Hopp til innhold

Få møtte opp på anti-islamdemonstrasjon i Oslo

Politiet sette inn ekstra beredskap rundt demonstrasjonen til antiislamistane i Norwegian Defence League i Gamlebyen i Oslo, men berre eit trettitals menneske møtte opp.

Få møtte opp på anti-islamdemonstrasjon i Oslo

Få møtte opp på anti-islamdemonstrasjon i Oslo

Stopp Islamiseringen av Europa (SIOE) og Norwegian Defence League (NDL) står saman om demonstrasjonen i Gamlebyen laurdag ettermiddag.

For første gong skal den norske anti-islam-rørsla gjere som English Defense League har gjort mange gonger før dei – demonstrere i bydelar der det bur mange innvandrarar med muslimsk bakgrunn.

– Vi utøver vår rett til å demonstrere der vi vil i landet. Om det er ein innvandrarbydel eller framfor Stortinget, så skal ikkje det betyr noko, seier Rune Hauge, leiar av NDL til NRK.no.

– Ein skal ha ytringsfridom i heile Noreg. dersom ein ikkje har det, er det noko alvorleg gale i landet, seier han.

– Vi håpar folk vaknar

Fleire utanlandske toppleiarar i rørsla står på lista over appellantar.

Søsterorganisasjonar til NDL frå Norden samt Polen, Tyskland og England er representert.

Artikkelen held fram under videoen:

Kjersti Margrethe Gilje og Merete Hodne, leder Stopp Islamiseringen av Europa, NOrge. De hevder muslimene kommer til å ta over Europa.

Hevdar muslimane vil ta over Europa

– Vi håpar at folk vaknar, rett og slett, og ser kva som går føre seg, seier Rune Hauge (44) som sidan april i år har leidd Norwegian Defense League.

Anti-rasistar mot anti-islamistar

Antirasistisk demonstrasjon i Oslo

HUNDREVIS: Litt fleire møtte opp på Antirasistisk Senter sitt arrangement Folkefest mot rasisme laurdag, enn på NDL sin anti-islam-demonstrasjon.

Foto: Inger Volden / NRK

Nye SOS Rasisme hadde i framkant varsla at dei vil møte opp for å demonstrere mot antiislamistane i Gamlebyen.

Dei blei stoppa av politiet da dei ikkje hadde bedt om løyve til demonstrasjonen.

I tillegg hadde tre unge menn tatt initiativ til ein naboaksjonen.

– Vi håper dei forstår at vi ikkje er interessert i hatet deira. Vi som bur her trivast i gamlebyen slik bydelen er, seier Øyvind Bugge Solheim (26) til Utrop.

Politiet slo allereie før NDL kom i gang ned på motdemonstrasjonen som dei omtalar som ulovleg, der om lag 30–35 antirasistar blei stoppa og ranssaka. Også ei anna gruppe blei stoppa av politiet.

Saka held fram under videoen

Like mange demonstranter hadde møtt opp for å demonstrere mot Stopp islamiseringen av Europa og Norwegian Defense Leagues demonstrasjon i Gamlebyen.

Om lag like mange anti-rasistar som anti-islamistar møtte opp.

I framkant har også Profetens Ummah varsla at dei skal demonstrere.

– Vi skal vise vår motstand mot arrangementet til islamhaterne, skriv Ubaydullah Hussein på Profetens Ummah på sin Facebookside.

demonstrerer mot NDL

MOT RASISME: Antirasistisk Senter arrangerte folkefest mot rassisme som eit tilsvar til demonstrasjonen til Norwegian Defence League.

Foto: Inger Volden / NRK

LES OGSÅ: Islamister varsler motdemonstrasjon

Folkefest mot rasisme

Antirasistisk senter og mange andre organisasjonar oppfordrar folk til å halde seg unna den varsla demonstrasjonen og heller komme på deira arrangement på Grønlands torg.

Antirasistisk demonstrasjon i Oslo

HUNDREVIS: Litt fleire møtte opp på Antirasistisk Senter sitt arrangement Folkefest mot rasisme laurdag, enn på NDL sin anti-islam-demonstrasjon.

Foto: Inger Volden / NRK

Der arrangerer dei folkefest mot rasisme, og kunne skilte med litt fleire frammøtte enn NDL sin demonstrasjon hadde.

– I dag blir vi samla for å vise at det forvridde synet NLD har på Noreg er nettopp det, heilt skrudd og forvridd, seier leiar i Antirasistisk Senter Kari Helene Partapouli i ein appell.

Åtvarar mot Breivik-ideologi

– Vi møtast også for å åtvare mot ekstreme krefter, seier ho og viser til terroråtaka 22. juli i fjor.

– 22. juli har lært oss at ekstremistar sin ideologi kan inspirere til vald. for nokre er den logiske slutninga av NDL sin ideologi å bruke vald, seier Partaoouli og held fram:

– Ein av Anders Behring Breivik sine forsvararar sa nettopp at Breivik var åleine om å planlegge terrorangrepa, lage bomba og å utføre drapa. Men Breivik er ikkje åleine om meiningane sine, seier ho.

Artikkelen held fram under videoen:

Rune Hauge i Norwegian Defense League hevder islamiseringen av Norge allerede er godt igang.

Rune Hauge i NDL meiner islamiseringen av Norge er i gang

Som følgje av urolege tider i Europa, har det vakse fram ei bølgje framandhat og vald mot innvandrarar og minoritetar. Både i Hellas, Ungarn og Bulgaria er høgreekstreme politiske parti i rask vekst. Partapouli seier dette også lyser gjennom i behandlinga av romfolk i Europa, også i Noreg.

– Vi veit at vald og overgrep mot romfolk er vanleg i Europa, og vi ser at det også i Noreg er hatefullt, seier ho, og held fram med sin krasse kritikk mot NDL og verdisynet deira.

Delte ut suppe

Undervegs i demonstrasjonen var fleire frå romfolket med og hjelpte til, mellom anna for å dele ut suppe til dei frammøtte.

– Vi er veldig glade for å få jobbe og hjelpe til i dag, seier Mariana Barbu og Daniela Iririma til NRK.no.

Saka held fram under biletet

Leiar i Antirasistisk senter Kari Helene Partapuoli

APPELL: Leiar i Antirasistisk senter, Kari Helene Partapouli, kallar NDL sin ideologi for forvridd.

Foto: Inger Volden / NRK

Fleire ekspertar NRK.no har snakka med understrekar at både SIOE Norge og NDL har få medlemar.

Tidlegare har berre nokre titals personar møtt opp på demonstrasjonane deira. Men det betyr ikkje at ideologien de spreier er ufarleg, åtvarar dei.

Forsker Anders Ravik Jupskås ved UiO mener islamhatet på ytterste høyre er skremmende.

Forskar Anders Ravik Jupskås meiner islamhatet er skremmande

AKTUELT NÅ