Hopp til innhold

CO₂-krise kan gi mindre øl

Det er CO₂-krise i Europa, og produsentar av karbonsyre er no desperate etter ei løysing på problemet. Om det varer ved, kan dette føre til dårlegare tilbod på øl og brus.

Skåling i øl

Det er fleire tiår sidan det var så lite produksjon av karbonsyre.

Foto: Izabela Habur / Gettyimages/iStock

CO₂ i atmosfæren
424,6 ppm
1,5-gradersmålet
+1,12 °C
Les mer  om klima

Det var Gasworld som først omtala saka. Nettstaden slår fast at det no er rekordmangel på karbondioksid (CO₂) i Europa.

Store leverandørar av flytande CO₂ har blitt råka. Dette er mellom anna selskap som Praxair, Messer, Linde og Air Liquide.

Under produksjon av øl og brus, er bryggeria heilt avhengige av CO₂. Fleire av bryggeria i Noreg kjøper CO₂ frå Praxair.

– Krisa kjem på eit uheldig tidspunkt, seier direktør i Bryggeri- og drikkevareforeningen (BROD), Petter Nome.

Fotball-VM og varmebølgja får delar av skulda

Bryggeri- og drikkevareforeningen har 132 medlem frå bryggeri og brusfabrikkar i Noreg.

Peter Nome kan ikkje hugse å ha opplevd ein slik mangel tidlegare. Ifølgje han er det fleire årsaker til at mangelen på karbonsyre er på sitt verste på lang tid.

– Fleire CO₂- produsentar har gått konkurs, noko som fører til at det er betydeleg mindre karbonsyre på marknaden.

Petter Nome

– Krisa kjem på eit uheldig tidspunkt, seier direktør i Bryggeri- og drikkevareforeningen (BROD), Petter Nome.

Foto: Bryggeri- og Drikkevareforeningen

Han peikar òg på hetebølgja som har regjert over Skandinavia som ein faktor.

– Fotball-VM og varmebølgja har naturleg nok ført til ei stor auke i salet på øl og brus.

Førebels ikkje noko krise i Noreg

Nome kan roe nordmenn med at karbonsyrekrisa ikkje har nådd oss her heime.

– Førebels har vi det under kontroll, men bedriftene er oppmerksame på det.

Nome fortel til NRK at dei overvaker situasjonen nøye. Dersom det vert mangel her til lands, kan det føre til konsekvensar for salstilbodet.

Utepils

Om mangelen på karbonsyre kjem til Noreg, må ein byrje å prioritere produkt, ifølgje Petter Nome. Her frå ein varm sommardag i Bergen i 2014.

Foto: Christine Kongsvik

– Viss det skjer, kan det gå utover enkelte produkt. Då må leverandørane prioritere kva drikkevarer dei kan tilby og ikkje, seier Nome.

Sigurd Haukeli Praxair Noreg

Administrerande direktør i Praxair Noreg, Sigurd Haukeli, seier til NRK at dei har varsla kundane sine.

Foto: Praxair Noreg

I ein e-post til NRK skriv administrerande direktør i Praxair Noreg, Sigurd Haukeli, at den noverande mangelen på rågass påverkar leveransen av flytande CO₂ og tørris.

– Vi har varsla kundane våre om leveringssituasjonen, og prioriterer helse og sikkerheit medan vi jobbar iherdig med å sikre flytande CO₂-leveringar frå andre kjelder i regionen, seier Sigurd Haukeli.

Verst i Storbritannia

Storbritannia er det landet i Europa med størst mangel.

The British Beer and Pub Association ser for seg at det vil bli selt 14 millionar ekstra halvliterar øl under gruppespelet. Dette i England aleine.

– Vi kjem til å overvake situasjonen. Grunna tidspunktet av året og det at det er VM gjer dette svært beklageleg for bryggeriindustrien, seier Brigid Simmonds i The British Beer and Pub Association til nyheitsbyrået AP. 

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger