Hopp til innhold

Klar for middag med kongen

Carl Erik Grimstad slutta i jobben ved hoffet og blei landets mest profilerte kongekritikar. I kveld vender han tilbake til slottet, som stortingsrepresentant.

Nyvalgte stortingsrepresentanter i den årlige stortingsmiddagen på Slottet

SLOTTSMIDDAG: I kveld er stortingsrepresentantene invitert til middag på slottet.

– Det er stas, seier Carl Erik Grimstad om å vere invitert til middag hos kongen. Han stiller i splitter ny vestfoldbunad når han møter sine tidlegare arbeidsgjevarar igjen i kveld. No som stortingsrepresentant for Venstre.

– Dei ler litt av meg i stortingsgruppa. For då eg arbeidde på slottet kalla vi den middagen vi skal i no for stortingsmiddagen. Her på Stortinget kallar vi det slottsmiddagen. Det er litt vanskeleg å kople for meg, ler Grimstad.

Carl Erik Grimstad er klar for middag med kongen

GALLA: Tidlegare denne veka prøvde Carl Erik Grimstad bunaden som han i kveld har på seg på slottsmiddagen.

Foto: Henrik Myhr Nielsen / NRK

Kongekritikk

Tidleg på 1990-talet hadde han slottet som sin daglege arbeidsplass. Han starta som sekretær for den gong kronprinsesse Sonja og vart seinare soussjef med ansvar for blant anna kongens taler etter tronskifte i 1991. Så slutta han i jobben ved hoffet og vart landets mest profilerte kongekritikar.

Carl Erik Grimstad foran slottet

KRITIKK: Etter to år som kongens medarbeider valgte han å skrive kritiske bøker om monarkiet.

Foto: Knut Falch / NTB scanpix

Grimstad mana til debatt om monarkiet, kritiserte manglande openheit og meinte majesteten burde gå av med pensjon.

I dag er tonen ein annan. Stortingsmannen Grimstad har lagt monarkidebatten til side og valt helse som si fremste politiske sak.

Endra meining

– Ein gong meinte eg at vi må debattere statsforma og setje republikk på agendaen kvart år. Eg meiner ikkje det i dag, seier han.

Ifølgje Grimstad er monarkidebatten den minst vesentlege politiske debatten å ta i dag. Modernisering av samfunnet er langt viktigare, ifølgje han.

– Eg aktar ikkje å henge meg på SV's kontinuerlege krav om republikk, men eg kan godt diskutere reformer og forholdet mellom kongehuset og statsapparatet, seier han.

Muntlig spørretime på Stortinget.

STORTINGSREPRESENTANT: Carl Erik Grimstad sit i helsekomiteen for Venstre på Stortinget. I går stilte han spørsmål til helseministeren i spørjetimen.

Foto: Mariam Butt / NTB scanpix

Grimstad er blant dei som har teke til orde for at offentleglova også skal gjelde for kongehuset. Eit standpunkt han vil arbeide for også som stortingspolitikar.

Politisk sjølvmord å gå mot kongen

Carl Erik Grimstad har berre vore innom slottet for å helse på gamle kollegaer etter at han slutta for nær 25 år sidan. I kveld møter han kongen og dronninga igjen, tidlegare sjefar han har stor respekt for.

– Sjølve statsforma har bestått prøva. Det kan ikkje vi som politikarar distansere oss frå. Sjå den kjærleiken folk viser til kongen og dronninga og familien elles. Å argumentere mot kongehuset er jo harakiri for ein politikar.

– Ja, for går du mot kongen, blir du ikkje gjenvalt? spør vi.

Grimstad ler godt.

– Nei, eg blir nok ikkje det. Sjølv om det er mange i venstre som vil ha republikk. Dette er nok eit ganske vanskeleg spørsmål i alle parti.

Vestfoldbunad

Med erfaring innanfrå veit Carl Erik Grimstad kva som ventar når han i kveld kjem til slottsmiddag som tingmann. Skikk og bruk og protokoll har han inne. No har han også gallaantrekket klart.

– For 25 år sidan var det ikkje mange menn som hadde bunad på slottet. Eg synest det er veldig fint å bruke bunad på ein kveld som dette, seier han.

AKTUELT NÅ