Hopp til innhold

– Må skyta fleire ulv og bjørn

Fleire hundre bønder og reineigarar samla seg fredag utanfor Stortinget i Oslo for å demonstrera mot det dei meiner er ein feilslegen rovdyrpolitikk.

Bønder og samiske reineiere kom med buss til Oslo i dag, med mål om å få regjeringa med på at fleire ulv og bjørn må skytast.

Rovdyr-demonstrasjon i Oslo

Gardbrukar Olav Langåsdalen frå Hjartdal i Telemark demonstrerte saman med sine to born.

– Eg er ingen rovdyrhatar, men me må forstå at me må ha færre rovdyr, seier gardbrukar Olav Langåsdalen frå Hjartdal i Telemark.

Han er ein av mange som i dag demonsterer mot regjeringa sin rovdyrpolitikk etter at årets beitesesong enda med rekordhøge tap av sau til rovdyr.

– Makt bak krava

Det er førebels søkt om erstatning for 37 000 dyr. Like etter jul skal politikarane vedta nye bestandsmål for bjørn og ulv.

Fleire hundre aksjonister stod i føremiddag utanfor Stortinget og ringte med kubjøller i håp om å vekkja merksemda til dei folkevalde.

Reineigarar og bønder sto saman om bodskapen.

(Saken fortsetter under bildet)

Demonstranter foran Stortinget

Det var mange ulike bodskap på plakatane.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

Bygdeaksjonistane hadde planlagt demonstrasjonen slik at dei ville stå på Slottsbakken idet regjeringsmedlemmene passerte på veg til statsråd.

– Eg vonar at demonstrasjonane viser at det kan setjast makt bak krava. Det manglar ikkje på informasjon hjå politikarane. Det er rein populisme som gjer at regjeringa med Stoltenberg i spissen ikkje skjærer gjennom og gjer noko konkret, seier gardbrukaren Langåsdalen.

– Må rette opp mistilliten

Aksjonsleiar for rovdyrdemonstrasjonen, Tone Våg

Aksjonsleiar og sauebonde Tone Våg frå Snåsa i Nord-Trøndelag samla inn underskrifter.

Ordføraren i Snåsa kommune i Nord-Trøndelag, Vigdis Hjulstad Belbo, heldt ein appell framfor Stortinget.

– Politikarane må retta opp den mistilliten som no rår mellom rovdyrforvaltinga og lokalbefolkninga, sa Belbo i appellen.

Det bur mange sørsamiske reineigarar i ordføraren sin kommune, og mange ville i dag setja søkjelyset på situasjonen med rein og rovdyr.

Etter appellen leverte Belbo eit brev til stortingspresident Dag Terje Andersen (Ap).

Folk fra nord til sør

Aksjonsleiar og sauebonde Tone Våg, ho óg frå Snåsa, samla inn underskrifter som skulle bli levert med brevet.

– Vi er særs nøgde med oppslutninga i dag, seier Våg til NRK fredag ettermiddag.

– Målsetjinga er å laga ei plattform for saka, der folk fra heile Distrikts-Noreg tek del. Vi veit at det var folk fra Finnmark, Troms, Nordland, Trøndelag og Austlandet til stades i dag, legg ho til.

(Saken fortsetter under bildet)

Samar deltek i rovdyr-demonstrasjon

Reineier og sørsame Ellinor Jåma frå Grong i Nord-Trøndelag krev handling frå politisk hald.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

– SV er problemet

Stortingsrepresentant for Frp, Robert Eriksson, står også på demonstrantane si side i rovdyrdebatten.

Robert Eriksson (Frp)

Stortingsrepresentant Robert Eriksson (Frp) støttar demonstrasjonane som går føre seg i Oslo i dag.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

– Eg støttar demonstrantane fullt og heilt. Me må ha ein rovdyrpolitikk gjer det mogleg å driva med dyrehald i Distrikts-Noreg. Landbruken er ein av dei viktigaste næringane me har.

Eriksson er samd i at rovdyrpolitikken til den raudgrøne regjeringa er på feil spor, og peikar særleg ut to syndebukkar.

– Eg meiner SV er problemet i regjeringa, men eg er spesielt skuffa over Senterpartiet i denne saka, seier Frp-politikaren.

– Jens bestemmer

Anders Skarderud demonstrerer mot rovdyr

– Eg trur ikkje Senterpartiet har stor gjennomslagskraft i regjeringa, seier Anders Skarderud frå Furnes.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

Anders Skarderud frå Furnes i Ringsaker, har seld garden til dotter si, men deltek på demonstrasjonen. Han skildrar seg som ein bonde i liv og sjel.

– For å vera ærleg, vil eg ikkje ha rovdyr i det heile teke. Det er til dømes masse ulv i Russland, og Sibir er stort nok for ulven.

– Eg trur ikkje noko på politikarane, og eg trur ikkje Senterpartiet har stor gjennomslagskraft i regjeringa. Det er Jens som bestemmer, seier han.

Bonden frå Ringsaker meiner urbane menneske har mange rare idear om rovdyrpolitikken.

Vil ikkje ha bystempel

Snorre Sletvold frå Norges Miljøvernforbund vil ikkje ha bymenneske-stempelet som mange rovdyrmotstandarar forsøker å gje forkjemparane for ulven i Noreg.

Demonstrasjon mot rovdyrpolitikken

Snorre Sletvold frå Norges Miljøvernforbund var ein av få som møtte opp for å støtte rovdyra.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

Sletvold er fødd i Trondheim, men har budd både i Nord-Troms og i Finnmark. Han fryktar at dagens demonstrasjon vil påverka politikken i negativ retning.

– Me har hatt ei positiv utvikling for rovdyra i Noreg i nokre år no, men dette kan fort verta reversert.

– Let seg pressa

Under dagens demonstrasjon var forkjemparane for rovdyra i klart mindretal.

– Det er heilt greit at folk engasjerer seg, me lever jo i eit demokrati, seier Sletvold frå Norges Miljøvernforbund.

Ifølgje professor og forskningssjef ved NUPI, Iver B. Neumann er sannsynet stort for at bøndene får gjennomslag.

– Ingen politikarar i verda lèt seg pressa like lett av demonstrantar som dei norske, seier Neumann.

Bønder demonstrerer i Oslo

Demonstrantane samla seg utanfor Stortinget i Oslo, i håp om å bli høyrt av politikarane.

Foto: Amund Aune Nilsen / NRK

AKTUELT NÅ