NRK Meny
Normal

- Må sparka byråkratar

Det er èin landbruks-byråkrat for kvar tiande heiltids-bonde i Noreg. Frp oppfordrar til bondeopprør mot byråkratiet.

Landbruk

Ti bønder per landbruksbyråkrat er eit forhold som er riv ruskande gale, meiner Frp. Landbruksministeren seier Frp ikkje har sett seg godt nok inn i saka.

Foto: Bendiksby, Terje / SCANPIX

På slutten av 1930-talet blømde det norske bondestanden, med 1939 som eitt av dei åra det var flest bønder i Noreg.

Sidan den gong har talet på norske heiltidsbønder berre gått nedover. Men om Noreg ikkje lenger er eit land av bønder, meiner Framstegspartiet (Frp) at Noreg no ligg på toppen av ein annan statistikk.

Torgeir Trældal

Torgeir Trældal, landbrukspolitisk talsmann i Frp.

Foto: Eilif Aslaksen / NRK

– Det er ingen land me kan samanlikna oss med i Europa som har eit så stort byråkrati, meiner landbrukspolitisk talsmann i Frp,Torstein Trældal.

– Riv ruskande gale

I dag er det om lag 700 landbruksbyråkratar, men berre mellom 6000 og 8000 heiltidsbønder i Noreg.

Trældal reagerte kraftig då han såg desse tala i statsbudsjettet, og meiner landbruksministeren må sparka byråkratar.

Ein gard i Telemark i 1959

Det blir stadig færre heiltidsbønder i Noreg, men byråkratane forsvinn ikkje. Her ein fjellgard i Flatdal i Telemark (1959)

Foto: Storløkken, Aage / SCANPIX

– Dette er riv ruskande gale og eit stort problem. Bønder eg sjølv har snakka med seier at dei bruker store delar av tida si på å forstå systemet og søkje om subsidiar. Dette er tid dei kunne ha brukt på å drifta gardane sine og gjera det dei skal gjera i åkrane utan å ha byråkratar på nakken som skal fortelja dei kva slags veg dei skal halda spaden, seier Frp-politikaren.

Skjult agenda

– Eg tilrår Trældal å setja seg betre inn i saka. Me må sjå desse tala opp i mot heile verdikjeda, ikkje berre heiltidsbønder, som Frp vel å ta utgangspunkt i, svarar landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp).

Landbruksminister Lars Peder Brekk

Landbruksminister Lars Peder Brekk (Sp).

Foto: Larsen, Håkon Mosvold / Scanpix

Landbruksministeren viser til at dei 700 byråkratane yter tenester til om lag 120 000 arbeidsplassar, ikkje berre innanfor landsbruken men også i matvareindustrien og i skogbruksnæringa.

Ifølgje Brekk har Frp ein skjult agenda med sitt utspel mot byråkratiet.

– Eg trur me kan avkle Frp med ein gong. Det er den norske matproduksjonen Trældal i realiteten går til åtak på med sin kritikk av byråkratiet.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger