiar av Frps organisasjonsutval, som handterer saker som gjeld brot på det etiske regelverket i partiet. Dokumenta han delte med Abrahamsen skal handle om varsel om seksuell trakassering i partiet.

Abrahamsen vart ifølgje organisasjonsutvalet ekskludert fordi ho ikkje har signert eit dokument om teieplikt, slik dei har bede henne om å gjere.

– Ho har fått tid på seg til å skrive under, men det har ho ikkje gjort, og då er det dessverre slik saka enda, seier Listhaug.

Vibeke-Emilie Abrahamsen

AVVISER: Vibeke-Emilie Abrahamsen seier at ho har forsøkt å få møte organisasjonsutvalet i partiet, men at dei har trekt seg.

Foto: Frp

Vil gi sin versjon

Abrahamsen seier at ho ikkje kjenner seg igjen i framstillinga frå partileiinga. Ho seier ho kan dokumentere at ho fleire gongar har forsøkt å møte organisasjonsutvalet i partiet, men at dei har trekt seg.

– Vil du skrive under på erklæringa?

– Eg har fått ulike versjonar av ei erklæring, og eg vil ikkje skrive under på noko dei kan vri på i etterkant, seier Abrahamsen.

Ho fryktar opplevinga hennar av varslarsakene kjem til å bli teia i hel. Derfor vil ho ikkje skrive under på dokumentet utan å gi sin versjon av heile saka.

– Eg vil at det skal ligge ved ei forklaring, slik at dei ikkje kan la vere å ta tak i det, og hive det under teppet, seier ho.

Frp-politikar Vibeke-Emilie Abrahamsen forklarar seg om teieplikt-saka.

Midlertidig ekskludert Frp-politikar Vibeke-Emilie Abrahamsen forklarar seg.

Fleire fekk bli i partiet

Njåstad, som lekte dokumenta, trekte seg frå alle sine tillitsverv, men blei ikkje ekskludert frå partiet.

Heller ikkje Ulf Leirstein, som sende porno og forslo trekantsex med mindreårige, eller Mazyar Keshvari, som er sikta for våpentrugslar og bedrageri, vart straffa med utestenging.

Korfor vert ho ekskludert frå partiet, når det dei andre har gjort framstår for mange som meir alvorleg?

– Dei har samarbeidd med partiet, og har trekt seg frå sine tillitsverv. Ho hadde også kunne halde fram som medlem dersom ho hadde samarbeidd. Det har ho dessverre valt å ikkje gjere, svarar Listhaug.

Ho seier at saka om Keshvari framleis er under etterforsking, og at det er noko partiet må kome tilbake til seinare.

Ulf Leirstein, Helge Njåstad og Mazyar Keshvari

Desse tre Frp-politikarane har trekt seg frå sine tillitsverv på grunn av eigne handlingar, men har ikkje blitt ekskluderte frå Frp.

Foto: Heiko Junge/Gorm Kallestad/Terje Bendiksby / NTB Scanpix

– Ho er ingen varslar

Abrahamsen skreiv i ein SMS til NRK onsdag at ho har varsla partiet om dårleg organisasjonskultur, men hadde ho visst korleis partiet behandla varslarane sine hadde ho aldri varsla.

– Ho hevdar at ho er ein varslar, det er ho ikkje. Det er å misbruke varslaromgrepet, meiner Listhaug.

– I denne saka er det ikkje ho som har varsla oss, men andre personar som har varsla oss om at ho sit på svært sensitiv informasjon, og då må vi reagere, seier Listhaug.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger