Hopp til innhold

Danmark: Dømd til fengsel for tigging

Ein rumenar i København er i dag dømd til fengsel i 14 dagar for tigging. Han er den første som får fengselsstraff etter at Danmark skjerpa lovverket.

Rumensk kvinne tigger i Oslo

VERT STRAFFA: Danmark har skjerpa lovverket for tigging. I dag vart ein mann i København dømt til fengsel i 14 dagar for å ha tigga. Bilete er eit illustrasjonsfoto og har ingenting med den dømde å gjere.

Foto: Arild Sandsvik / NRK

21. juni skjerpa Danmark tiggelovgjevinga i landet. Om ein person tiggar i gågater, på stasjonar, i kollektivtrafikk eller ved kjøpesenter kan ein risikere fengsel i opp mot to veker.

I dag vart ein mann for første gong råka av den nye lovgivinga. Ein rumenar skal no i fengsel i 14 dagar for å ha tigga med ein kopp ved Nørrebro stasjon i København, melder Danmarks Radio.

Etter den nye lovgivinga kan personar som tiggar straffast utan at det på førehand vert gjeven noko form for åtvaring.

Politiet oppdaga at mannen tigga ved stasjonen 11. juni, og bad han møte i retten for lovbrotet. Han møtte ikkje opp, men vart likevel dømd til fengsel i 14 dagar. Det er ukjent kvar mannen befinn seg, så politiet har enda ikkje klart å fengsle tiggaren.

Saka vart behandla i Byretten i København, som har sett i verk ei eiga ordning som skal sikre at tiggesaker vert behandla i eit raskt tempo.

Også to andre rumenarar er skulda for tigging etter den skjerpa tiggelovgjevinga i landet.

Regjeringa har foreslått tiggeforbod i Noreg

I 2015 kom regjeringa med eit lovforslag om nasjonalt tiggeforbod. Forslaget hadde i utgangspunktet fleirtal, men Senterpartiet snudde og stemte imot.

Forslaget skapte mykje debatt, fordi personar som medverka til tigging, gjennom blant anna å leggje til rette for overnatting kunne bli straffa.

I dag kan derimot kommunar gå inn for lokale tiggeforbod.

AKTUELT NÅ