Hopp til innhold

Datatilsynet: – Høgre braut lova fleire gonger i Facebook-kampanje

Høgre braut personvernlova fleire gonger då dei før valet i 2013 rangerte uvitande Facebook-medlemer etter kor sannsynleg det var at dei ville stemme Høgre. Det meiner Datatilsynet.

Erna Solberg Facebook Live

Erna Solberg bruker sjølv Facebook flittig. No er partiet hennar felt av Datatilsynet for å ha tråkka over ei grense då dei brukte personleg informasjon for å rekruttere veljarar før stortingsvalet i 2013.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix

– Me har gitt ein såkalla irettesetting til Høgre, det vil seie at det er konstatert lovbrot, seier direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon.

I meir enn eit år har Datatilsynet granska Høgre sin såkalla «100-timars»-kampanje som partiet hadde gåande på Facebook dei siste dagane før stortingsvalet i 2013.

Som NRK skreiv i fjor vart uvitande nordmenn kartlagt og føreslått som potensielle Høgre-veljarar. Høgre-medlemer fekk ein e-post som førte dei vidare til ein applikasjon utvikla av selskapet Bisnode Analytics, som gjennomførte analysane som var sentrale i kampanjen.

Det fungerte slik at Høgre-medlemer fekk ein e-post med lenkje til Facebook. Der aksepterte dei nokre vilkår, og dei fekk etter kvart opp ei liste på fem Facebook-vener som kunne vere potensielle Høgre-veljarar.

Deretter vart dei oppmoda til å ta kontakt med dei fem Facebook-venene for å føreslå at dei burde stemme på Høgre. Totalt nådde kampanjen rundt 2.500 personar.

Datatilsynet: – Spesiell kampanje

Men personane som vart rangerte av analytikarane og føreslått som potensielle Høgre-veljarar vart aldri spurde om dei syntest det var greitt å delta.

Høgre har brukt informasjon om folk, og brukt denne til å vurdere kor aktuelt det er at dei vil stemme Høgre. Det er her Datatilsynet meiner at Høgre har brote personvernforordninga på to punkt.

– Det vart henta inn opplysningar frå folk som ikkje hadde relasjon eller var medlem i Høgre, for å rekruttere dei til å bli Høgre-veljarar. Då må ein gjere heilt andre vurderingar enn Høgre her har gjort, seier Bjørn Erik Thon i Datatilsynet.

Bjørn Erik Thon

Direktør i Datatilsynet, Bjørn Erik Thon, meiner saka rører ved kjernen av personvernet.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Han seier kampanjen er spesiell fordi Høgre har henta inn informasjon om personar som ikkje har noko band til partiet i utgangspunktet, anna enn at dei har ein Facebook-ven som er medlem i Høgre.

Det er ikkje vurdert om Høgre skal bli bøtelagt fordi saka uansett er meir enn fem år gamal, og difor forelda. Det er likevel gjort ei vurdering, og sjølv om det finst rom for å gjere unntak i personopplysingslova, har ikkje Datatilsynet funne nokon relevant grunn til gjere det i denne saka.

Høgre legg seg flate

Høgre bad sjølv om at Datatilsynet tok ei vurdering av saka, men først etter at NRK kontakta partiet om saka. Høgres kampanjesjef, Thoralf Granerød, seier at partiet tek konklusjonen frå Datatilsynet til etterretning, og at dei vil rette seg etter tilsynets konklusjon.

– Det var ein kampanje på tre dagar, og det var ikkje klokt av oss å gjere det i 2013. Det var ein nyttig avklaring frå Datatilsynet, og dette kjem heller ikkje til å bli gjort igjen, seier Granerød.

ErnaFace

Erna Solberg var med på opninga av Facebook sitt Noregs-kontor i 2016.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– De informerte jo ikkje Facebook-brukarane om at de samla inn namna deira og matcha dei med andre register. Kva vil du seie til dei i dag?

– Dette vart gjort ei gong, og kjem aldri til å bli gjort igjen. Det er viktig at ein kan stole på politiske parti og Høgre når det gjeld korleis ein forvaltar personvernet. Både lovmessig, men ikkje minst også etisk, seier Granerød, som seier at kampanjane til haustens val ikkje kjem til å utfordre lovens grenser.

Han beklagar til alle Høgre sine medlemer, og til andre som vart ein del av saka. Granerød meiner partiet tråkka over ei etisk grense, og at dei i framtida ønskjer ein tett dialog med Datatilsynet for å få på plass gode rammeverk for sitt arbeid.

Vil ikkje samanlikne med Cambridge Analytica

Høgre avviser all samanlikning med Cambridge Analytica-saka, der eit britisk selskap kombinerte avansert datainnsamling med strategisk kommunikasjon. Selskapet var mellom anna sentrale i Donald Trumps presidentkampanje.

– Heile Cambridge Analytica var basert på ein grunnleggjande metode, som ligg langt unna korleis Høgre arbeider. Denne saka var eit enkelttilfelle over tre dagar, og det låg ikkje i kjernen av korleis ein driv valkamp. Dette var ikkje ein systematisk metode, seier Granerød.

Heller ikkje Thon i Datatilsynet meiner det er ein samanheng mellom denne saka og Cambridge Analytica.

– Dette er ein enkeltståande kampanje, og ein enkeltståande applikasjon. Cambridge Analytica var systematisk kartlegging av enormt mange menneske og med ein heilt annan kraft, seier Thon.

Thon seier Datatilsynet har fatta ekstra interesse for saka fordi den ligg ved kjernen av personvernet. Han meiner folk må vere sikre på at det ikkje på ulovleg vis vert delt personleg informasjon med mål om å påverke folks politiske val.

Datatilsynet har hatt dialog med alle politiske parti for å få vite meir om korleis dei planlegg å jobbe i framtida med politiske kampanjar på internett. Partiet har moglegheit til å klage på vedtaket.

Bisnode Analytics skriv i ein SMS at dei har fått med seg at Datatilsynet har fatta eit vedtak, men at dei ikkje ser på seg sjølve som ein part i saka og viser til Høgre for alle spørsmål.

Pluggen
Bla deg nedover e-posten og applikasjonen «100-timerskampanjen» slik den fremstod i 2013.

AKTUELT NÅ