Hopp til innhold

Utsetjing for datalagringsdirektivet

Justisdepartementet orienterte i ettermiddag Stortinget om at utforminga av reglane for datalagringsdirektivet blir utsett.

Årsaka er at departementet ikkje greier å få ein klar modell for kostnadsfordeling innan 1. juli, datoen som er sett for at direktivet skal tre i kraft, melder digi.no .

Torgeir Waterhouse

Torgeir Waterhouse i IKT-Norge er glad for utsetjinga.

Foto: Knut Falch

I eit høyringsbrev som vart offentleggjort i dag heiter det at departementa tek sikte på å sende eit lovforslag om kostnadsfordelingsmetode ut på høyring i løpet av sommaren 2012.

Seniorrådgjevar Heidi Karlsen i Samferdselsdepartementet stadfestar overfor digi.no at heile direktivet no blir utsett, og at det ikkje er sett nokon dato for når reglane kan tre i kraft.

Samferdsleminister Magnhild Meltveit Kleppa seier i ein kommentar at dei vil invitere til ei høyring om kven som skal ta rekninga for direktivet.

LES OGSÅ: Datatilsynet mener EU lagrer for mye informasjon

LES OGSÅ: Venstre-forslag om asylbarna fikk ikke medhold

Torgeir Waterhouse i IKT-Norge er glad for utsetjinga. Han seier at dette er det einaste ansvarlege grepet regjeringa kunne gjere.

– Det er bra at dei har høyrt på innspela frå oss om at 1. juli er for kort tid. Vi håpar at utsetjinga blir lang nok, til dømes 12 til 18 månader. Det gjer også at ein må ta seg betre tid med det andre arbeidet som er på gang, både hos Datatilsynet og i Post- og teletilsynet, seier Waterhouse til digi.no .

LES OGSÅ: Kritiserer endringer i straffeloven

LES OGSÅ: – Norge vil miste kontroll over personvernet

LES OGSÅ: Bjurstrøm gir ikke etter for vikar-press

AKTUELT NÅ