Hopp til innhold

Dempa forslag om friskulelov med opning for «profilskular»

Regjeringa vil gjere det lettare å starte friskular og opnar for spesialiserte skular, men kunnskapsministeren bryt si eiga regjeringserklæring for å samle mest mogleg politisk støtte.

Torbjørn Røe Isaksen i skolegården på Klemtsrud skole sammen med barn

Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen legg fram forslag om ny friskulelov.

Foto: Grøtt, Vegard Wivestad / NTB scanpix

I dag sender regjeringa forslag om ny friskulelov ut på høyring. Lova skal erstatte privatskulelova som kom under den raudgrøne regjeringa i 2007.

Den gjeldande lova har tillate nokre få alternativ til offentlege skular. No blir det opna for at fleire skal få sleppe til.

Andre typar friskular

Det mest vanlege under det gjeldande regelverket har vore religiøse skular og skular med alternativ pedagogikk – gjerne Montessoriskular og Steinerskular.

I det nye lovforslaget vil kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen opne for eit større mangfald av privateigde skulealternativ i grunnskulen og i vidaregåande skule.

  • Vidaregåande yrkesfagskular
  • «Profilskular»

– Profilskular kan vere for eksempel eit realfagsgymnas eller ein skule som vil spesialisere seg på kunst og kultur, seier kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H). Profilskular kan bli godkjende både i grunnskulen og i vidaregåande skule.

– Korleis skal lova definere kvar grensene går?
– Ein profilskule skal ha ein klar og tydeleg fagleg profil som skil seg vesentleg frå den offentlege skulen, og det skal vere strenge krav for at det blir oppfylt. Det blir ikkje lov å starte kva slags friskule som helst. Dette er ei moderat utviding, meiner statsråden.

Bryt eiga regjeringserklæring

Og dermed innrømmer han ope at han bryt si eiga regjeringserklæring.

Der stod det nemleg at regjeringa skulle godkjenne alle skular som oppfylte krav til innhald og kvalitet. No vidarefører regjeringa heller prinsippet frå dei raudgrøne si lov: ein privat skuleeigar må oppfylle definerte formål for å få lov til å starte skule, enten det er religiøse formål, pedagogiske formål eller det nye punktet om fagleg profil.

– Dette er eit meir moderat forslag enn det som står i regjeringserklæringa. Det gjer vi fordi vi ønskjer ei ny friskulelov som kan stå seg over tid. Difor legg vi også fram eit forslag som vi veit kan få støtte frå fleire enn regjeringspartia, seier Isaksen.

NRK kjenner til at regjeringa har hatt samtalar med KrF og Venstre, og at lovforslaget til ein viss grad er tilpassa synspunkt dei to støttepartia i Stortinget har kome med.

Det store ideologiske skillet i skulepolitikken dei siste åra har vore synet på privateigde skular.
Bondevik 2-regjeringa opna opp for fleire med si friskulelov.
Dei raudgrøne stoppa utviklinga og døypte om lova til privatskulelova.
No er det Høgre sin tur igjen. I framlegget til ny friskulelov som går ut på høyring i dag foreslår dei ei moderat liberalisering av reglane.

POLITISK KVARTER: Kunnskapsminister Torbjørn Røe Isaksen (H) møter Trond Giske og Anders Tyvand (KrF) til debatt om privatskular.

Framleis forbod mot å tene pengar

Høgre-Frp-regjeringa vil også framleis ha lovforbod mot å tene pengar på skuledrift i Noreg. Røe Isaksen skjerpar til og med utbytte-reglane fordi han ikkje ønskjer aktørar som gjer butikk på skulen.

– Vi strammar inn regelverket for å forhindre misbruk, for eksempel med strengare reglar mot handel mellom søsterselskap. Vi presiserer at handel med nærståande selskap må skje til marknadspris, og vi innfører ein karanteneperiode for dei som bryt lova. Det blir også meir kontroll med regelverket, seier han til NRK.

I tilsynssakene mot dei frittståande skulekjedene John Bauer og Akademiet har handel med søsterselskap vore eit sentralt poeng.

Spørsmålet var om skulane handla tenester til overpris hos selskap som skuleeigarane kontrollerte og på den måten tente pengar på skuledrifta indirekte.

Avventande Ap

Trond Giske

Trond Giske er avventande.

Foto: NTB Scanpix

Forholdet til private skuleeigararar har vore den store ideologiske striden i skulepolitikken dei siste åra. Isaksen håpar på ei lov som kan stå seg over tid, og er spent på Arbeidarpartiet si haldning.

– Eg håpar at Arbeidarpartiet ikkje berre ser på dei ferdigskrivne manusa sine, men ser på det vi reelt sett har foreslått.

Førstereaksjonen til Trond Giske (Ap), er avventande.

– Eg synest det er bra at regjeringa legg bort den ekstremvarianten av privatisering som står i regjeringserklæringa allereie etter eitt år, seier Giske til NRK.

Men leiaren i utdanningskomiteen på Stortinget er også skeptisk og fryktar punktet om såkalla «profilskular» kan opne for mange nye privateigde skular.

Det er lite truleg at Ap kjem til å støtte forslaget.

– Vi meiner det er fullt mogleg å få til eit mangfald av ulike pedagogiske metodar innanfor den offentlege skulen, seier Giske.

AKTUELT NÅ