Hopp til innhold

– Det er ikkje lett å få overført fangar til heimlandet sitt

Kriminalomsorgen skildrar soningsoverføring som eit tunggrodd byråkrati. – Det kan ta fleire år å få overført ein innsett til heimlandet, seier fungerande direktør Bernt Nordhaug i Ullersmo fengsel.

Direktør Bernt Nordhaug i Ullersmo fengsel

BYRÅKRATISK: Hittil i år er 27 innsette overført til soning i heimlandet, men dette er lettare sagt enn gjort, ifølgje Kriminalomsorgen. Ullersmo-direktør Bernt Nordhaug seier soningsoverføringar tek for lang tid.

Foto: Simon Solheim / NRK

Hittil i år er 27 innsette overført til soning i heimlandet, men dette er lettare sagt enn gjort, ifølgje Kriminalomsorgen.

– Vi vil heller bruke fengselsplassar på dei som skal tilbakeførast til det norske samfunnet, enn på utanlandske statsborgarar som skal ut av landet når dei er ferdigsona, seier Marianne Vollan, direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI).

Per i dag har Kriminalomsorgen uteståande 40 anmodningar om soningsoverføring. Desse sakene er til behandling i andre land, og Kriminalomsorgen ventar på svar frå dei.

Fengselsdirektør: – Det tek veldig lang tid

Inntoget av utanlandske kriminelle i norske fengsel får mykje av skulda for at fengselskapasiteten er sprengt og at soningskøane veks.

NRK har kartlagt fengselsbefolkinga i Norge. Vi har sett på kva statsborgarskap dei innsette hadde og kva type kriminalitet dei sat inne for. Kvar tredje innsett er i dag utanlandsk statsborgar.

I fjor blei 46 innsette overført til soning i heimlandet, ifølgje tal frå Kriminalomsorgen. I 2012 var talet 48. Så langt i år er 27 innsette soningsoverført.

– Det er eit effektivt tiltak dersom saksbehandlingstida hadde gått ned. I dag tek det veldig lang tid, og vi ser ofte at den lengste behandlingstida er i heimlandet til den innsette, seier Bernt Nordhaug, fungerande fengselsdirektør i Ullersmo fengsel.

– Kor lang tid snakkar ein om då?

– Det kan vere snakk om år.

(Artikkelen held fram under biletet.)

Anders Anundsen

VIL HA FLEIRE UT: – Vi må sikre gode soningsoverføringsavtalar, også med fleire andre land, seier justisministeren.

Foto: Solum, Stian Lysberg / NTB scanpix

Justisministeren: – Vil ha fleire ut

Norge har inngått bilaterale avtalar om soningsoverføring med Romania, Latvia og Litauen, noko som skal forenkle saksbehandlinga. Justis- og beredskapsminister Anders Anundsen (Frp) seier dei jobbar med å inngå slike avtalar med fleire andre land.

Han vil at fleire utanlandske innsette skal sendast ut av Norge og heim igjen for å sone straffa si der:

– Vi må sikre gode soningsoverføringsavtalar, også med fleire andre land. Det kan vere førebyggjande og verke avskrekkande på dei tilreisande kriminelle. For det er ofte verre å sone i heimlandet enn i norske fengsel, seier Anundsen.

Statsråden er samd i at det tek lang tid å soningsoverføre og at det er eit tunggrodd byråkrati.

– Eg høyrde at gjennomsnittet for å få overført ein innsett frå Norge til Romania er på 419 dagar. Altså 419 dagar frå prosessen startar i Norge til overføringa faktisk skjer. Vi må få rydda opp i dette byråkratiet for å sikre fleire soningsoverføringar.

Etterlyser meir politisk kontakt

KDI-direktør Marianne Vollan seier dei er glade for alle soningsoverføringane som går gjennom, fordi det frigir fengselsplassar.

Marianne Vollan, direktør, Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI)

LANG TID: Marianne Vollan, direktør i Kriminalomsorgsdirektoratet (KDI), seier det tek for lang tid å soningsoverføre utanlandske innsette til heimlandet.

Foto: Simon Solheim / NRK

– Mange land krev eigne domstolbehandlingar av spørsmålet, noko som gjer dette til svært omfattande prosessar. Det er mange ulike aktørar som er med i biletet, og det tek mykje lenger tid enn vi ønskjer, seier Vollan.

– Kva er hovudutfordringa?

– Hovudutfordringa er at det tek for lang tid i heimlandet. Vi har hatt fleire saker der vi har vore klare til å overføre fangar, men der det har blitt stoppa i heimlandet fordi det har gått for lang tid.

– Kva skal til for at dette skal bli meir effektivt?

– Meir kontakt på politisk nivå, men også på saksbehandlernivå.

Justisminister Anders Anundsen vil leggje meir press på mottakarlanda for at fleire skal sendast tilbake.

– Vi opplever at mange land ikkje er så veldig motiverte for at dette skal gå veldig raskt. Det er nok fordi soningsoverføringar er reine utgifter for dei. Difor må vi kanskje stimulere dei på andre måtar, kanskje gjennom meir støtte til kriminalomsorgen i dei ulike landa. Kanskje vil det gjere dei meir motiverte til å ta imot sine eigen fangar, seier Anundsen.

Soningsoverføringar hittil i 2014:

Land

Tal innsette

Litauen

9

Nederland

3

Polen

5

Romania

7

Sverige

1

Tyskland

1

Ungarn

1

Totalt:

27

*I tillegg er det endeleg vedtak på ytterlegare tre personar. To av dei blir uttransportert no i oktober, for den tredje ventar ein må at reiseruta skal bli avklart. Kjelde: Kriminalomsorgen

Soningsoverføringar i 2013:

Land

Tal innsette

Litauen

20

Nederland

9

Polen

5

Romania

5

Tyskland

2

Ungarn

2

Spania

1

Estland

1

Portugal

1

Totalt:

 46

Ekspander/minimer faktaboks

Soningsoverføringar i 2012:

Land

Tal innsette

Litauen

13

Nederland

13

Polen

5

Romania

5

Tyskland

3

Frankrike

2

Bulgaria

1

Latvia

1

Storbritannia

1

Østerrike

1

Tsjekkia

1

Ungarn

1

Belgia

1

Totalt:

 48

Ekspander/minimer faktaboks

AKTUELT NÅ

SISTE NYTT

Siste meldinger