Hopp til innhold

Dårlege dekk medverka til 18 drepne i fjor

Gamle, slitte dekk er ingen spøk. – Dekk har ofte ei avgjerande betydning for om det blir ei dødsulykke eller ikkje, seier Vegvesenet.

Jan Erikstad viser fram slitte vinterdekk

UBRUKELEG: – Når dekk blir gamle, blir dei glatte og er verken gode på sommaren eller vinteren, åtvarar Jan Erikstad.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

117 mennesker døydde i trafikken i 2015. Feil eller manglar ved køyretøyet var medverkande årsak til om lag 31 prosent av dødsulykkene.

– Dekk er ein av dei tinga som vi ofte ser har ei avgjerande betydning for om det blir ei dødsulykke eller ikkje. Det ser vi særleg i vintermånadane, seier avdelingsdirektør for trafikktryggleiksseksjonen i Statens vegvesen, Guro Ranes.

Dekk- og hjulutrustinga på dei involverte køyretøya var ein medverkande årsak i 17 av ulykkene, der 18 mista livet. Dette kjem fram frå Statens vegvesen sin årlege djupneanalyse av dødsulykker i vegtrafikken.

Laster innhold, vennligst vent..

Køyrer ikkje med vinterdekk

Ranes seier dårlege og nedslitte dekk med dårleg mønster er vanlegast.

– På vinteren er det at folk ikkje køyrer med vinterdekk, verken med eller utan piggar. Det blir dårlegare friksjon.

Ho anbefaler folk å sørge for at ein har gode og relativt nye vinterdekk når vi no går inn i ein kaldare sesong. Og sett på hjula riktig veg.

Ts-generera Guro Ranes

VIKTIG: Guro Ranes kan melde at dekk har ei stor betydning i trafikken.

Foto: Knut Opeide

– Vi ser at det er ein del som setter på hjula feil veg.

– Ikkje alle er klar over at dekka har rotasjonsretning. Sett høgre hjul på høgre side og venstre hjul på venstre side.

– Som å sette brukte bremser på ein bil

Jan Erikstad er nestleiar hos Vianor dekk på Storo i Oslo. Han har sett mange dårlege dekk opp gjennom åra, og er ikkje overraska over skulda dekka har i dødsulykker.

– Vi får inn mykje dårlege dekk. Folk tenker lite på trafikktryggleik når det kjem til akkurat dette.

Jan Erikstad viser fram slitte dekk

SLITT: Jan Erikstad viser fram slitte vinterdekk.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

– Vi seier ifrå til alle med dårlege dekk. Er dekka under millimetergrensa setter vi dei ikkje på. Det er som å sette brukte bremser på ein bil.

Slitt dekk

SLITT: Slitte dekk er ein stor trafikkrisiko.

Foto: Statens vegvesen

Erikstad seier dei ofte sender kunden tilbake utan å ha skifta dekka fordi dei ikkje er igod nok stand.

– Når seipinga byrjar å forsvinne mistar ein mykje av effekten på vinteren. Gripeevna på snø, is og bremsing blir ikkje like god. Dekka får ikkje drive vekk vatnet frå underlaget.
Med litt fart og fukt i vegen så glir du godt.

Alder har noko å seie

– Her har vi eit typisk dårleg dekk. Det er kring tre millimeter djupt i mønsteret, men har

Jan Erikstad viser fram slitte vinterdekk

UBRUKELEG: – Når dekk blir gamle, blir dei glatte og er verken gode på sommaren eller vinteren, åtvarar Jan Erikstad.

Foto: Kjartan Rørslett / NRK

begynt å bli gamalt. Når dekk blir gamle, blir dei glatte og er verken gode på sommaren eller vinteren.

Han råder til å skifte vinterdekk etter kring fire år. Sommardekk har litt lenger haldbarheit, kring fem eller seks år. Det kan også lønne seg å bøye seg ned sjekke slitasjen på hjula.

– Mange bilar har dårleg stilling på hjula sine, så dei blir slitt på innsida.

AKTUELT NÅ