Celine gav aldri opp håpet – Pilly dukka opp igjen etter eit halvt år

Gjensynsgleda var stor då Pilly (4) heilt uventa dukka opp igjen etter eit halvt år på rømmen.

Gjensynsgleda var stor då Pilly heilt uventa dukka opp igjen etter eit halvt år på rømmen. – Eg trudde jo at han var død, seier eigar Celine Helen Røyeng.

KOSEKATT: Celine Helen Røyeng frå Sandefjord frykta at katten var død. Siste helg dukka han opp igjen i levande live.

Foto: Privat

– Det er ganske uverkeleg, seier eigar Celine Helen Røyeng i Sandefjord.

Røyeng er ein av mange tusen som kvart år opplever marerittet med at kjæledyra forsvinn sporlaust.

Då Pilly hoppa ned frå ein terrasse og forsvann i vår, var Celine framleis sjukepleiestudent i Førde. Det blei mange turar mellom Sunnfjord og Sandefjord for å leite etter hannkatten.

– Det har vore tider der det stikk litt i hjarta at han har vore borte. Eg hadde jo innfunne meg med at han mest sannsynleg var død. Men eg har levd i håpet om at nokon hadde tatt han inn sidan ingen hadde funne han.

Heilt kvar Pilly har opphalde seg det siste halvåret er det ingen som veit.

– Eg fekk ein telefon i går kveld frå ein som lurte på om eg sakna katten min, fortel Røyeng.

– Alt er veldig bra

Det synte seg at den som ringde budde rett i nærleiken av der katten forsvann. Etter mykje lokking klarte Celine til slutt å få tak i fire og eit halvt år gamle Pilly.

– Eg gjekk inn i ein hage, så høyrer eg mjauing frå ein busk, så tar eg fram våtfor. Så kjem katta luskande fram og det tok meg to forsøk å prøve å hive meg over han. På tredje forsøk fekk eg han inn i bilen.

– Korleis går det med han no?

– Han var heilt «gærn» då eg fekk tak i han, men etter nokre minutt roa han seg kjapt. Han har vore veldig roleg. Vi har vore hos veterinær i dag og alt er eigentleg veldig bra, fortel den lukkelege katteeigaren.

Kristyn Vitale

KATTEFORSKAR: Kristyn Vitale meiner forsking syner at kattar er langt meir trufaste enn det ein har trudd til no.

Foto: Unity college

Knuser katte-myter

Pilly var blitt litt mager, men han var fin i pelsen og mykje tyder på at han har henta seg mat både her og der.

Ifølgje statistikkbanken til Worldatlas er det mellom 200 og 600 millionar kattar i verda og dei har rykte på seg for å vere alt anna enn trufaste mot eigarane.

Men forsking frå USA syner at dette kanskje er ein myte. Kristyn Vitale har doktorgrad i dyra sin oppførsel og jobbar no som forskar ved Unity College i Maine i USA.

Hennar forsking syner at kattar har like sterk tilknyting til menneska sine som hundar. I forsøk har kattar vald menneske framfor mat i eit fleirtal av tilfella.

Katt savnet med dusør

LOVA DUSØR: Celine Helen Røyeng har fått fleire tips om kattar som kunne vore den ho har leita etter. Men først sist helg stemte det.

Foto: screenshot fra dyrebar.no

– Veldig klengete

– Dette er jo svært overraskande tal. Forskinga syner at det er nesten like sterke band mellom katt og menneske som hund og menneske, sa Vitale nyleg til radiostasjonen NPR.

Men for Celine Helen Røyeng i Sandefjord er ikkje dette overraskande.

Då Pilly overraskande dukka opp att etter eit halvt år, gjekk det ikkje lang tid før han slo seg til ro igjen hos matmor.

– Eg trur absolutt på det. Han har vore veldig klengete no og det er veldig ulikt han. Det er veldig godt og det varmar hjarta mitt.

SISTE NYTT

Siste meldinger