Historisk lågt for KrF på ny måling – Frp kraftig fram

For første gong fell KrF til under tre prosent på NRK sine målingar. Det viser Norstat si ferske stortingsmåling for NRK og Aftenposten. Regjeringspartia ligg stabilt på eit nivå langt unna fleirtal

Kjell Ingolf Ropstad i Stortingets spørretime.

SLIT: KrF-leiar Kjell Ingolf Ropstad kan notere seg den dårlegaste målinga for partiet på NRK sine partibarometer nokon gong.

Foto: Ole Berg-rusten / NTB scanpix

– Det er sjølvsagt altfor dårleg, men heldigvis er det lenge til valet, seier Krf-leiar Kjell Ingolf Ropstad til NRK.

KrF går tilbake 1,1 prosentpoeng til ein oppslutnad på 2,8 prosent i Norstat det ferske partibarometeret sitt for desember.

Dette er akkurat innanfor feilmarginen, men er den lågaste oppslutnaden KrF har hatt på ei NRK-måling. I tillegg er det nærast ei dobling av KrF-veljarar som no sit på gjerdet, etter med ein auke frå 8,8 til 16,3 prosent.

– På denne målinga er KrF mindre enn Raudt. Er det ein posisjon du kan leve med?

– Nei, det kristendemokratiske partiet skal vere større enn kommunistane i Noreg, svarer Ropstad.

Partibarometer desember

Periode 19/11–25/11. 966 intervjuer. Feilmarginer fra 1,2–3 pp.
R
4,5 %
−1,5
SV
6,5 %
−0,9
AP
22,9 %
−0,8
SP
18,1 %
+0,6
MDG
6,4 %
+0,3
KRF
2,8 %
−1,1
V
3,5 %
+0,2
H
19,7 %
−2,1
FRP
12,5 %
+4,1
Andre
3,2 %
+1,2
Kilde: Norstat for NRK og Aftenposten. Tallene er sammenliknet med stortingsvalgmålingen for novemberr. 966 intervjuer er gjennomført, hvorav 749 har oppgitt partipreferanse.

Lek til MDG

Tidlegare i november fekk Krf-leiaren mykje merksemd etter å ha åtvara mot eit menneskesyn han meiner finst i deler av miljørørsla. No viser bakgrunnstala frå målinga at dette utspelet kanskje slo ut noko feil, då KrF særleg lek veljarar til Miljøpartiet Dei Grøne.

– Det er alltid ansvaret mitt at partiet skal gjere det best mogleg, og eg meiner det framleis det er ein viktig debatt. Det å løfte menneskeverdet og det kristne menneskesynet kjem eg til å bruke mykje tid på framover, seier Ropstad.

Ropstad meiner KrF-veljarar er veldig opptatt av klima, og avviser at han er på kollisjonskurs med eigne veljarar.

– Eg angreip ikkje miljørørsla, men var opptatt av at visse straumdrag i den europeiske grøne ideologien meiner at dyr har same verdi som menneske, noko eg tar sterkt avstand frå, seier KrF-leiaren.

Regjeringa slit

Tett på –Tidlig innsats og inkluderende fellesskap i barnehage, skole og SFO. 

Statsminister og partileiar i Høgre, Erna Solberg, er ikkje nøgd med NRK si desembermåling.

Foto: Ørn E. Borgen / NTB scanpix

Om målinga hadde vore eit val, ville regjeringspartia fått 59 mandat på Stortinget – langt unna dei 85 som trengst for å ha fleirtal. Det er den tredje månaden på rad regjeringspartia får under 60 mandat.

– Vi er inne ein periode der vi må jobbe hardare for å vinne veljarar, men det skal vi gjere og det er ei god stund til neste val, seier statsminister Erna Solberg (H) til NRK.

– Det er tredje månaden på rad med oppslutning under 60 mandat for regjeringspartia. Kva trur du det kjem av?

– Det skuldast nok litt at vi hadde ein valkamp der regjeringspartia verka usamde om nokre saker. Så må vi jobbe med å få fram politikken vår på ein endå betre måte.

Frp fram

Regjeringa slit trass i at Frp går fram 4.1 prosentpoeng til ein oppslutnad på 12.5 prosent, ein framgang som er utanfor feilmarginen. Partiet hentar no tilbake fleire usikre veljarar, samtidig som velgjarlojaliteten veks frå 45 til 67 prosent.

Siv Jensen avviser kritikk om økte forskjeller i Norge

Siv Jensen er partileiar i Framstegspartiet.

– Eg trur det først og fremst handlar om at Framstegspartiet er veldig tydelege. Mange er nok glade for at vi har ansvaret for kriminalitets- og innvandringspolitikken i ei tid der vi ser tøffare tilstandar berre i vårt eige naboland, seier partileiar Siv Jensen til NRK.

På raudgrøn side er det Raudt som får den største endringa. Partiet fell 1,5 prosentpoeng til ein oppslutnad på 4,5 prosent.

Ikkje fornøgd

Arbeidarpartiet går tilbake 0,8 prosentpoeng til 22,5 prosent oppslutnad.

Hadia Tajik på Arbeiderpartiets landsmøte 2019

Hadia Tajik er nestleiar i Arbeidarpartiet.

Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix

– Dette er ikkje tal Arbeidarpartiet er fornøgd med. Me har høgare ambisjonar enn dette, seier nestleiar Hadia Tajik til NRK.

– Kvifor evna ikkje du og Jonas Gahr Støre å løfte Arbeidarpartiet?

– Det er viktigare for oss å kome høgare opp på målingane. Og det me vil jobbe med framover er eit meir rettferdig og klimavennleg Noreg. Det eg synst er gledeleg er at det er eit tydeleg fleirtal for å byte ut dagens regjering.

– Men kvifor evnar de ikkje å løfte Arbeidarpartiet?

– Me er veldig motiverte i heile stortingsgruppa og i organisasjonen til Arbeidarpartiet til å løfte oss på målingane, seier Tajik.

– Men det verkar jo ikkje?

– Me er uansett motiverte for å brette opp ermane og stå på for å vise at ein vil få ein annan politikk med Arbeidarpartiet.

SISTE NYTT

Siste meldinger