Hopp til innhold

Christine Finngaard køyrde i 14 timar for å rekke legetime

Christine Finngaard frykta flyet skulle bli innstilt, og at ho skulle miste svært viktig behandling. Difor køyrde ho og mora over 100 mil tur-retur mellom Bærum og Trondheim.

Christine Finngaard

HEIME IGJEN: Christine Finngaard må til Trondheim kvar tredje månad for å få livsviktig behandling.

Foto: Knut Are Tornås / NRK

Med kvar sitt glas med kald saft slappar Christine Finngaard og mora Anne av på balkongen. Seint tysdag kveld kom dei heim etter ein 14 timar lang biltur fram og tilbake frå Trondheim.

Ho må ta turen kvar tredje månad for å få svært viktig behandling. Flybilletten var ordna gjennom pasientreiser.

Men då innstillingane begynte å komme på grunn av flyteknikarstreiken, frykta ho at ho ikkje skulle kome fram tidsnok til å få behandling. Og om flyet gjekk tilbake etterpå.

Christine Finngaard og Anne Finngaard sitter på balkongen.

Turen til Trondheim og tilbake er på over 100 mil, og tok sju timar kvar veg. Her slappar Christine Finngaard av med mora Anne dagen etter at dei kom heim igjen.

Foto: Knut Are Tornås / NRK

Og når Dovrebanen var stengt på grunn av brann, var tog heller ikkje eit alternativ.

– Vi bestemte oss difor for å ta bilen i staden, og køyre oppover. Vi måtte reise fordi Trondheim er dei einaste som kan tilby denne behandlinga i Noreg, fortel ho til NRK.

Intense smerter

Finngaard har kronisk klasehovudpine. Ho samanliknar smertene med at nokon stikk ein kniv inn i hovudet hennar, og rotar rundt. Før kunne ho ha seks til tolv slike anfall om dagen. Men etter at ho starta behandlinga i Trondheim har ho rundt eitt anfall om dagen.

– Behandlinga er livsnødvendig for meg. Eg har fått ein heilt annan livskvalitet etter at eg fekk behandlinga.

Les også: NHO varslet lockout – onsdag morgen er det kontakt mellom partene igjen

Avgangstavlen ved Oslo Lufthavn Gardermoen tirsdag kveld.
Avgangstavlen ved Oslo Lufthavn Gardermoen tirsdag kveld.

Mor Anne Finngaard seier ho er glad dei tok turen, sjølv om det blei 14 lange timar i bilen for dei to.

– Det er ein lang veg, spesielt når ho har klasehovudpine. Men vi reiste opp, fekk behandling. Og etter det var det berre å kome seg heim igjen.

Kunne ikkje utsette

Dei veit ikkje om flya Christine skulle ha tatt blei innstilte, men dei torde ikkje ta sjansen. Dersom Finngaard ikkje hadde kome tidsnok fram til sjukehuset i Trondheim, måtte ho truleg ha venta lenge på neste time.

– Vi som har fått tilbodet om denne behandlinga er heldige, men når vi får tilbodet om ein time, må vi takke ja. Det går ikkje å utsette ein time, seier ho.

Les også: Togprisene nærmer seg flybillett-nivå – avganger begynner å bli utsolgt

SJ NORD, Bombardier BM 93
SJ NORD, Bombardier BM 93

Flybillettane ho hadde bestilt var med SAS. Pressetalsmann Lars Wigelstorp Andersen skriv i ein e-post til NRK at dei gjer det dei kan for å sikre at passasjerane kjem fram til rett tid.

– Det er naturlegvis viktig for oss at kundane kan stole på at flya våre går. Men ingen flyselskap kan garantere at det skjer avlysingar. I slike situasjonar gjer vi alt vi kan for å finne ein erstatningsavgang for passasjerane.

Alvorleg for pasientane

Det er mange pasientar som er avhengige av fly fordi behandlinga eller undersøkinga skal skje ein annan stad i landet.

Når arbeidskonflikten no blir trappa opp, og også ambulanseflya blir ramma, får det store konsekvensar for pasientane seier nasjonal talsperson for Pasient- og brukarombodet, Jannicke Bruvik.

– Dette kan potensielt vere ei katastrofe for pasienten når det hastar. Vi ser alvorleg på dette, og håper at dei finn ei løysing veldig snart.

Les også: Krev lønnsnemnd for å halda ambulanseflya i lufta

Luftambulanse
Luftambulanse

For enkelte pasientar, som dei som står i kø for å bli transplantert, kan ei innstilling vere livstrugande, seier ho.

– Dersom anten pasienten eller organa ikkje kjem tidsnok fram, risikerer ein at ein mistar sjansen. Der er eit vindauge på nokre timar. Så det kan vere forskjellen på liv og død i den situasjonen pasientane står oppe i no, seier ho.

Lyspunkt

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger