Danmark er på juletretoppen i Europa og eksporterte i fjor rundt 9 millionar tre. Noreg eksporterte 3.000.
Den danske juletreeksporten gav rundt 2 milliardar kroner i inntekter i fjor, og rundt halvparten kom frå sal til Tyskland, viser tal frå Landbrugsstyrelsen.
Det andre salet var stort sett til andre europeiske land som Frankrike, Storbritannia og Nederland. Nokre tre hamna òg i fjerne land som Marokko og Singapore.
Mange arbeidsplassar
Danskane produserer årleg òg 35.000 tonn granbar til bruk i kransar og andre dekorasjonar, og mesteparten av dette går òg til eksport.
Produksjonen av juletre og granbar i Danmark gir rundt 2.000 årsverk, men i den travlaste perioden frå midten av november til midten av desember jobbar rundt 5.000 personar sju dagar i veka med pakking og sending.
Kortreiste tre
Sjølv om mange no vel seg plastjuletre, så handla 1.4 millionar nordmenn ekte juletre og betalte om lag 850 millionar kroner for dei, viser tal frå Norsk Juletre.
Rundt 1 million tre var norske, noko landbruks- og matminister Olaug Bollestad (KrF) gler seg over.
– Norske forbrukarar ynskjer seg norske juletre til jul, spesielt den norske fjelledelgrana som blir stadig meir populær. Norske kortreiste tre er både meir miljøvennlege og støtter opp under ein kostnadseffektiv industri, seier Bollestad.
Liten norsk eksport
Den norske eksporten er likevel minimal, og etterspørselen etter fjelledelgran i utlandet er i dag langt høgare enn det produsentane klarer å levere. Potensialet for næringa er derfor stort, meiner ho.
– Næringa bør no sjå på moglegheiter til å intensivere den norske produksjonen for å møte den auka etterspørselen, seier Bollestad.
Les òg:
Berekraftige juletre
Danskane satsar på si side på produksjon av nobeledelgran, også kjent som sølvgran, som hittil har vore vanskeleg på grunn av klimaet.
No gjer klimaendringane det mogleg.
– Sølvgran som juletre er alt etterspurd, men har vore utfordrande å produsere fordi knoppar og toppen av treet tar fort skade av frost og kulde, fortel seniorforskar ved Institutt for Geovitskap og Naturforvaltning ved Københavns Universitet, Ulrik Bräuner til Dr.dk
– Mildare klima gjer det no mogleg å dyrke sølvgran som juletre, seier han.
Nobeledelgran er eit robust tre som er motstandsdyktig mot sjukdommar og insekt. Derfor trengst det lite sprøytemiddel og treet kan dermed dyrkast økologisk, og vil vere meir berekraftig.
– Treet er også svært haldbart innandørs og det drysser ikkje, noko som gjer det attraktivt å ha treet i stova, seier Bräuner.
Les også: