Hopp til innhold

Demenskrav kan stå i vegen for Simen (18) sin bustaddraum

Eit bustadprosjekt i Horten for seks ungdommar med ulike typar funksjonshemming står i fare på grunn av ein konflikt med Husbanken. Leilegheita til Simen (18) må vere tilpassa demente og ikkje særleg større enn 45 kvadratmeter.

Simen Aas Hidle og mor Linda Aas Hidle

Simen og mora Linda Aas Hidle snakkar om framtidsplanane. 18 år gamle Simen gler seg til å flytte til eigen bustad der han sjølv kan bestemme.

18 år gamle Simen Aas Hidle drøymer om ein bustad han kan bu i resten av livet. I fleire år har foreldra til seks utviklingshemma ungdommar jobba for å realisere bustadprosjektet i Horten kommune i Vestfold.

Men på eit møte krevde Husbanken at bustaden ikkje skal vere særleg større enn 45 kvm og at den også skal kunne brukast av demente.

– Uaktuelt slik det står no

Draumen er at dei seks ungdommane, som kjenner kvarandre frå før og er i alder 18 til 23 år, skal kunne få kvar si leilegheit i løpet av nokre år.

Simen Aas Hidle

Simen Aas Hidle vil flytte for seg sjølv.

Foto: Nils Tore Hjørnevik / NRK

Ein av dei er 18 år gamle Simen Aas Hidle. Når NRK besøker han heime, er han tydeleg på at han ikkje ønsker å bu hos mor og far resten av livet:

– Dei må skunde seg litt, seier han til mamma Linda Aas Hidle.

Ho fryktar at bustadprosjektet kan strande.

Det er uaktuelt for oss som foreldre å gå inn i dette prosjektet slik det er no. Det er lite og institusjonsprega, seier Hidle.

Simen Aas Hidle

Simen Aas Hidle drøymer om eiga leilegheit, der han kan bestemme sjølv, og gjere kvardagslege ting.

Foto: Nils Tore Hjørnevik / NRK

Små leilegheiter

NRK har lest gjennom møtereferatet frå januar i år, der foreldra, Horten kommune og Husbanken var representerte.

For at det skal bli aktuelt å gi sokalla investeringstilskot, krev Husbanken mellom anna:

  • Leilegheitene må vere oversiktlege, i areal ikkje særlig større enn 45m2.
  • Leilegheitene må vere tilrettelagt for personar med demens.
  • Leilegheitene skal i hovudsak ha innvendig gang/korridor til fellesarealet.
Kart over bustadplanane i Horten kommune

Slik ser planane for bustadane ut. Leilegheitene er for små, meiner forelder Svein-Erik Figved.

Foto: Nils Tore Hjørnevik / NRK

Ein av foreldra som var til stades på møtet, Svein-Erik Figved, reagerer sterkt:

– Det at du skal leve eit liv frå du er 18 år til du er 70 i ein 45 kvm stor leilegheit er ikkje eit fullverdig liv. Det betyr i praksis at du ikkje har plass til å halde bursdagsselskap i di eiga stove fordi det ikkje finst plass til det.

Han meiner også Husbanken ikkje tek høgde for at brukarane har ulike behov.

– Krava stemmer ikkje med intensjonen i HVPU-reforma. Vi føler at Husbanken køyrer ein usosial bustadpolitikk, seier Figved.

Svein-Erik Figved

Svein-Erik Figved står på tomta det bustadane er planlagt til.

Foto: Nils Tore Hjørnevik / NRK

Tek sjølvkritikk

Husbanken tek sjølvkritikk i måten foreldra i Horten vart møtt på.

– Vi har nok vore meir rigide enn det vi burde. Det er ikkje noko eksplisitt krav rundt storleik, så det er større rom for å vise skjønn enn det vi har gjort så langt, seier avdelingsdirektør i Husbanken, Are Sauren

Are Sauren i Husbanken

Are Sauren i Husbanken seier dei tek sjølvkritikk og har vore for rigide i denne saka.

Foto: Nils Tore Hjørnevik / NRK

Han stadfestar likevel at alle omsorgsbustader som får investeringstilskot i dag, skal tilretteleggast for personar med demens.

– Det er eit aukande tal på demente og eit stort behov for bustader til denne gruppa. Det er årsaka til at alle bustader som får tilskot må vere tilpassa demente, seier Sauren.

Han vil no ta initiativ til å finne ei løysing med foreldra.

AKTUELT NÅ