Hopp til innhold

Den norske jula kan ryke for Maria og andre studentar i utlandet

Eksamenar tett opp mot jul, lang karantenetid og frykt for å ikkje returnere til studiestaden. Norske studentar i utlandet vert bedne om å planlegge for ei jul langt heimanfrå.

Maria Sjøblom Bjørndalen

Maria Sjøblom Bjørndalen framfor Fuji-fjellet i Japan. Ho vert buande lenge nok i Japan til å få opplevd landet, men også i Tokyo har 2020 vore eit annleis år.

Foto: Privat

– Det blir «Flåklypa». Eg trur eg har den på DVD ein eller annan stad, seier Maria Sjøblom Bjørndalen.

Japansk jul i vente

«Hjem til jul» har suksess på Netflix, Maria Mena syng «Home for Christmas» og Chris Rea har skapt den udødelege «Driving home for Christmas».

Det er lite som kan slå kjensla av å søkke ned i eit passasjersete og reise heim til jul. Og særskild deilig er det om du nettopp har levert siste eksamen. Men den kjensla er det sannsynlegvis mange norske utanlandsstudentar som ikkje får oppleve i 2020.

Maria Sjøblom Bjørndalen er ei av dei som har avlyst den norske jula. Ho studerer internasjonal finans og økonomi i Tokyo i Japan, og har bestemt seg for at jula i koronaåret 2020 blir av den japanske sorten. Slik vart det i fjor også, men då var det frivillig.

– Det vart jo ikkje ribbe, mammas surkål og medisterkaker. Du er ikkje med familien din, og det blir aldri heilt det same. Ein kan gjere det så koseleg som mogleg, men om eg hadde hatt fritt val, så hadde eg reist heim til jul, seier Bjørndalen.

ANSA ber studentane legge ein plan B

Jula blir heller ikkje heilt den same for dei som klarer å kome seg heim til jul i Noreg. Dei får ti dagar i karantene ved avreise.

  • Julefilmen «Love Actually» vert avslutta med masse klemmar på ein flyplass der folk kjem heim til jul. Denne juleklemmen må norske utanlandsstudentar unngå i år, for rådet er at dei skal halde avstand til familien.
  • Familieselskap kan dei ikkje vere med på i karantenetida, for dei får ikkje lov til å forlate heimen, og dei kan ikkje ha besøk.
  • Studentane er tvungne til å måtte bu hos foreldra sine, men dei må sørge for at dei er folkeregistrerte på adressa der dei vil vere i karantenetida.
  • Det er ikkje lov å legge ut på lengre innanlandsreiser etter framkomst til Noreg. Det er berre lov å ta offentleg transport på veg til eller frå flyplassen der ein reiser inn eller ut av landet.
  • Julegudstenesta kan dei gløyme, så sant ein ikkje rekk å kome til Noreg før 13. desember og dermed vert ferdig med karantenen før julaftan.

Sjå ei lengre liste over reglar og råd på ANSA sine nettsider.

Ifølgje Lånekassen er det 13.183 norske studentar som tek ein grad i utlandet dette semesteret. Utvekslingsstudentar er det nesten ingen av sidan dei fleste universitet og høgskular har avlyst utvekslingsavtalane dette semesteret.

Organisasjonen for norske studentar i utlandet, ANSA, har rådført seg med Folkehelseinstituttet, og sende nyleg ut informasjon til sine medlem om å førebu seg på ei julefeiring i landet kor dei studerer.

Morgan Alangeh, president i ANSA

Det må tenkast nytt om jula 2020 for dei studentane som har valt å studere i utlandet, seier president i ANSA, Morgan Alangeh.

Foto: ANSA

– Alle bør ha ein plan som involverer ei julefeiring i utlandet. Me seier ikkje at nokon må feire jul i utlandet, men situasjonen kan raskt endre seg, så om ikkje plan A inkluderer feiring i utlandet, så bør plan B involvere det, seier Morgan Alangeh, som er president i ANSA.

Skal førebu alternative feiringar

Studentane vert oppmoda til å vurdere om dei har lang nok ferie til å rekke karantene både i Noreg og studielandet, om det er mogleg å ha eksamen digitalt eller om dei må vere fysisk til stades, og om studentane kan vere sikre på at smittesituasjonen er god nok til at dei faktisk kan legge ut på reise når juleferien kjem.

– Det er mykje ein går glipp av om ein ikkje får kome heim til jul. Det som me håper på er at foreldre kan finne ut av ein eller annan måte å ha med studentane digitalt på julefeiring, seier Alangeh.

I tillegg er ANSA no i gang med idémyldring for å finne gode måtar å markere jula på, trass dei ekstra utfordringane som pandemien skaper. Ein del arrangement vil bli digitale.

– Det blir jo ikkje det same som å vere fysisk saman, sitte rundt bordet, lukte maten og kjenne på stemninga. Men det som er fint med dagens teknologi er at du kan snakke og sjå familien, sjølv om du er på andre sida av jorda. Det er den nest beste løysinga, seier Bjørndalen som har to år att av studia i Tokyo.

AKTUELT NÅ