Hopp til innhold

Den mest populære julegåva blir ofte liggande ubrukt

Dette er gåva til den som har alt. Men plutseleg har gåvekortet ingen verdi.

Gåvekort
Foto: Forbrukarrådet

Julaftan 2020: Det er eit heilt år sidan du tok på deg finstasen sist. I lomma på dressjakka finn du eit lite gåvekort på tusen kroner. Det er då du oppdagar at kortet er verdilaust.

Slik kan det gå. Og slik går det med titusener av nordmenn kvart år.

Tener milliardar på sløve nordmenn

– Folk er litt sløve, seier Pia Høst. Ho er leiar for forbrukardialog i Forbrukarrådet.

For det er eit faktum at nordmenn sponsar næringslivet med svimlande summar. Det er truleg verdiar for over tre milliardar kroner som kvart år går tilbake til butikkane når korta blir liggande i jakkelommer og nattbordsskuffer.

Forbrukerrådet/Pia Høst

Pia Høst i Forbrukarrådet meiner gåvekort er ein fin ting å gi og få, men at folk må passe på at korta ikkje går ut på dato.

Foto: John Trygve Tollefsen

Vi er på Storo storsenter, det største kjøpesenteret i Oslo. Folk hastar forbi, på jakt etter julegåver til slekt og vener.

Og dersom du lurer på kva som er den mest populære julegåva av alle, så viser fleire undersøkingar at gåvekort toppar lista.

Julehandel i ekspressfart

Kari Tyrhaug

Kari Tyrhaug gjer unna ein stor del av julehandelen når ho kjøper seks gåvekort på automaten på Storosenteret.

Foto: Helle Westrum / NRK

I inngangspartiet står to gåvekortautomatar. Pensjonisten Kari Tyrhaug trykker på skjermen, og i løpet av nokre sekund har ho gjort unna ein stor del av julehandelen.

– Eg gir korta til folk som har alt frå før, og som også er litt kresne, seier ho.

Seks gåvekort kjøper ho. Ho vedgår at ho sjølv har opplevd å gløyme av kort, og at dei dermed har blitt verdilause.

Gåvekort

Butikkar og kjeder tener milliardcar av kroner på gløymske forbrukarar.

Foto: Helle Westrum / NRK

Mykje å passe på

Forbrukarrådet er ikkje motstandar av gåvekort, men dei meiner det er mykje ein må vere klar over og passe på.

Om ikkje anna er oppgitt, er regelen at kortet skal bli brukt i løpet av tre år. Men mange av kjedene har eigne reglar, og korta blir dermed forelda mykje raskare.

Korta frå gåveautomaten på Storo er eit tilbod frå Thongruppen, der kundane kan kjøpe varer og hotellopphald. Rundt om i dei enkelte butikkane har dei eigne gåvekort.

Unni Merethe Aasgaard

Senterleiar Unni Merethe Aasgaard ved Storo storsenter i Oslo opplever at mange vil kjøpe gåvekort i automatane deira.

Foto: Tore Ellingseter / NRK

– Kortet vårt må bli brukt i løpet av eitt år, seier senterleiar Unni Merethe Aasgaard.

– Kvifor det, spør vi.

Senterleiaren seier at det berre er slik, og ho vil gjerne fortelje om tilbodet om å designe eigne festlege julegåvekort.

Ny utfordring i år

Pia Høst i Forbrukarrådet meiner det i år har kome eit nytt moment som folk må passe på. Pandemien har gitt auka fare for konkursar.

– Om butikkar og kjeder går konkurs, kan pengane fort vere tapte. Men rådet vårt er å bruke kredittkort når du kjøper gåvekort. Då vil du få att pengane ved ein konkurs.

– Men kva skal folk gjere for å ikkje gløyme gåvekorta sine?

– Mitt råd er å skrive det inn i kalenderen. Og opprett gjerne ein alarm på mobilen!

AKTUELT NÅ