NRK Meny
Normal

Bustadprisane held fram å stige

Bustadprisane steig med 0,8 prosent i februar. Men den enorme prisveksten skal vere i ferd med å roe seg.

Boligpriser

Bustadprisane stig også i februar.

Foto: Erichsen, Jarl Fr. / NTB scanpix

Mange hadde spådd at bustadprisane skulle flate ut i februar, etter månadar med kraftig auke. Spådomane slo ikkje til. Men når Eiendom Norge ser inn i glaskula, ser dei ein graf som ikkje stig rett til vers.

– Er eit trendskifte

Administrerende direktør Christian Vammervold Dreyer i Eiendom Norge

Administrerande direktør Christian Dreyer i Eiendom Norge.

Foto: Roald, Berit / NTB scanpix

Sterkast prisutvikling er det i Oslo, med 1,6 prosent. Svakast er Sandnes med 0,1 prosent. Eiendom Norge synest det er for tidleg å si når prisane flater ut, men ser tendensar til meir moderat utvikling.

LES OGSÅ: Nå er boligtrøkket størst utenfor Oslo

– Det er eit trendskifte. Toppen er nådd, og det seier vi fordi vi hadde veldig sterk vekst i mai og april i fjor, og vi trur dette kjem til å gå nedover no, seier administrerande direktør Christian Dreyer i Eiendom Norge.

LES OGSÅ: Bruker kostbare forbrukslån som egenkapital

På spørsmål om kvifor Eiendom Norge trur prisane vil flate ut, ramsar Dreyer opp fylgjande:

  • Det byrjar bli frykteleg dyrt å kjøpe bustad. Det avgrensar potensialet for vekst.
  • Det vert bygd fleire bustader
  • Færre flyttar til Oslo enn venta
  • Innstramingar i bustadlånforskifta

Færre sal i Oslo

Eigedomsmeklarar NRK har snakka med fortel at det er færre på vising i hovudstaden, og færre bodgjevarar. Nye lånereglar har flytta mykje av bustadtrøkket til nabokommunane.

– I Oslo går talet på sal kraftig ned, med over 13 prosent, seier Dreyer. Han trur dei nye lånereglane verkeleg vil slå ut på bustadstatistikken i løpet av månadane som kjem.

LES OGSÅ: Stadig yngre boligkjøpere fyrer opp prisene

Stavanger på veg opp

Med høg arbeidsløyse har Stavanger og Sandnes fleire gonger fått botnplassering på prisstatistikken. Men no vert det selt langt fleire bustader der enn på same tid i fjor. Og bustadane vert selt raskare enn før.

– Fjoråret var ei katastrofe salsmessig i Stavanger. No er det forsiktig prisvekst etter tre-fire år med ein ganske tøff marknad, seier Dreyer.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste meldinger