I den munnlege spørjetimen på Stortinget onsdag kunne Isaksen fortelje at Nav har seksdobla behandlingskapasiteten sin. Men samtidig kom det inn hundre gonger fleire søknader om dagpengar enn normalt i mars.
Konsekvensen er ifølgje Isaksen at Nav først i slutten av juli reknar med å vere à jour med dagpengane.
Samtidig skal det innførast ei ny ordning for lønnskompensasjon. Den skal etter planen komme på plass i første halvdel av juni, og utbetalingar vil då kunne skje i løpet av nokre dagar når arbeidsgjevarar melder inn krav.
Arbeids- og sosialministeren kom med opplysningane som svar på eit spørsmål frå Ap-leiar Jonas Gahr Støre. Han påpeika at mange permitterte framleis ventar på pengar og har hamna i ein svært utsett situasjon.
– Dei får ikkje utbetalt pengar, medan rekningane til husleige, barnehage og straum held fram med å komme, sa Støre.
Isaksen viste til at Noreg på få månader har komme opp i 450.000 permitterte og ledige, og at Nav er testa til det ytste.
– Vi er inne i ein veldig, veldig alvorleg krise, sa han.
(©NTB)