Hopp til innhold

CO₂ kan vere ein farlegare klimagass enn tidlegare trudd

Nye klimamodellar viser at karbondioksid er ein meir hissig klimagass enn det klimaforskarane tidlegare har trudd. Det betyr at måla i Parisavtalen allereie kan vere umoglege å oppnå.

Kullkraft

KOLKRAFT: Utslepp frå kolkraftverk som dette i Schophoven i Tyskland kan ha meir alvorlege konsekvensar enn det klimaforskarane tidlegare har trudd.

Foto: Federico Gambarini / AP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dei nye modellane, som neste år vil underbygge FN sitt klimapanel (IPCC) sitt anslag for den framtidige temperaturen til kloden, er utvikla av fleire forskargrupper i ei handfull land, skriv nyheitsbyrået AP.

Ifølgje modellane kan forskarar i fleire tiår konsekvent ha undervurdert kor mykje oppvarming aukande CO₂-nivå kan føre med seg.

Enorme mengder data og meir datakraft har blitt gjort tilgjengeleg sidan dei noverande anslaga til FN sitt klimapanel vart utarbeidde i 2013.

Anslag frå statsstøtta forskargrupper i USA, Storbritannia, Frankrike og Canada tyder på ei framtid der CO₂-nivået i atmosfæren som lenge har peika mot ei oppvarming på tre grader, sannsynlegvis vil føre til ei oppvarming på fire eller fem grader.

Jan Sigurd Fuglestvedt

KLIMAFORSKAR: Jan Sigurd Fuglestvedt er forskningsdirektør og seniorrådgjevar i CICERO.

Foto: Cicero

– Modellane blir stadig betre

Klimaforskar Jan Sigurd Fuglestvedt ved Cicero senter for klimaforsking fortel at ein kraftigare temperaturauke som følgje av CO₂-utslepp vil gi auka risiko for ekstremvêr og at klimaendringane kan bli sterkare en det førre generasjon med modellar viste.

– Det betyr òg at vi kan ha mindre å gå på av utslepp for å oppnå Parismålet, som er å halde oppvarminga under to grader og klare 1, 5 grader.

Han understrekar at resultata er i ferd med å bli publisert og at forskerane kan seie meir om eit år.

– FN sitt klimapanel jobbar med ein større rapport som kjem ut neste vår, der vi vil vurdere modellresultata og i tilegg sjå på andre måtar å vurdere kor følsamt klimasystemet er, seier Fuglestvedt.

Han understrekar at resultata frå modellane varierer, men at dei stadig blir meir presise:

– Vi får stadig betre og betre modellar som tar betre omsyn til prossesene i klimasystemet, seier han.

Gjev tydelegare svar på kor mykje temperaturen vil auke

Forskarar har lenge grubla på spørsmålet om kor mykje temperaturen til jorda ville auke dersom mengda CO₂ i atmosfæren doblar seg.

Kor mykje temperaturen aukar kallast på fagspråket for «klimafølsemd».

Sidan slutten av 1970-talet har forskarar antatt at temperaturen vil auke rundt 3 grader (pluss minus 1,5 grad) om ein reknar med ein konsentrasjon av CO₂ i atmosfæren på 560 delar per million (ppm).

Konsentrasjonen av CO₂ i atmosfæren var i 2018 på 407,8 ppm, opp frå 405,5 ppm året før. Auken er i tråd med ei utvikling som har gått føre seg jamt og trutt i mange tiår.

Isbjørn på isfalk

KAN HA UNDERVURDERT KONSEKVENSANE: Nye modellar viser at forskarar kan ha undervurdert kor mykje oppvarming aukande CO₂-nivå kan føre med seg.

Foto: Ole J. Liodden

Debatt blant forskarane

Dei nye modellane peikar likevel på at «klimafølsemda» kan vere langt større enn anslaget om tre grader.

– Akkurat no er det ein heftig debatt. Du har 12 eller 13 modellar som viser at klimafølsemda ikkje lenger er tre grader, men heller fem eller seks grader om CO₂-konsentrasjonen blir dobla.

Det seier forskar Johan Rockström, som er direktør ved Potsdam-instituttet for klimaforsking.

Rockström understrekar at fleire andre modellar bereknar at auken kan bli betrakteleg lågare, men nesten alle enda likevel høgare enn det forskarane har estimert tidlegare.

– Klimafølsemda har vore mellom 1,5 og 4,5 grader i meir enn 30 år. Om han no blir mellom 3 grader og 7 grader, vil det vere veldig farleg, seier han.

AKTUELT NÅ