NRK Meny
Normal

Derfor går ho frå Ap til Miljøpartiet

Ein gong var ho ein profilert AUF-ar, no driv Helle valkamp for MDG. Partiet veks på ny NRK-måling og tek fleire veljarar frå Arbeidarpartiet, men lekk også tilbake til venstresida.

Helle Gannestad

GRØN: Helle Gannestad (24) har vore aktiv i AUF og Ap, men går no til MDG. Ho meiner mange unge har fått auga opp for Miljøpartiet. Her heime på sommarferie i Grøa i Sunndal kommune (Møre og Romsdal) saman med hunden Max.

Foto: Eivind Mikael Lindbråten

– Arbeidarpartiet manglar ei tydeleg og visjonær retning. Eg meiner dei har blitt eit konservativt parti som vil halde ting akkurat som det er, seier Helle Gannestad (24).

Gannestad vart kjent for mange som AUF-jenta som bevega ei heil verd med sin kjærleikstweet etter terrorangrepet 22. juli 2011.

Ho studerer i Oslo, men kjem frå Sunndal i Møre og Romsdal, der over halvparten stemte Ap ved førre val. Gannestad fekk nok av partiet etter landsmøtet tidlegare i år, og bestemte seg for å velje bort partiet ho hadde bruk store delar av ungdomstida i.

– Arbeidarpartiet lar seg påverke av krefter som vil opne Lofoten og andre område for oljeboring heller enn å lytte til ungdommen og framtida, det var då eg bestemte meg for å kome ut av skapet som «grøn».

Helle gjer som 19 300 andre veljarar som stemte Ap i 2013 og går over til MDG. Det er meir enn 2 prosent av alle Ap-veljarar frå førre val. Partiet hentar også veljarar frå Senterpartiet og Venstre.

Laster innhold, vennligst vent..

I ei meiningsmåling Norstat har gjort for NRK i august kjem det fram at Miljøpartiet veks 1,8 prosentpoeng til ei oppslutning på 4,6 prosent.

Partiet ville fått åtte mandat på Stortinget dersom det var val i dag.

Gannestad har tru på eit historisk godt val for Dei Grøne. Ho meiner mange unge har fått auga opp for Miljøpartiet.

– Mange av dei eg kjenner ynskjer seg den endringa som MDG står for. Også personar som tidlegare har plassert seg på venstresida.

Ap: – Vil vise leiarskap i klimapolitikken

Partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, er ikkje nøgd med resultatet i målinga, men meiner dette styrkar mobiliseringsevna. Ho er heller ikkje uroa over at Ap mistar veljarar til MDG.

Arbeiderpartiets landsmøte 2017

IKKJE NØGD: Partisekretær i Arbeidarpartiet, Kjersti Stenseng, seier dei skal hente dei usikre veljarane tilbake.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Vi mister veljarar til fleire parti. Det er vanskeleg å spekulere i årsaka, men no vil vi jobbe for å sikre at dei som er usikre vert henta tilbake, seier ho.

Stenseng er ikkje i tvil om at partiet sin klimapolitikk vil skape resultat

– Våre ambisjonar dei neste fira åra er å ta leiarskap i å redusere klimagassutsleppa innan 2030 med 40 prosent. Då treng vi store løft i industri og transportsektoren. Vi har ein ambisiøs klimapolitikk.

– Gannestad meiner partiet går i ei konservativ retning, kva tenkjer du om det?

– Dette valet er eit ideologisk viktig val om korleis vi skal bruke pengane våre framover, seier Stenseng.

MDG: – Ap undervurderer veljarane

Une Bastholm, nasjonal talsperson i Miljøpartiet Dei Grøne seier dei kan sikre den mest klimavennlege regjeringa landet nokon gong har hatt, dersom målinga hadde vore valresultatet.

Miljøpartiet De Grønne oppsummerer

SJØLVSIKKER: Talsperson i MDG, Une Bastholm, meiner Ap ikkje har truverd blant veljarane i klimaspørsmål.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Men vi må halde fram med å arbeide fram til valet, det er det resultatet som avgjer, seier ho.

Det overraskar ho ikkje at fleire Ap-veljarar går til MDG.

– Det er på tide at Støre og hans generasjon blir meir oppteken av solidaritet, klima og Norge si rolle ute i verda.

Ho meiner Ap undervurderer veljarane når Støre stenger døra for eit regjeringssamarbeid med Dei Grøne.

– Veljarane ser at vi trengst uansett om det er Erna eller Jonas som vert statsminister.

Men Dei Grøne mistar også veljarar til sosialistisk side.

12 prosent av dei som stemte MDG i fjor ville stemt på SV dersom det var val i morgon, 6 prosent Raudt og 8 prosent Ap.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger